Som eg skreiv i går var det karnevalsopptog her i går kveld. Som biletet viser var det stinnt med folk i alle gater som var komne for å sjå på. Opptoget varde i over 3 timar.
Eit av dei faste innslaga er karnevalsprinsessene og dei er det mange av i alle aldrar. Dei sit alle på imponerande oppbygde "troner" oftast bygde på ein stor bilhengar.
Dei fleste deltakarane er enten med på ein av dei mange ombygde bussane eller lastebilane, eller dei dansar seg fram mellom køyretøyar. Her er eksempel på representantar som framhevar vikingane sin plass i historien.
I dag fekk me vitjing frå Puerto Rico. Det var Geir Inge Høyheim og Ottar Listou som tok turen inn til Playa del Ingles. Etter ein lang hyggjeleg samtale med dei på "stamkafeen" vart dei med oss heim ein tur for å helse på badenymfene og for å sjå korleis me bur.
No er dei på veg heim til sine medan me sit og ladar opp til kveldens bravadar som me enno ikkje veit kva blir. Mest truleg blir det ein matabete, ein dessertdram og sidan rett i seng i 23 -24 tida.
søndag 27. mars 2011
lørdag 26. mars 2011
Snart karnevalopptog
Dagens blogg blir nermast ein biletblogg, men fyrst litt om trapper. Det seiest at Puerto Rico er full av trapper, men ei lang trapp har me her på Playa ogso og den er verkeleg lang. Denne trappa er det Alice poserar i her, på veg opp til startstaden for kveldens karnevalopptog.
Ei mengd bilar er omgjort til karnevalvogner. Det er semihengarar som er ombygde for formålet og som blir dregne av lokale lastebilar og fleire gamle bussar som er permanent ombygde for formålet.
Dragartistar er i stort fleirtal i desse opptoga. Her står to av dei, halvferdige med påkledninga, og vinkar til fotografen.
Her ser de ein annan "veninnegjeng" som står og ventar på at klokka skal bli 17.00 og opptoget kan starta.
Vi får også ta med ei ekte veninnegruppe som sit og ventar på at toget skal starte. Også mange av publikum er utkledde. Desse er mest truleg slike som er her for å sjå på.
Snart kjem toget forbi her i gata der me bur. Då skal me ut og sjå. Det er eit yrande liv når det kjem. På tusenvis publikum kransar allt no gaten langs ruta dei tek. Aller gater som blir berørte er forlengst stengde for biltrafikk og politi patruljerar overallt for å sikre framkommelegheit for opptoget som er kilometervis langt.

fredag 25. mars 2011
Fredag på langtur
Eit bilete av fyret eller El Faro de Maspalomas som det heiter nøyaktig blir blikkfanget til denne meldinga heimatt. Som de se er været stadig like fint. Damene har allt fått brunfarge verdig ein augustdag medan eg har brendt meg litt i nakken. Den skal visst nok kurerast med aloeveragel etter dusjinga.
I går kveld blei det ein tur til den supernorske utestaden Trollstua. Der vart me overveldande mottekne av dukseljar Antonio. Ein duk vart innkjøpt før kvelden var omme.
I dag har eg og KA vore på "langtur". Via Google Earth frå sofakroken heime, fann eg at det går ein gangeveg av den same standard som eg skreiv om i går, frå fyren på biletet og vestover eit stykke i retning Arguineguin.
Dit skulle me i dag. Me tok bussen herifrå og ut til fyret og gjekk derifrå.
Her er eit bilete frå vegen utover. Som de ser både på himmelfargen og gradestokken var det fint vær.
Vegen enda i tunet til eit stort nytt hotell. Vel attende til fyret tok eit ungdommeleg overmot tak i oss og vi bestemde oss for å gå landevegen heilt heimatt. Det vart ein 2.5 timars spasertur totalt.
På heimvegen vart det ein liten pause på ein ny serveringsplass. Dette biletet er teke frå denne. Dei som er godt kjende veit om bakken opp frå Maspalomas til Playa. Øverst i den bakken har det i årtider lege eit hus kloss i vegen heilt utan aktivitet. Her var det no opna ein liten bar med ein fin balkong og ei strålande utsikt.
Som de ser er ein ikkje lite føre seg når ein byggjer ut "hyttelandsbyar" her nede.
No sit me og vurderar om me skal halde oss heime i kveld. Me har ein liten Kinarestaurant i same bygge som me bur i og den freistar i alle fall meg. Tida får sjå.
No nermar det seg nærradiotid så du skal sjå det blir det som blir kveldsunderhaldninga i kveld.

torsdag 24. mars 2011
Dag 2 som eigentleg er den fyrste
No er ikkje dette på noko måte meint å vera ein bilblogg, men alikevel vel eg å vise ein snerten bil her i dag også.Det er ein Renault Wind, ein knøttliten 2 setar som eg aldri før har sett eller høyrt om.
Denne sida på verdesveven er meint å vera ein dagleg rapport til slekt og venner som ei bekrefting på at enno ein dag er gått utan at dei gamle har lidd overlast her nede i varmen.
Det vart tidleg kveld i går. Sidan me alle hoppa over ei natt søvn ga me oss i 21 tida og fekk oss 12 timar under dyna. (i den grad eit tunt laken kan kallast dyne)
I dag har det vore strålande vær. Sol frå skyfri himmel der Oddrun og Alice har nytta dagen maksimalt med å ligge pal ved bassengkanten.
Eg og KA har vore ein rundtur på byen der turen gjekk via eit halvtak med servering under. Der vart det eit par glas tystadrikke før turen gjekk vidare på slike vegar:
Slike promenadar som på biletet finns det mykje av her. Dei går for det meste langs stranda og er sjølvsagt heilt bilfrie. I dag gjekk me frå hovudtilkomsten til stranda og vestover i retning Maspalomas. Der går vegen mellom bebyggelsen og dei relativt store verna sanddynene som finns her.
Heimvegen gjekk via dei eksotiske serveringsstadane Sosialkontoret, Trollstua, Naboen og Bakkekroa. Me var ikkje innom nokon av dei, men fekk på avstand bekrefta at dei er oppegåande alle saman. Så dersom heimlengsla blir for stor eller me får lyst til å oppsøke garantert norske miljø og matvanar veit me at alternativet finns.
Klokka er no ca 16 her nede så no er ettermiddagsmaten fortært og det er klart for ein liten trimtur rundt i nabolaget før det blir tur på byen til kvelden. Kor den turen går er ikkje bestemt enno, men kanskje det blir nettopp Trollstua og vår gode venn dukseljaren Antonio.
onsdag 23. mars 2011
Den aller første bloggen frå sydenferien 11
Med eit bilete knipsa i ein fart frå "stambordet" vårt nede ved stranda viser at vi er komne vel fram til Playa del Ingles. Reisa gjekk fint. Me var litt tideleg ute med avreise frå Luster tysdag kveld sidan det hadde vore så mange vegstengingar og dårlege vegar dei siste døgna. Men vår tur gjekk knirkefritt. Me var framme på Flesland rett etter 4 på natta medan innsjekkinga starta i 5 tida. Sidan gjekk det slag i slag til me sat her i leiligheiten vår i Avenida de Gran Canaria, ca 1 time etter landing kl 11.15 lokal tid.
Me var svært så heldig med flyet frå Norvegian då det var eit vanleg rutefly som var innleigd med all verdas beinplass.
Nokon sov ein del på den vel 5 timars flyreisa, nokon sov lite og nokon blunda ikkje så no snart 40 timar sidan me sist var i seng er me bra slappe.
Men ein tur på stranda måtte eg og KA sjølvsagt ta.
Her er ei oppgåve til dei aller mest bilkyndige.
På veg oppat fekk eg auge på ein bil som det er lagt lite arbeide i å marknadsføre i Norge. Bilen ber det rett så velklingande navnet Dacia Duster dCi. Kva i all verda er no dette for ein bil?
No dreg me snart utom dørane her for ein rask middag, så er det sikkert rett i seng.
Meir kjem i morgon.

Abonner på:
Innlegg (Atom)