fredag 9. mars 2012

Walking in the sunshine.


Ja, det er det me får dagane til å gå med her nede under ekvator. Rusle rundt i sola, synge på ein solskinnsong.

Her ser de utsikt frå inngangen vår med Alice i yndlingsposituren sin.
Eg har vore ein tur rundt i området der lokalbefolkninga bur. San Fernando heiter det der.
Der kom eg forbi eit reisebyrå som dreiv med cruise.
Denne plakaten lokkar med  ein alternativ veg heim som de ser, men kva dei meinar med teksten i bobla under veit eg ikkje. Cruceros sin mareos vert oversettt til cruise utan svimmelheit med min gogleoversetjar.
Dette fann eg inne blandt dei fastbuande sine buplassar så eit bilete frå slik dei bur er vel kanskje også på sin plass:
No er eg som de sikkert forstår heimkommen og har sessa meg på "kontoret"

Datamaskin, mobiltelefon, VG frå i går, kryssord og Nueva! Pepsi Max med extra cafeina, kva meir treng ein. Jo, døra på vidt gap og utsikt til palmer og strålande vær.

Takk for i dag og lukke til til dei 12 som skal til Førde i morgon, blandt anna  for å tala Luster og Sogn si sak på årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti .


torsdag 8. mars 2012

Så er ferien i gang

Etter ei god natt søvn er ferien i gang på ordentleg. I dag har eg og KA teke turen til "stampuben" vår. Eit par nye servitørar og rullegardiner til sjerming mot sand og vind var allt som var nytt der.
Damene har holdt seg heime for solbading på terrasseen. Naboen har litt liten garderobe å velje mellom sidan dei  enno ikkje har meir klede enn dei hadde på seg under flyturen i går. Som eg skreiv i går, er dei forespegla å få kofferten sin i dag, men flyet landa for ein times tid sidan så den er ikkje kommen her enno.
På buplassen vår, Jardin del Sol, som kan omsettast til solhagen er den vesle brustadbua i resepsjonen nedlagd, så no må me ut på gata for å kjøpe ferske rundstykker om morgonane. Lokalet er overteke av massasje, fotterapi og healing. Kanskje ein ide for Eva også å utvida verksemda på Lustrabui til å innbefatta "helbredelse ved bønn".
Ellers kan nemnast at buplassen vår ikkje har heilt ideell plassering i høve sol og skugge så Alice har teke affære og forhandla seg fram til sannsyneleg flytting til smørauge-leiligheit på laurdag.

Været er upåklageleg. Blå himmel og nokre og 20 grader. Litt vind, men ikkje ubehageleg.

Eit bilete til slutt:

Flyturen vår i går gjekk etter ei anna rute enn det me har følgd før om åra. Over Frankrike og Spania før me sneia innom Marokko og for til havs ved ei oljehavn på vestkysten av Afrika. Det er den havna de ser på biletet her. Eg har enno ikkje funne havna på Google Earth så navnet veit eg ikkje. Dette skuldast eit sers tregt og udugande internett. Fins det fleire me interresse for detaljar, så hjelp meg gjerne med navn.

Takk for i dag.

onsdag 7. mars 2012

Vårferien 12. er i gang

Fyrste døgnet av ferien er over. Me starta langt på natt tysdag frå Luster og ankom Flesland onsdag morgon i god tid før innsjekking. Innsjekkinga til Norwegian er foresten ny for oss. No gjer me alle det sjølve og leverar bagasje på ei veklt der det står ein person og sjekkar at allt er i orden og at me held oss under maks bagasjevekt.
Det er vel noko i tida dette at allt er sjølvbtjening, men dette likte eg godt. Ikkje noko er vel verre med ei flyreise enn den endelause køen framfor bagasjeinnleveringa. No var denne køen vekke.
Flyturen gjekk fint. Vi var i allt 8 lustringar på flyet så ilag med alle som er her frå før og dei som kjem til helga blir det ikkje stusseleg for dei som vil oppsøke kjendtsfolk.
KA var uheldig og fekk ikkje bagasjen sin. Den stod att i Bergen og han er lovd å få kofferten sin i morgon ettermiddag.
Etter ein dag med berre reising og eting er det no tid for god natt. Nokon av oss har ikkje hatt blund på auga på eit og eit halvt døger.
God natt.

søndag 24. juli 2011

Kva no?


Før eller seinare må me spørja oss spørsmålet: "kva no" etter katastrofen landet vårt er i ferd med å gjennomleve. Eit av spørsmåla er om det kan komma noko godt utav dette.

Om det kanskje ikkje lenger blir like stovereint å ha samme meiningar som attentatmannen frå fredag.

Om det kan vere fleire person i vårt land som kan finne på å utføre slike utenkjelege handlingar.

Fram til i dag har eg vore optimistisk. Eg har grubla på om kanskje arven etter alle desse omkomne kan bli ein meir gjennomtenkt debatt i ymse media, der det ikkje lenger er like lett å slenge ut menneskjefiendtlege utsagn om folk og folkegrupper.

I dag fekk Knut Røneid meg ned på jorda att. Etter tips frå hans nettaktivitet kom eg til dette innlegget frå ein "god kristen" mann i 70 åra:

Olav Grindalen med tilknyting til Visjon Norge
Dett har han skrive som sin analyse:


Statsministeren sa i går til den norske folk at det som har hendt var noe angikk hele Norge.
Det er feil.
Det som har skjedd har rammet arbeiderpartiet og den rødgrønne regjering og deres støttespillere.
Gud har holdt sin vernende hånd over Norge. Men denne regjering har ikke brydd seg om å styre etter hans lover.
Regjeringen har pålagt det norske folk den ene ugudelige lov etter den andre.
Den har forsøkt å kneble Guds folk på alle måter.
“ Fredrelandssangen sier. Vil Gud ikkje verna by og land kan vaktmannen oss ikkje tryggja”
Det har denne regjering til fulle fått oppleve. Den sier vi må ha mere åpenhet. Men regjeringens politikk har vært mere tvang og sosialisme.
Gud kan ikke og vil ikke velsigne en regjering som går i mot hans lover. Da trekker han seg tilbake og slepper ondskapen løs slik som vi har nå erfart.
Når arbeiderpartiet lærer opp ungdommen til å hate Israel som er Guds øyen da må Gud
Gripe in.
Dette rokker ved manges bilde av Gud. Gud er kjærlighet Gud er Hellig og Gud er rettferdig
Gud er en rettferdig Gud. Har har hørt sitt folk rop om hjelp nå griper han inn mot land som støtter terorisme.



Ein dag kan eit slikt religiøst monster bestemma seg for å hjelpa sin gud.








mandag 6. juni 2011

Flisfyringa det ikkje blei noko av.

Ser i avisa i dag at to av initiativtakarane bak flisfyringsanlegg i Gaupne prøver å analysere seg fram til kvifor det vart nei til prosjektet deira i Luster Kommunestyre. Det at høgrerepresentantane har vore skeptisk til dette prosjektet frå fyrste dag og aldrig har vist unik interesse for å prøve ut nettopp denne måten å skaffa miljøvenleg energi på har dei rett i. Men når det no skulle avgjerast var det enkelt for dei fleste å gå mot dette. Ansvaret for det må nok etablerarane sjølve ta. Det er lokalbefolkninga i Gaupne sentrum som skal leve med dette anlegget og med dei meldingane om utslepp av røyk og lukt frå anlegget deira i Jostedalen var dette ei tapt sak. Det var mest eine og aleine erfaringane frå dette anlegget som medførde den massive motstanden i lokalmiljøet i Gaupne. Personleg er eg  prinsippiellt tilhengar av slike anlegg. Ein ser mange slike anlegg fyrde med trevirke av god nok kvalitet som gjerne kunne stå midt i bygdesentrum. Ein treng ikkje dra utanom kommunen for å finna det. Fjordglas har hatt all oppvarming frå eit slikt anlegg i 35 år utan problem. Men når ein gjennom visningsanlegget som er oppsett i Jostedalen, marknadsfører prosjektet slik at heile Gaupne går samla mot, blir det ei lett sak for politikarane å skrinlegge dette prosjektet.
Ein må sei dei var modige dei 12 representantane som torde å røyste for dette anlegget på trass av kva initiativtakarane har vist fram for lokalsamfunnet som skal leve med det.