fredag 25. mars 2011

Fredag på langtur

 Eit bilete av fyret eller El Faro de Maspalomas som det heiter nøyaktig blir blikkfanget til denne meldinga heimatt. Som de se er været stadig like fint. Damene har allt fått brunfarge verdig ein augustdag medan eg har brendt meg litt i nakken. Den skal visst nok kurerast med aloeveragel etter dusjinga.
I går kveld blei det ein tur til den supernorske utestaden Trollstua. Der vart me overveldande mottekne av dukseljar Antonio. Ein duk vart innkjøpt før kvelden var omme.
I dag har eg og KA vore på "langtur". Via Google Earth frå sofakroken heime, fann eg at det går ein gangeveg av den same standard som eg skreiv om i går, frå fyren på biletet og vestover eit stykke i retning Arguineguin.
Dit skulle me i dag. Me tok bussen herifrå og ut til fyret og gjekk derifrå.

 Her er eit bilete frå vegen utover. Som de ser både på himmelfargen og gradestokken var det fint vær.
Vegen enda i tunet til eit stort nytt hotell. Vel attende til fyret tok eit ungdommeleg overmot tak i oss og vi bestemde oss for å gå landevegen heilt heimatt. Det vart ein 2.5 timars spasertur totalt.
På heimvegen vart det ein liten pause på ein ny serveringsplass. Dette biletet er teke frå denne. Dei som er godt kjende veit om bakken opp frå Maspalomas til Playa. Øverst i den bakken har det i årtider lege eit hus kloss i vegen heilt utan aktivitet. Her var det no opna ein liten bar med ein fin balkong og ei strålande utsikt.
Som de ser er ein ikkje lite føre seg når ein byggjer ut "hyttelandsbyar" her nede.
No sit me og vurderar om me skal halde oss heime i kveld. Me har ein liten Kinarestaurant i same bygge som me bur i og den freistar i alle fall meg. Tida får sjå.
No nermar det seg nærradiotid så du skal sjå det blir det som blir kveldsunderhaldninga i kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar