fredag 24. mars 2017

Dag to og eit trist attendeblikk.

Dette biletet er teke den 23. mars 2003. Det er altså 14 år sidan at me to nabofamiliane i nedre Bringebakkane drog på vår fyrste sydentur i lag. I 1952 kom eg til verda og flytte straks inn i det nybygde stovehuset 50 meter frå den 2 år gamle naboen min. Sidan har me vore naboar. Me har vore born i lag, ungdommar i lag, vaksne i lag og skulle til  for alvor å bli gamle i lag. 

No er naboen borte for alltid. 

 Men livet skal gå vidare for oss andre. 13 årlege turar fekk me i lag. Me levde som ein familie. Til saman eit halvt år fekk me her nede. Eit halvt år der me inntok alle kveldsmåltida i lag, der eg og naboen gjekk vår føremiddagstur kvar dag og damene sola seg og gjorde "dameting" i lag.  I fjor bestillte me billett i lag som vanleg, men helsa tilsa at han ikkje kunne vere med og måtte avlyse. Vårt 14 opphald på Jardin del Sol utan dei vande reisekameratane i naboleiligheiten gjekk greit. Sant og sei tenkte eg vel mest synd på meg sjølv som måtte rusle rundt åleine om dagane.

I år har me har valt anna reisemål. 

Eit år før har eg skrytt på meg trimmeambisjonar. Det er så passeleg etterlevd i gamlelandet. I går ettermiddag derimot, gjekk turen opp trappene frå like ved hotellet vårt og til toppen av skrenten bak oss. Nokre hundre meter i motbakken frå hotellet og 356 trappetrinn og eg var på toppen og kunne stå og nyte utsikta i lag med ei due utan høgdeskrekk.

 I dag har me vore på Norskeplassen. Totalt 12 km spasertur og, i fylje Google, 308 meter over havet på det høgaste gjer noko med føtene til ein gamal utrent kropp. Men det skal visst vere sunt på lang sikt. Turen gjekk i mitt tempo heile turen og på oppvegen har eg ikkje tal på kor mange som tok oss att. Så steig sjølvkjensla i meg. Eg var i ferd med å ta att ein familie på fire. Gleda var stor i det eg forserte forbi dei, men plutseleg så var det som om all prestisje var som blesen bort. Dei var DANSKAR.
Det har vel aldri vore rekna som ei bragd å gå frå danskar i dårleg form på fjelltur.

 På veg nedatt tok me eit bilete av hotellet me bur på. Revoli heiter det og det er det store bygget midt i biletet.

 Eit oversiktbilete som viser kvar i landskapet me bur endar denne dagens helsing frå syden.

Statistikken seier at det er mange som har vore innom den fyrste utsendinga og det inspirerar.

Stay tuned.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar