torsdag 3. mars 2016

Torsdag, kviledag.


I går kveld fekk me vitjing av kjendtfolk frå Maspalomas. Etter ein liten forfriskning heime hjå oss gjekk turen til den svenske restauranten Skansen på Yumbo-senteret.  Ein trivelg kveld vart avslutta i folkeleg tid.

I dag har det vore kviledag her nede i syden. Ikkje fordi det har vore seine kveldar, men fordi eg har gått lange turar. Eg kjende det på meg at det var på tide med ein restitusjonsdag. Om du no seier med deg sjølv at no nyttar han framandord han ikkje har greie på, så kan du ikkje ta meire feil. Eg googlar føljande: "Trening handler om å bryte ned for å bygge opp. For at du skal få utbytte av treningen, må kroppen få tid til å hente seg inn – restituere".
Mine føter har fått hente seg inn i dag, blandt anna gjennom sakte spasering med NRK Språkteigen på øyra. 


Eg tok vegen forbi dette hotellet, Bohemia Suites & Spa. I fjor på dette belet stod bygget som eit tomt skal. Allt innvendig var rive ut og er no innreia på nytt.


Eg reknar med at det er restaurant  i utspringet i øverste etasje. Det blir det fint å sitte med eit lite glas Sherry og sjå utover det endelause havet.  Heilt sikkert eit av dei aller trivelegaste og finaste hotella på Playa del Ingles for tida. Grunnen til turen var delvis som ein service heim til dei som eventuellt sit heime og ventar på datoen dei skal flytte inn på dette hotellet.


For eit par månader sidan fekk me tilbod om å velje annan buplass her nede. Grunnen var byggearbeide på nabohotellet. Me takka nei til tilbodet og angrar ikkje på det. Eg tykkjer det er fint med litt aktivitet å sjå på om dagane. Her er utsikt til byggeplassen frå  gata, alternativet er baderomsvindauga.


Mykje av tida i dag har eg nytta i skuggen innerst inne i kroken med ett kryssord og ein urliten ølboks. Eg har alltid meint at det er ikkje ordentleg fint ver før det er fint i skuggen.


Det er ikkje alle i vår familie som er enig med meg i det.

Takk for i dag.

onsdag 2. mars 2016

Tur til San Augustin.


Eg startar dagens blogg med eit bilete frå "hereinkvelden". Me var innom den norske puben Naboen så raskast og der var det dansebandkjendis på podiet. Det måtte sjølvsagt forevigast og her er resultatet.


I dag har me brukt det meste av dagen på ein spasertur til San Augustin. Her er det kjende motivet, stranda på Playa del Ingles der promenaden startar..


Derifrå og heilt til San Augustin går det gangveg langs stranda. På ein dag som denne då sola ikkje heilt ville trenga gjennom disen var det folksomt på promenaden.


På vår veg traff Alice på kjentfolk. Skal lure på om det var ein årdøl. Eg kjende han i alle fall ikkje. 


Me hadde med vår forholdsvis nyinnkjøpte selfistong, eller navlestong som forfattaren Ragnar Hovland namngav ho. Denne tenlege reiskapen som gjer at me kan fotografere oss sjølve heilt utan fotografhjelp. Dette bilete er teke like før endestasjonen som var det mørke, ruskete hotellet til høgre på bilete under.




Der vart det ein pust i bakken og ein liten øl for tørsten på endestasjonen før me gjorde vendereis. Som de ser, navlestonga måtte fram her også.


Grunnen til at desse to damene får vere med i dagens reportasje er at dei kjem på heimesidene til Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Som den ivrige nærradiolydar vil hugse var dei i studio og marknadsførde helselagsarbeide vedkommande demens for ei tid sidan. Denne praten og bilete av dei aktive damene vert altså utlagt på Nasjonalforeiningen sine heimesider.

No ventar me snart besøk. Då trur eg me etter kvart dreg til danserestauranten Skansen på Yumbo-senteret for middag og underhaldning.

Korleis det går får de kanskje veta i morgon.

Takk for i dag.

tirsdag 1. mars 2016

Fyrste vårdagen

Så er me kommen til fyrste vårdagen. Her er ikkje veret strålande i dag, så eg tok ein tur innom webkameraet til energiverket i Gaupne for å komme i godt humør. Temperaturen då eg gjekk ut på føremiddagen var 21 grader, men vinden gjer det litt kjølig og sola har knapt vore framme..

Kvelden i går vart nytta til triveleg selskap med kjenningar frå Luster og Hønefoss. Me starta på Nye Trollstua med middag og noko attåt. Her var det dansemusikk så dei danseglade fekk også prøve seg på det.
Etter oppbruddet derifrå gjekk turen til Naboen der det vart ein pust i bakken med (enda) ein veterano i glaset.

Ei klokke vart det også, kjøpt, hos oppsøkand klokkeseljar.


Denne dagen har eg nytta til ein spasertur mot Fatagadalen. På veg dit kom eg forbi ein Shell-stasjon. Dieselprisen ligg på kr. 7.38. Det er enkelt å rekne valuta i år då ein  euro kostar omtrent nøyaktig ein  tiar.


Ein miniversjon av bondens marknad var det også å sjå på min veg. Ein kar som hadde teke med seg det av avlinga si han fekk inn i bilen sin og køyrt til byen for å selje. Dårleg med kundar her, men då eg kom nedatt var det nerast kø og mest heile utvalet var vekke.


Målet med turen var dette, cementerio som betyr kyrkjegard. Eg har for vane å oppsøke kyrkjegarden der eg fer om det let seg gjere. Her vart det ikkje før den 14. turen hit. Det skuldast at det var fyrst for ein månads tid sidan eg fann ut at denne betongmuren eit godt stykkje opp i fjellet var byens kyrkjegard.


Og slik gjer dei det her. Frå blokk er du kommen, i blokk skal du bli. Desse 4 etasjars betongbura er endestasjonen her.


Etter at gravkammeret er attstøypt vert dei fleste gravplassane tildekka med ei plate, som oftast dekorert og med innskrift mykje lik vår gravstein.

Men ikkje alle nøyer seg med namn, datoar og kvil i fred. Her er det mogeleg å lage verkeleg personlege minnesmerker også.


Nokon få nordmenn har også enda sine dagar på denne kyrkjegarden.


Og det er rikeleg med plass for framtida. Det er vel truleg tilfeldig men likevel eit paradoks at ein slik betongkyrkjegard skal heite cementerio.

Om du tykte dette vart ein noko trist reportasje i dag så hugs at det er dei attlevande sine tankar og idear som visest på kyrkjegarden. Stikk innom ein kyrkjegard du også.

No skal me kvila i fred til i morgon. Då får me hafslobygdingar heim til oss. Det gledar me oss til.

Takk for i dag.

mandag 29. februar 2016

Bonusdagen.

 Denne bonusdagen, den 29. februar, kom litt raskt på meg. Eg trudd neste blogg skulle komme den 1. mars som vanleg men så var det plutseleg ein dag i mellom. Ein dag der tida står stille på ein måte. Det er like lenge til eg er 64 i dag som det var i går, i alle fall var det slik i fjor.

Tullprat til sides. Her er me altså no. På Kanariøyane, nerare bestemt Gran Canaria. Namnet Islas Canarias betyr truleg øya med hundane og var opphaveleg berre brukt om Gran Canaria.


Mest tilreisande kjem det til Tenerife. I 2015 kom det 4,2 mill. til Tenerife, 3,2 til Gran Canaria, 2.2 til Lanzarote, 2,0 til Fuerteventure og 126 000 til La Palma.
Det er Gran Canaria som er nordmenn sitt paradis. Her kom sist år ca 320 00 nordmenn. Berre Storbritania og Tyskland var føre oss. Tyskland med 16 gonger så mange innbyggarar hadde 3 gonger så mange gjester her. Storbritania med 13 gonger så stort folketal hadde dobbelt så mange gjester her.
På dei andre øyane var me på 12. 12. og 14. plass. På La Palma var det ikkje registrert norske overnattande. Allt dette i følje den ikkje nett gode, men i nauda god nok, gratisavisa Natt og dag.





Det er ingen ting å sei på vinmålet her. Ølglaset mitt er ein halvliter og vinglaset kjem ikkje langt etter.
Bilete er teke på restauranten Padaban eller Kasbah Grill som den også heter. Dette har vore ein stad me har trevest godt i mange år. Då me kom ned i fjor var den nedlagt, men i år er den oppattstått, rett nok med ny "boss" og ny betjening. Det fungerte for så vidt i år også, men det er ikkje som gamle Padaban var me enige om.


Etter middagen gjekk turen til ein serveringstad med godt utsyn til Kasbah sin  seniordans. Som de ser er me ved godt mot. Bileta er ikkje nett av beste kvalitet, men berre vent. Det ligg ny telefon og ventar på meg på Svabui når eg kjem heim.


 På bilete over kan de sjå at glaset er tomt, men som de ser under, dei kan laga Irish Coffe her nede også. Ingen kjem sjølvsagt opp mot det eg får servert i heimbygda mi, men dette er ein god erstatning.


I kveld trur eg turen går til Trollstova. Der er det visst mogelegheit å få sjå og helse på lustringar. det er på tide no. Me har ikkje  møtt kjentfolk sidan laurdag.


Til slutt, kva bil er dette. Når me kjem heim er det berre ei god veke til påske. Onsdag i påskeveka vert det påskekviss på Lustrabui og då er eit par tre av spørsmåla bilspørsmål frå syden. Her er eit de kan ha å øva på. Tipp kva modellnummer og ev bokstav denne har. Eg la spørsmålet ut på faceboka også men det er ikkje komme svar enno. 

Takk for i dag. 

søndag 28. februar 2016

Feriebloggen 2016 del 1

 Er det ferie så er det ferie. I det flyet hadde letta, klokka var vel omkring 12.30, starta det søte liv. Flyturen gjekk fint, med unntak for noko vaskebrett halvveges.

I morgon skipar Luster Flyklubb til årsmøte. Eg skulle gjerne vore der, men eg har allt hatt mi flyoppleving som overgår det. Me landa ei god stund føre ruta i går. Av den grunn var ikkje flytrapp eller flyplassbuss klar då me kom. Frå min faste plass 1a, vart eg ståande fyrst i køen der me stod og venta. Då skjedde det eit lite under. Rett framfor augene mine, på mindre enn 2 meters avstand vart døra til cocpiten opna på vid vegg og slik vart ho ståande.
Eg skjønar at ikkje alle forstår ei slik fasinasjon for ei opa dør fram til ein skog av knappar og instrument, ja einkelte ville kanskje vore dette utsynet forutan, men dette gjorde dagen minneverdig for meg.

 Vegen frå flyplassen til "hytta" vart kronglete i år. Det var paradedagen for det årlege karnevalet i Maspalomas. Opptoget startar rett bak der me bur så me måtte ta føtene fatt og snirkle oss fram gjennom dei ventande hordane den siste kilometeren. Heile sentrum var av forståelege grunnar avstengd for all biltrafikk. Bileta over og under her er frå gata utanfor inngangsdøra vår.



 Etter den søte kløe kjem den sure svie. Etter ei slik natt er heile sentrum ein "svinesti". Her er det flasker, plastposar, attgløymde kostymegjenstandar og ikkje lite umelta mageinnhald i kvar ei gate og kvar ein krok. Men no når dette vert skrive er det nerast reint og ryddig overallt att.
Ei regnbye hadde rett nok gjort seg. Det heng att ei pisselukt som ikkje kost og feiebil kan få has på.

 På min tur rundt i byen på føremiddagen oppdaga eg at min og min vanlege reisekamerat sin faste kvileplass nede ved stranda som me har vore tru mot heilt sidan 2003 no er nedlagd. Naboen har overteke arealet. Det vart ikkje til at eg sette meg ned ved det faste vindauge vårt i dag.


Er det ferie så er det ferie. Med heim i handlenettet i dag blei det ein 12 pakning med San Miguel. Som de ser betalte eg for 10, dei to siste fekk eg attepå.

 Eir par foto frå "heimen" vår til slutt i dag. Me bur på kveldsolsida så på føremiddagen må solbadaren aka seg heilt ut på trappekanten for å få tak i sola.


Til slutt i dag, her er eit bilete av solhagen eller Jardin del Sol som det heiter på spansk.

Det var allt for i dag.