Bilete som markerar starten på dagens vesle sydenrapport syner bassengområdet vårt slik det ser ut frå fruens faste plass.
Den tredje dagen er i ferd med å ta ende og me hugsar stadig kva som hender for det er ikkje mykje. Det var heller ikkje meint som noko opplevingsferie, men fyllt av late dagar i sola.
I går kveld gjekk turen til Kasbah att, med middagen servert oss på restauranten Padaban. Deretter flytta me oss ut til eit bord med utsyn til dans til spanske rytmar. Her er det ein-manns-orkester kvar kveld som syng og spelar til dei som vil høyre på eller danse til.
I dag har me gått tur. Me prøvde oss på gangpromenaden langs sanddynene sjølv om me visste at vinden tek godt der nede. Og vind og sanddrev vart det. Med auger, øyrer og nase full av sand nådde me etter kvart fram til ly for vinden. Som de ser var det fleire som hadde tenkt samme tanken. Sjeldan har me sett det så fullt under presenningtaka på ein føremiddag som i dag.
Vel framme til målet vårt for dagens tur smaka det godt med eit ekstra stort glas drikke.
Dette er ein populær doning å leige for tida. Den er elektrisk dreven og for 15 euro pr time kan du trille rundt på ein rett så komforabel måte.
Det beste i livet er gratis heiter det. Det gjeld for denne bloggen også så noko angre eller klagerett finns ikkje om du no føler du har kasta vekk 5 minuttar av ditt liv med å lese dette.
Har du fem minuttar til overs i morgon så kjem det vel noko då også.
Takk for i dag.
lørdag 2. mars 2019
fredag 1. mars 2019
Sydenferien 2019, dag 2
I går kveld, etter middag på kafe, enda me til slutt ein rask tur innom stampuben til mange nordmenn. Naboen heiter den og i går kveld var det musikk der også. Der vart det sung om at "natten har tusen øgon" med stor innleving. Ikkje den heilt store scenen men høgt og fritt stod ho.
I dag har eg vore på guttetur heilt åleine. Turen gjekk med buss til Arguineguin, nabobygda her og eit av måla for dagen var sjømannskyrkja. Tanken var også å smake på dei verdskjende vaflene som visst nok vert serverte med samme oppskrift i så mang ei sjømannshavn rundt heile verda. Dette vart ein nedtur for ein av Lustrafjordens sjømenn. Grunna bemanningsmangel og sjukdom var kafeen stengd. Berre to rustne herrar med ei loddbok var å sjå.
Men det var ikkje berre sjømannskyrkja som var målet for turen. Arguineguin er ein sjarmerande liten hamneby som har halde på mykje av det opprinnelege frå den tid då dette var ein fiskarlandsby.
Gater og hus ber preg av at dei har fått levd sitt eige liv utan nokon samla plan om korleis ting heng saman eller passar til einannan. For meg som berre er på besøk og ikkje skal levere varer til butikkar eller finne plass til bilen min er det berre koseleg.

Ein slik by må også ha ei bakside og i bakgården skal ingen framande sjå så der gjer me det på aller enklaste måte.
Men no er eg heimattkommen til no. 80 på Jardin del Sol Her trivst me godt. Me berre ventar livsteikn frå lustringane som kjem hit ned til øya i løpet av kvelden. Så får me sjå om det blir ei lita samkomme i løpet av dei neste dagane.
Takk for i dag.
I dag har eg vore på guttetur heilt åleine. Turen gjekk med buss til Arguineguin, nabobygda her og eit av måla for dagen var sjømannskyrkja. Tanken var også å smake på dei verdskjende vaflene som visst nok vert serverte med samme oppskrift i så mang ei sjømannshavn rundt heile verda. Dette vart ein nedtur for ein av Lustrafjordens sjømenn. Grunna bemanningsmangel og sjukdom var kafeen stengd. Berre to rustne herrar med ei loddbok var å sjå.
Men det var ikkje berre sjømannskyrkja som var målet for turen. Arguineguin er ein sjarmerande liten hamneby som har halde på mykje av det opprinnelege frå den tid då dette var ein fiskarlandsby.

Ein slik by må også ha ei bakside og i bakgården skal ingen framande sjå så der gjer me det på aller enklaste måte.
Sol kan det bli både nok og for mykje av for dei som bur her året rundt så då er det praktisk å strekke presenning over heile gata der siestamåltidet vert innteke. Der tok eg også lunch i dag. Spansk omelett er potetskiver bunde saman med omelett til ei rund kake. Godt og mettande.
Takk for i dag.
torsdag 28. februar 2019
Sydenferien 2019, dag1.
Det var frå ein skoddetung Flesland flyplass me flaug til himmels i går. Men, som me alle veit, over skyene er himmelen alltid blå og turen gjekk etter planen. Med unntak for noko "vaskebrett" over Frankrike var den også sers komfortabel.
Me hadde ikkje lagt inn noko ynskje om bustadplassering i år og me fekk vel ein av dei dårlegaste på heile etablessementet der sola aldri skin verken sommar eller vinter. Men det var ikkje noko utfordring for familiens forhandlingsleiar. Etter ein liten tur i resepsjonen kom ho attende med tilbod om valg på øverste hylle frå i dag av. Deretter gjekk turen rundt hjørna for China-middag.
Det blir mykje mat og drikke i denne fyrste reportasjen frå årets sydentur. Ein tur til Kasbah for ein Irish coffee etter middag var også ein aktivitet som nermast må reknast som ein tradisjon.
Denne dagen har for min del gått med til ein spasertur ned til stranda. Som biletet er meint å visa er det ein vindfull dag på Playa del Ingles i dag. Temperaturen er grei nok, eit par tre og tjue kanskje. Passeleg spasertemp, men om ein vil ligge ned å sole seg bør ein finne ly for vinden.
Flytting til buplass no. 80 med ettermiddagssol til ho går ned i vest er no gjennomført og me har som biletet viser innteke lunch på kafe'. Meir har ikkje skjedd her så langt så her sluttar dagens vesle rapport.

torsdag 2. august 2018
Dag 5, den siste dagen.
Siste dagen i vår guida fellestur i lag med 28 andre vestlendingar har me tilbringa i hovudstaden Praha. Me vert guida rundt og vist den eine gedigne bygningen føre og den andre etter. Inntrykka vert overveldande, men til å vise kva me har opplevd gjennom nokre tilfeldige bilete og nokre ord om det eg trur eg hugsar, gjev sjølvsagt ikkje på nokon måte eit rett bilete av by eller opplevingar.
Dette fyrste bilete er av Folkets Hus. På bilete nedanfor kan du sjå inngangspartiet.
Som ein forlenging av dette praktbygget ligg ein av dei gamle byportane som fører inn til Gamlebyen.
På veg inn inn dit passerte me denne unike kubiske restauranten. Dette skulle visst vere noko meir enn alminneleg og godt øl hadd dei i alle fall.
Så gjekk vegen til Republikkplassen. Ein stor plass midt i denne Unescos verdsarv-bydelen.
Denne statuen er til minne om ein erkebiskop Jana Husa som ein gong vart brend som kjettar. Sidan viste deg seg som så ofte at dette var det grunn til å angra på. Difor altså dette minnesmerket.

Dette navnet trur eg ikkje eg har høyrt om men det var ingen prislappa på varene så det var vel noko spesiellt med dette også reknar eg med.
Staselege køyredoningar for å sjå byen frå eit baksete hadde dei også.
Byen har hatt jødiske bebuarar i 1000 år, men på 1800 talet vart dei svært dårleg behandla. Blandt anna av den grunn er eit jødisk kvarter bevart.
Dagen vart avslutta med 2 timar i elvebåt på elva Vltava som slyngar seg gjennom Praha. Ombord der vart også dagens lunch innteke
Her ser de elva med elvebåtane i bakgrunnen og ein av passasjerane i framgrunnen plassert på ei av bruene, men ikkje den verdskjende. Den ligg i bakgrunnen. Ho var der også.
Så gjekk turen til Vaclav Havel Airport. Der fekk eg sjå ein ekte Airbus A380-861 på svært nært hald. Eg har også filma at han tok av. Dette som tilleggsinfo. for spesiellt interresserte.
Så var plutseleg turen slutt. Eg veit ikkje om dette var noko for oss. Me får sjå mykje og veta mykje me hadde gått glipp av om me hadde reist på tomannshand, men det er dette med å gå etter tida heile dagen. Det passar ikkje heilt.
Ein ting var i allefall ei udelt positiv oppleving. 30 vestlendingar som stort sett hadde det til felles då me møttest for fyrste gang søndag, det at me kun kjend ein av dei andre frå før. Alikevel følte eg at me frå fyrste dag utvikla oss til ein vennegjeng på tur. Dette gleda meg og Alice stort og me vil takka alle dykk som les dette for ein fin tur sosialt.
I morgon er det heilt andre ting som står på programmet så med dette vil eg sei takk for fyljet til alle dykk som har vore innom her desse fem dagane våre i Tsjekkia.

Deretter gjekk vegen til Parisgata. Der hadde alle verdas mest kjende designarar samla seg. Her kjem nokre eksempel.

onsdag 1. august 2018
Dag 4.
I går kveld fann eg ut kvar Kvikk Lunsj vert laga, kanskje. Denne kjempefabrikken til Mondelez International, tidlegare Craft Food som kjøpte opp Freia, fann eg i ei bakgate her me bur. Det får vere opptakten til dagens reiseskildring.
Det vart "en lille en" i går kveld, ved sida av halvliteren. Det er den samme varmen her, eller enda varmare. Me sat ute til kl ti, då stengde all servering her i byen, og det var så varmt at sveitten pipla frå panna sjølv då. Den lille heiter Becherivka Orginal og er ein lokal urtelikør. Eg har ein liten smaksprøve med heim om eg finn han i utsal i morgon.
Så til dagens utfart. Det vert ikkje så mykje skrive om den. Bileta får tala. Starten var i byen Duchcov og slottsbesøk.
Det var ein av dei rikaste familiane i Tsjekkia som hadde bygd det på 16 - 17 hundre talet. Som de ser var det rikleg med våpen både til krig og jakt. her
Desse enormt lange våpena vart me fortalt at vart brukt til fuglejakt. Ein kunne visst treffe dusinvis av fuglar med eit skot med desse. Eg veit ikkje, slik vart det i alle fall fortalt.
Så kom me til avdelinga for keramikk. Dette har eg enda mindre greie på, men detter skulle vere av verdsklasse.
Det hadde vore svært mange kjende folk her i hine hårde dagar. Dette er, etter som vise folk seier, hanskane til Napoleon som han sikkert gløymde att ein gang.
Men det mest spanande med slottet var at sjølvaste Giacomo Girolamo Casanova haddde budd her. I denne stolen sat han då dei fann han død 4. juni 1798.
Her er senga hans. Frå han var 60 år og til sin dødsdag var han tilsett som bibliotekar på dette slottet.
Etter rundvisninga her gjekk turen til Teplice. Der vart me omvist på eit mikrobryggeri. Det har me like fine av heime i Sogn så det skriv eg ikkje noko heimatt om. Etter å ha kjempa oss gjennom eit par timar i 40 varmegrader var det klart for buss heim til hotellet.
Då starta dramatikken. Det var ei stor bilulukke lengre framme på motorvegen så trafikken stod bom fast. Etter kvart kom det både sjukebilar,ambulansehelikopter, brannbilar og politi.
Med niogtredve grader i skuggen sat me i bussen i to timar og førti minuttar.
Så tok politiet affere og fekk personbilane til å snu og køyre mot køyreretninga til neraste avkøyring.
Det samme gjorde bussjåføren vår.
Og så dura me i vegen i gal køyrertrning medan hundrevis av trailarar stod att. Via ein omveg kom me oss til hotellet og der endar forteljinga i dag.
I morgon skal me til Praha. Der skal me vere heile dagen til det er på tide å køyre til flyplassen for heimreise. Om de får lese noko om det veit eg ikkje. Det vert i alle fall ikkje i morgon.
Då går turen til Nordhordaland og syskenbarntreff.
Kanskje det kjem nokre ord fredag?

Abonner på:
Innlegg (Atom)