torsdag 7. mars 2019

Etter ein rangel.

Endeleg var dagen kommen og me fresar på drosjevis mot Puerto Rico og hotellet Puerto Azul. Der venta det hyggeleg samtale med noko godt i glasa på den midlertidige heimplassen til kveldens vertskap. Også kveldens middag var innteke her. Dette er eit såkalla "all inclusive" hotell og me fire som var gjester for kvelden, hadde kjøpt oss inngang til hotellets buffè.

Etter middag gjekk turen til "sentert" og fyrste stopp ei lita sjappe med nokre bord utanfor ein disk. Etter litt venting hadde dei klart å finne fire bord og 10 stolar og dermed var me i gang. Grunnen til at me absolutt ville ha plass nett her er deira gode rykte for sin Irish Coffè

 Dette skulle bli vår irske kveld. Fyrst kaffi på irsk vis, deretter Molly Malones og eit glas irsk øl.


Der står eigaren for det meste av underhaldninga. Han syng irske viser på løpande band. Me var så heldige at me fekk dele bord med nokre frå Dublin. Som de ser, dei også sette pris på kva dei høyrde.

Etter midnatt fekk me plutseleg ein fødselsdag å feire. Heile forsamlinga stemde i med bursdagssang og deretter vart det bursdagsdrink på jubilanten.
Det vart seint men kva så? Me har ferie og har tid nok til å sove. Me vil i alle fall med dette få takke heile gjengen for ein triveleg kveld.

 I dag snirkla eg meg gjennom bakgater og gangpassasjar ned til havet.

Målet var ein spasertur langs stranda og det målet for dagen viste det seg at mange andre hadde også.

 Vel oppe på trygg grunn att traff eg på desse to sandstøttene. Også dette kan vere eit levebrød her.

 Ein lenge planlagd inpulshandel vart det også i dag. Eg har lenge fått påminningar om at eg treng nytt hovudplagg og i dag skreid eg til verket. Godt nøgd med handelen la eg på veg heim.

Der vart det ein liten sermoni rundt kjøkenbordet før gamlehua vart lagt til evig kvile i bosbøtta.

Takk for i dag.



onsdag 6. mars 2019

Onsdag og snart ut på tur

I går kveld gjekk turen til Padaban att. I det sola forsvant i horisonten strena me med fast kurs mot Kasbah. 

Med ei heil veke bak oss med middag eit byllaup verdig kvar kveld var det godt med noko litt lettare. Pizza på italiensk vis med tynn og mest sprø botn var meir passeleg ein tysdagskveld. Og så var det greit å legga i veg på heimveg etter ein liten stopp ved dansegallaen.

 I dag har eg ikkje gjort det slag så bileta har eg fiska fram frå fruens telefon. Desse beskriv vel betre enn med ord kva ho tykkjer best om.


No førebur me oss på busstur til Puerto Rico. Buss 1 frå Centro Comercial Nilo klokka 16,34 passar bra. 34 minuttar reisetid og pris 2.75 euro pr.pers. er også greit å vete. I blandt er sjåføren litt sur om me ikkje har rett sum klar i handa når me stig på.

Om de les dette ute på fjellhylla før me kjem så skal de veta at me gledar oss både til middag og til tur på byen etterpå. Håpar det er full rulle på Molley Malone.

Til dykk andre; takk for i dag så får me sjå kva av kveldens aktivitetar som går gjennom sensuren i morgon.


tirsdag 5. mars 2019

Tysdag vart kviledagen

 Det vart kort veg til middag i går kveld. Dette er restauranten China Sol og vindaugene over heilt til høgre, under palmetoppen, er til kjøkenet, loftstrappa og badet vårt. Me må ein omveg for å komme ¨dit, men i luftline er det ner 0 meter.

Dette er det sikkert mange av dykk som har sett. Eit lite glas med "vitamina" med eit usømeleg bilete i botn som berre kan sjåast så lenge glaset er fullt. Dette er "på huset" når oppgjer for serveringa skal skje.

 Ellers er det avgjort at i morgon skal me innta dagens siste måltid oppe på ein fjellgard i Puerto Rico. Utsikten som eg og denne dua hadde for to år sidan vert mykje lik den me får i morgon. Grunnen er sjølvsagt at me er invitert i gjestebod til lustringar som tilbringar sydenferien sin så høgt og fritt i år.
Me gledar oss til ein triveleg kveld i gode venners lag.

 Lengst heimanfrå var eg i dag då eg stakk innom den lokale Lidel-butikken.

 På veg heim kom eg rett oppi ein politiutrykking. Ein stakkars motorsykkelkonstabel hadde vore uheldig å velta sykkelen sin i det han køyrde ut or politigarasjen. Tung var han og bratt var det så han ba om hjelp via politiradio og det resulterte at dei strøymde til med både bil og motorsyklar. Men for seint, for seint. Då dei kom fram hadde eg og konstabelen reist opp att sykkelen og ein noko forsmedelg situasjon var avverga. Då stod det berre att å leita etter eventuelle riper i lakken.

Den på det næraste hyggelege anleggsaktiviteten der ein minigravar på mest mogeleg forsiktig vis har skava av torva og greve grøft i plenjord har i dag teke seg monaleg opp. I dag har dei pigga betong rett utanfor uteplassen vår og det var ikkje triveleg. I tillegg har internett vore ute i mest heile dag så det vert ikkje noko skryt å få frå oss i dag, Jardin del Sol.

Takk for idag (når eg berre får nett til å legge det ut på veven.)

mandag 4. mars 2019

Måndag i syden

I går kveld gjekk turen til El Rancho, ein restaurant me har fått anbefalt hjå einkvan heimanfrå, hugsar ikkje kven, men anbefalinga kan vidarebringast. Den ligg i kjellararen til Hotel Maritim Playa i rundkøyringa ved Kasbah for dei lokalkjende.

Fruen valde grillspyd, men serveringsmåten gjorde ho fyrst litt rådvill. Som de ser tok ho det med godt humør.

 I dag vakna me opp til anleggsarbeide rett utanfor stovedøra. Karane for fint åt. Ikkje noko vidare bråk var det heller så i fine veret var det berre fint å ha noko å sjå på. Eg elskar hardt arbeide. Eg kan sitte å sjå på det i timevis.

 Men etter kvart vart det langtur på meg i dag. Turen gjekk også i dag til San Fernando . Som de ser er veret heilt strålande her i dag. Omtrent ikkje ei sky på himmelen og rundt 30 grader i skuggen.

 Eit av dagens mål var denne staden. Her har det vore eit yrande liv før om åra. Laurdagane var det marknad her med hundrevis av marknadsboder der det vart frambudt både lokale landbruksvarer, husflid og masse juggel. Min tur vart på ein mandag så om laurdagsmarknaden består veit eg ikkje, men området bar ikkje preg av å ha vore brukt og senteret her var tomt. Berre ein einaste kafeteria var att.


Ein hendig graskløppar kom eg også over på min veg i dag. Då tenkte eg på han Aage heime. Kanskje denne skal stå på neste års ynskjeliste?

 Turen i dag var mest dobbelt så lang som planlagt. Delvis på grunn av denne rustikke og tiltrekkande palmelunden som det vart freistande å gå til ende, gjekk eg meg ordentleg fast og til slutt måtte eg gå heile "utmarksturen" attende og ta same turen heim att som der eg kom.

 Men som før skrive, veret var strålande og det var landskapet eg gjekk i også. Vel heimkommen med litt såre føter og ein trøytt rygg angrar eg ikkje på eit steg av turen.

No går snart turen ut til dagens siste måltid. Eg trur eg stemmer for ein kort  tur i kveld.

Takk for i dag.

søndag 3. mars 2019

Søndagsbloggen

 Det er neppe søndagen si skuld men denne dagen har vore den lataste så langt. Biletet over viser det som har vore utsikta mi det meste av dagen. Det er mest som i synene til Jakob Sande då han såg palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran. Men dette er altså utsikta frå terrassen vår når me vender oss mot nord.

Min vesle rusletur har gått til San Fernando i dag. På veg dit passerar eg denne staselege bygningen. Her var det keramikkverkstad der det sat ein kar og trolla fram dei finaste ting om det skulle vere vasar, fat og krus frå dreieskiva eller dørskilt og fliser. Problemet hans var vel at alle potensielle kundar skulle ta fly herifrå og hans produkt var lite eigna for slik frakt. Men huset står der pynta med eigenprodusert keramikk.
 Dette skiletet har eg lurt på nokre dagar der eg har sett det på avstand.I dag kom eg nær nok til å få eit bilete og det viser seg etter googling at dette er norsk øl. Neste tur må eg finne ut meir om dette.

 Men det var altså San Fernando som var målet for dagens tur. Her er eg kommen til beste vestkant der det kostar å bu.

Medan dei aller fleste bur i blokker.

Det var allt for i dag.