Dette er gjengen eg er på tur med i år. Etter ein roleg kveld med middag på hotellet var vi i dag alle klar for ein dag på byen . Turen gjekk til same stad som i går. Der er det ordna slik at serveringstadane langs strandpromenaden disponerar også stranda rett over vegen. Der kan vi tinge både drikkevarer og visst nok også smårettar, levert under parasollen nede ved stranda.

Det er ein gjeng indresogningar som samlast her nede til denne tid på året. Herreavdelinga har som fast rituale å samlast rundt dette bordet til halvtolvpils. Her er dei samla der eg også, sjølv om eg er fyrstereis, fekk delta.
Deretter gjekk turen gatelangs. Den fyrste observasjonen eg gjorde var at det var berre "pinglene" blandt mennene og litt fleire damer som nytta hjelm på motoriserte tohjulingar. Mitt subjektive overslag er at ca 50% av førarane av moped eller motorsykkel nyttar hjelm og ca 10% av passasjerane gjer det same.
På min tur gjennom deler av byen litt utafor allfarveg for turistar kom eg over denne velassorterte frukt og grønt butikken.
Målet mitt for turen var å komme meg ut i naturen, altså kunne trø på anna enn asfalt og betong. Det neraste eg kom var denne hønsegarden.
Fint å sjao at du bløytte deg litt pao føtn 😂 pr
SvarSlett