onsdag 30. mars 2011

Her bur me

Dagens tur vart pr. definisjon ein fiasko. Me hadde som mål å gå ein tursti som går opp i fjella her, men den fann me ikkje starten på så me ga opp og tok ein passeleg omveg gjennom byen heimatt.
Av den grunn vil eg i dag heller vise deg rundt på anlegget der me bur. Det heiter Jardin del Sol og betyr fritt oversett Solhagen. Slik ser det ut frå gata. Det er bygd i ein firkant, tre etasjar på utsida og to etasjar inni firkanten der me bur. 
Inngangen og resepsjonen er anonymt plassert mellom to restaurantar.
Me bur altså i Solhagen inni firkanten. Her ser de kor me bur "to hus tett i tett". Til venstre ser de naboen sin residens der Oddrun sit med ryggen mot medan "sjefen" har innteke stamplassen sin inni hjørna skjerma frå verste sola. Til høgre er vårt krypinn der de ser solbadaren i kjend positur.
Her ser de frå bassengområdet med barnebassenget i forgrunnen og poolbaren og vaksenbassenget i bakgrunnen.
Eit bilete frå innsida av den vesle baren vi har ved bassenget må me også gje plass til.
Så er me forflytta oss litt nermare bustaden med uteplassen vår inklusive bebuar.
Til sist eit bilete frå innomhus. Dette er frå 1. etasje der me har opphaldsrom og kjøkken. I Andre etasje er det bad og soverom. Forholdsvis lite og ikkje så moderne som på mange nybygg kanskje, men koseleg med denne hagen me har i saman. Det er vel 100 bueiningar rundt firkanten så det bur ikkje så avskrekkande med folk her. Me bur alle slik at me ser kvarandre til stadigheit så etter eit 14 dagars opphald er me på nikk med halve bølingen. Det er også mange gjengangarar her som me ser att frå år til år.
Det var omvisinga. I kveld blir det ein roleg kveld på byen, medan i morgon kveld er det planlagt tur til Puerto Rico for å møte kjenningar heimanfrå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar