tirsdag 29. mars 2011

Tysdag på det jevne.

 Dagens blogg startar med eit bilete som syner temperaturen i går kveld i 21 tida, då me forlet bustaden vår for å oppsøke nattelivet. Det vart utestaden Naboen som fekk besøk av oss i går. Kvelden gjekk svært så sømeleg for seg Eit lettare måltid og tre druge drinkar kosta oss ca 125 kr kvar så det er ikkje avskrekkande å gå på byen her.
 Dette biletet er teke mot den viktigaste nedfarten til stranda, med "stamkafeen" vår bak palmene litt til venstre i biletet. Grunnen til dette biletet er at dagen i dag er nytta til strandbesøk. Etter eit leskande glas (eg tok "A cup of tea") på kafeen gjekk turen ned i sanden der eg og KA gjekk oss ein skjortelaus tur langs strandkanten ein halv times tur kvar veg. dette resulterte i noko raude og såre skuldrar for min del.
 Det er forresten berre eg i følgjet som ikkje har bygt opp tilstrekkeleg farge til å tåle sol i store dosar. Eg må tilstå at eg  for det meste har valt den lettvinte vegen med å behalde t-skjorta på.
Som de ser av biletet under vart ikkje damene med på turen. Dei la seg ned i sanden i protest og låg der og kjeda seg til me kom att og det var tid for lunch (som vart omelett for min del).
Ferie skal etter mi meining vera "gjeralausa" og total mangel på på planar som kan rokka ved hovudplanen som omhandlar latskap sett i system. Difor er det heller ikkje så lett å skrive så mykje opplysande og spanande. Der ingenting skjer er det heller ikkje noko å skrive om, men eg har nok ein dag med dette, med med mange mest innhaldslause ord fortalt dykk der heime at me har det bra. Me trivst godt og heimlengsle har me ikkje ein gang høyrt om. Stadige meldingar om nysnø i gamlelandet er til god hjelp i så måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar