I dag har eg vore på guttetur heilt åleine. Turen gjekk med buss til Arguineguin, nabobygda her og eit av måla for dagen var sjømannskyrkja. Tanken var også å smake på dei verdskjende vaflene som visst nok vert serverte med samme oppskrift i så mang ei sjømannshavn rundt heile verda. Dette vart ein nedtur for ein av Lustrafjordens sjømenn. Grunna bemanningsmangel og sjukdom var kafeen stengd. Berre to rustne herrar med ei loddbok var å sjå.
Men det var ikkje berre sjømannskyrkja som var målet for turen. Arguineguin er ein sjarmerande liten hamneby som har halde på mykje av det opprinnelege frå den tid då dette var ein fiskarlandsby.

Ein slik by må også ha ei bakside og i bakgården skal ingen framande sjå så der gjer me det på aller enklaste måte.
Sol kan det bli både nok og for mykje av for dei som bur her året rundt så då er det praktisk å strekke presenning over heile gata der siestamåltidet vert innteke. Der tok eg også lunch i dag. Spansk omelett er potetskiver bunde saman med omelett til ei rund kake. Godt og mettande.
Takk for i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar