mandag 27. mars 2017

Mandag med finver.

Eit gatebilete av heimvegen frå senteret opnar dagens blogg. Ingen annan grunn for det enn at det er slik gatene ser ut her og sola skin frå skyfri himmel.

I går ettermiddag fekk me uventa vitjing. Ein slektning og kjenning som me veit bur lengre ut langs stranda her hadde etter kvart utvida ettermiddagstrimmen til dei plutseleg sto nede i havna her. Etter telefonkontakt var me nede og losa dei den siste stubben opp til vårt lune reir for ein koseleg prat før dei måtte gjere vendereis medan dei hadde dagsljos.


Eg har vore på apoteket i dag. Ærendet var å få tak i hostesaft men dama bak disken snakka meg trill rundt. Eg skulle ikkje ha hostesaft. Ho visste dei hadde noko slikt i Norge, men sjå her kva du skal ha. Ho vart borte ein agneblunk og kom att med to øskjer som ho viste meg. Eg var til og antyda at ho fekk velje ho som hadde greie på slikt, men vart fort avfeia att. Eg skulle ha begge. "Sjå her, av denne skal du ta ei skei morgon middag og kveld og denne tek du 20 dropar utblanda i litt vatn, også denne 3 gonger for dagen i lag med den andre. Ja du treng ikkje ta dei i vatn om du klarar å få i deg 20 dropar på anna vis, men høyr på meg det er enklast med litt vatn. Og så drikk du mykje vatn heile dagen så er du snart frisk. God betring, 20 euro takk." Oversett etter hugset av meg.

På heimveg passerte eg 3-4 svenske damer som hadde stillt seg opp langs gangvegen. Eg sakka på litt, nyfiken som eg er, og såg overskrifta. Gode nyheiter frå Bibelen stod det. Bibelen er heilag for mange og evige sanningar er det også svært mange som menar den inneheld så eg skal vere forsiktig med kjeften, eller tastaturet no. Alikevel, nokon nyhende står det vel knapt der. Den dramatiske reportasjen frå Getsemane og Golgata vart vel publisert for snart 2000 år sidan.

 I mangel av hund eller katt har eg hyra inn ei due til å rydde golvet for smular. Ho kjem eit par gonger for dagen og gjer ein grundig jobb før ho ruslar ut i sola att.

Som de ser av bilet og temaval er det ikkje så mykje som skjer her. Eg er stadig ikkje i form til dei store utfluktene, men me kosar oss i sola og nyt dei late, gjeralause dagane.

Med to flasker vidundermedisin og ein stor pose marshmallows på bordet skal du sjå eg snart er heile kar att. Takk for i dag og:
Stay Tuned






.

1 kommentar:

  1. No må du passe deg, du veit korleis det gjekk med Johauga med ukjend medisin ��

    SvarSlett