torsdag 24. mars 2011

Dag 2 som eigentleg er den fyrste



No er ikkje dette på noko måte meint å vera ein bilblogg, men alikevel vel eg å vise ein snerten bil her i dag også.Det er ein Renault Wind, ein knøttliten 2 setar som eg aldri før har sett eller høyrt om.
Denne sida på verdesveven er meint å vera ein dagleg rapport til slekt og venner som ei bekrefting på at enno ein dag er gått utan at dei gamle har lidd overlast her nede i varmen.
Det vart tidleg kveld i går. Sidan me alle hoppa over ei natt søvn ga me oss i 21 tida og fekk oss 12 timar under dyna. (i den grad eit tunt laken kan kallast dyne)
I dag har det vore strålande vær. Sol frå skyfri himmel der Oddrun og Alice har nytta dagen maksimalt med å ligge pal ved bassengkanten. 
Eg og KA har vore ein rundtur på byen der turen gjekk via eit halvtak med servering under. Der vart det eit par glas tystadrikke før turen gjekk vidare på slike vegar:
Slike promenadar som på biletet finns det mykje av her. Dei går for det meste langs stranda og er sjølvsagt heilt bilfrie. I dag gjekk me frå hovudtilkomsten til stranda og vestover i retning Maspalomas. Der går vegen mellom bebyggelsen og dei relativt store verna sanddynene  som finns her. 
Heimvegen gjekk via dei eksotiske serveringsstadane Sosialkontoret, Trollstua, Naboen og Bakkekroa. Me var ikkje innom nokon av dei, men fekk på avstand bekrefta at dei er oppegåande alle saman. Så dersom heimlengsla blir for stor eller me får lyst til å oppsøke garantert norske miljø og matvanar veit me at alternativet finns.
Klokka er no ca 16  her nede så no er ettermiddagsmaten fortært og det er klart for ein liten trimtur rundt i nabolaget før det blir tur på byen til kvelden. Kor den turen går er ikkje bestemt enno, men kanskje det blir nettopp Trollstua og vår gode venn dukseljaren Antonio.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar