søndag 27. mars 2011

Karnevalet er over

 Som eg skreiv i går var det karnevalsopptog her i går kveld. Som biletet viser var det stinnt med folk i alle gater som var komne for å sjå på. Opptoget varde i over 3 timar.
 Eit av dei faste innslaga er karnevalsprinsessene og dei er det mange av i alle aldrar. Dei sit alle på imponerande oppbygde "troner" oftast bygde på ein stor bilhengar.
Dei fleste deltakarane er enten med på ein av dei mange ombygde bussane eller lastebilane, eller dei dansar seg fram mellom køyretøyar.  Her er eksempel på representantar som framhevar vikingane sin plass i historien.
I dag fekk me vitjing frå Puerto Rico. Det var Geir Inge Høyheim og Ottar Listou som tok turen inn til Playa del Ingles. Etter ein lang hyggjeleg samtale med dei på "stamkafeen" vart dei med oss heim ein tur for å helse på badenymfene og for å sjå korleis me bur.
No er dei på veg heim til sine medan me sit og ladar opp til kveldens bravadar som me enno ikkje veit kva blir. Mest truleg blir det ein matabete, ein dessertdram og sidan rett i seng i 23 -24 tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar