tirsdag 1. mars 2016

Fyrste vårdagen

Så er me kommen til fyrste vårdagen. Her er ikkje veret strålande i dag, så eg tok ein tur innom webkameraet til energiverket i Gaupne for å komme i godt humør. Temperaturen då eg gjekk ut på føremiddagen var 21 grader, men vinden gjer det litt kjølig og sola har knapt vore framme..

Kvelden i går vart nytta til triveleg selskap med kjenningar frå Luster og Hønefoss. Me starta på Nye Trollstua med middag og noko attåt. Her var det dansemusikk så dei danseglade fekk også prøve seg på det.
Etter oppbruddet derifrå gjekk turen til Naboen der det vart ein pust i bakken med (enda) ein veterano i glaset.

Ei klokke vart det også, kjøpt, hos oppsøkand klokkeseljar.


Denne dagen har eg nytta til ein spasertur mot Fatagadalen. På veg dit kom eg forbi ein Shell-stasjon. Dieselprisen ligg på kr. 7.38. Det er enkelt å rekne valuta i år då ein  euro kostar omtrent nøyaktig ein  tiar.


Ein miniversjon av bondens marknad var det også å sjå på min veg. Ein kar som hadde teke med seg det av avlinga si han fekk inn i bilen sin og køyrt til byen for å selje. Dårleg med kundar her, men då eg kom nedatt var det nerast kø og mest heile utvalet var vekke.


Målet med turen var dette, cementerio som betyr kyrkjegard. Eg har for vane å oppsøke kyrkjegarden der eg fer om det let seg gjere. Her vart det ikkje før den 14. turen hit. Det skuldast at det var fyrst for ein månads tid sidan eg fann ut at denne betongmuren eit godt stykkje opp i fjellet var byens kyrkjegard.


Og slik gjer dei det her. Frå blokk er du kommen, i blokk skal du bli. Desse 4 etasjars betongbura er endestasjonen her.


Etter at gravkammeret er attstøypt vert dei fleste gravplassane tildekka med ei plate, som oftast dekorert og med innskrift mykje lik vår gravstein.

Men ikkje alle nøyer seg med namn, datoar og kvil i fred. Her er det mogeleg å lage verkeleg personlege minnesmerker også.


Nokon få nordmenn har også enda sine dagar på denne kyrkjegarden.


Og det er rikeleg med plass for framtida. Det er vel truleg tilfeldig men likevel eit paradoks at ein slik betongkyrkjegard skal heite cementerio.

Om du tykte dette vart ein noko trist reportasje i dag så hugs at det er dei attlevande sine tankar og idear som visest på kyrkjegarden. Stikk innom ein kyrkjegard du også.

No skal me kvila i fred til i morgon. Då får me hafslobygdingar heim til oss. Det gledar me oss til.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar