torsdag 8. mars 2012

Så er ferien i gang

Etter ei god natt søvn er ferien i gang på ordentleg. I dag har eg og KA teke turen til "stampuben" vår. Eit par nye servitørar og rullegardiner til sjerming mot sand og vind var allt som var nytt der.
Damene har holdt seg heime for solbading på terrasseen. Naboen har litt liten garderobe å velje mellom sidan dei  enno ikkje har meir klede enn dei hadde på seg under flyturen i går. Som eg skreiv i går, er dei forespegla å få kofferten sin i dag, men flyet landa for ein times tid sidan så den er ikkje kommen her enno.
På buplassen vår, Jardin del Sol, som kan omsettast til solhagen er den vesle brustadbua i resepsjonen nedlagd, så no må me ut på gata for å kjøpe ferske rundstykker om morgonane. Lokalet er overteke av massasje, fotterapi og healing. Kanskje ein ide for Eva også å utvida verksemda på Lustrabui til å innbefatta "helbredelse ved bønn".
Ellers kan nemnast at buplassen vår ikkje har heilt ideell plassering i høve sol og skugge så Alice har teke affære og forhandla seg fram til sannsyneleg flytting til smørauge-leiligheit på laurdag.

Været er upåklageleg. Blå himmel og nokre og 20 grader. Litt vind, men ikkje ubehageleg.

Eit bilete til slutt:

Flyturen vår i går gjekk etter ei anna rute enn det me har følgd før om åra. Over Frankrike og Spania før me sneia innom Marokko og for til havs ved ei oljehavn på vestkysten av Afrika. Det er den havna de ser på biletet her. Eg har enno ikkje funne havna på Google Earth så navnet veit eg ikkje. Dette skuldast eit sers tregt og udugande internett. Fins det fleire me interresse for detaljar, så hjelp meg gjerne med navn.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar