torsdag 23. mars 2017

Den fyrste helsinga heim.

Så er sydenturen 2017 i gang. I går gjekk det meste av dagen med til reise. Me tok av frå Bergen Lufthavn, Flesland kl 10.35 og landa i syden vel 5 timar seinare.
Eg er deltidspensjonist og kona godt over 60 så me bevilgar oss etter kvart meir komfort. Det vil seie at turen frå Luster starta tysdag kl 14 og det vart hotellopphald på Flesland med avslappa frokoststund onsdag morgon før innsjekking og ombordstiging.

 Veret var ikkje strålande i går kveld, men i dag vakna me til blå himmel og kl 07.45 var det like før sola stakk fram over åskammen i aust. Den tidlege oppvakninga i dag skuldar me på "jetleg" etter den lange reisa. Me har jo stillt klokka heile ein time fram så Ole Lukkauge kom tidleg i går kveld.

Me er ikkje heilt nøgd med plasseringa på rommet vårt. Me har kryssa vekk "mangler fritt utsyn" på bestillinga og betalt ekstra for det. Etasjen under oss er rimelegare fordi dei ser ingenting anna enn ein mur, men me ser ikkje mykje betre me heller. Det ser for meg ut for at me har fått den 3. dårlegaste utsikta i forhold til pris av 181 mogelege. Eg prøvde meg med denne "Tui appen" på telefonen å klage mi naud, men svaret derifrå var at det var dette eg hadde betalt for, amen. 

 Det fyrste eg fekk auge på då eg i dag var kommen slik til at eg såg havet var ein oljeplattform i horisonten. Det er nok ikkje oljeboring denne held på med men det er i ferd med å gro opp oljeindustri på land her. Blandt anna ein av LMI sine samarbeidspartnarar er i ferd med å etablera seg her. Du skal sjå det vert rift om reiseoppdraga om turen går til Gran Canaria i staden for Radøy i framtida.
Dette motivet fanga eg opp på min vesle bli kjendt rundtur i dag. Me bur i Puerto Rico i år, for fyrste gong, så det gjer seg med ein liten runde for å bli litt kjend med dei viktigaste gatene rundt forbi.

 Starten på gangvegen til Amadores-stranda måtte eg sjølvsagt bli trygg på å finne kortaste veg til og det gjekk fint. Som de ser er den flittig i bruk.

 Litt øving med panoramafunksjonen på kameraet mitt gjev dykk her eit bilete med ein versjon av Puerto Rico som er nerast flat. Kanskje eg kan selje det til reiselivsnæringa. Det kan kanskje nyttast til å lure gamle folk med skrøpelege hofter ned hit til trappelandet.

Det må også nemnast at me har høyrt frå vener på Playa del Ingles og gledar oss til den dagen turen går dit.

Det var alt for i dag og eg seier med Geir på Radio Luster; Stay tuned.

1 kommentar: