mandag 4. september 2023

Dag 4. Kviledag

 

Det de ser her er eit av areala på badestranda som er avsperra til utklekking av skilpadde-egg. Som de sikkert veit kryp skilpaddene på land og legg egga sine nedgraven i sanden og her ser det ut for at befolkninga, både fastbuande og turistar, tek godt vare på dei.


Frå hendingane i går kveld vel eg å servere dykk ein video som viser ein måte å lage i stand irish coffee.  Min, til no, favorittkelnar til å lage denne drikkevara har fått ein konkurrent i denne dama. Slik er det og det må me berre leve med.


Slik såg den ut etter fyrste smaksprøven og den var like god som den var underhaldande tilbereda.


Siste biletet i dag er frå den vesle feiringa me hadde på heimveg i går. Kva me feira veit eg ikkje men dama i baren gjorde ein lystig kveld enno eit par knepp lystigare og takk for det.

I dag har forfattaren berre lata seg i rimeleg nerheit til hotellrommet så meir er det ikke å melda om. Det går også mot at me tek middagen heime på hotellet, me fire i lag, i kveld.

No er det berre to heile dagar att av tida vår her nede i sola. Torsdag klokka 10.30 kjem drosjen og hentar oss og køyrer oss til flyplassen. 

Takk for i dag.


søndag 3. september 2023

Dag 4 Festelege samkomer.

 


Denne dagens blogg må starte med Oppdrag utført. Reiseføljet hadde teke på seg å utbringe ein skål på vegne av Laila. Det er no gjort med glede og stor innlevelse.
Kven Laila det er veit berre Laila sjølv.


Det er ei gruppe årdøler her som me brukar mykje av kveldsmålitda i lag med. Her er me fotografert i samla flokk rundt middagsbordet den fyrste heile dagen her nede. 


I går kveld samla me oss hos denne karen. Alle lustringar som har vore på byen i Rethymno kjenner visst han. Speloppmakar og restauranteigar Manolis.

Både underhaldninga og maten var av beste slag. Eg valde meg peparbiff og var godt i gang med måltidet før eg kom på at eg skulle fotografere.


Og før me drog avgarde til etterpå-selskap fekk Manolis ein selfi i lag med meg.

Etterselskapet vart halde utanfor ei lita sjappe oppe i byen som fyrst og fremst er berekna på lokalbefolkninga. Så har det seg slik at midt på dagen er eigaren kelnar på ein restaurant nede på stranpromenaden det me ofte samlast for lunch. Ein litt skrålande gjeng frå Årdal/Luster vart godt mottekne.


I dag skulle det, i følje yr, bli ein regnversdag. Det vart det ikkje men vinden som holdt skyene vekke laga også så store byljer at det var raudt flagg og bading "forbudt" heile dage.


Men solbading var fullt lovleg.

I dag har me vore i gamlebyen og handla litt av kvart. I kveld skal me samlast elleve stykker til middag.

Takk for i dag.




















lørdag 2. september 2023

Dag 3 starta med datakresj heimanfrå


 


Dagen i dag starta med  eit eller anna som hadde gått galt under eller etter nattsendinga på Radio Luster fredag kveld. Det var stilt på radioen og ingen reprisefil å finne. Det er ikkje mykje å gjere med trur eg så me får prøve å gjere det betre neste fredag. Reportasjane og intervjua fann me att, dei finn de på radioluster.no


Så til kvardagen på Kreta. Eg trur eg var nett inne på det ein dag før, at eg leita etter ein veg "ut i naturen". I dag fann eg ein av mogelegheitane og det var denne.


Vegen opp gjekk gjennom ein olivenhage. Eg var litt usikker på kva det var men etter litt googling var det ikkje tvil:
På Kreta er det ca. 35 millioner oliventrær, det høstes rundt 80.- 120.000 tonn oliven hvert år, og 65 % av øya er dekket av oliventrær! Kreta står for 1/3 av landets produksjon av olivenolje, og 90 % av den er ekstra virgin. Innhøstingen pågår hele vinteren, avhengig av typen oliven og mengden av trær den enkelte eier.


Olivenane var knøttsmå enno men sidan dei har eit par tre månadar att til innhausting vert dei vel modne i år også. 
Men det var utsikta eg var ute etter og her kjem den i den grad den kan attgjevast på tre foto frå amatørhand.






Vel nede i sivilisasjonen att tok eg turen innom ein svær kolonialforretning. Mangt kan seiast om å finne fram på ein slik stad når ein ikkje sjønar verken språk eller bokstavar, men at dei har greie på kvitost her det er sikkert.


Til sist eit lite stikk til turoperatøren min Ving, Me bur greit, søv godt og et godt, men skal ein kalle dette havutsikt må ein ha betre fantasi enn eg klarar å trylle fram.

Takk for i dag.

fredag 1. september 2023

Dag 2. Den fyrste heile dagen.

 

Dette er gjengen eg er på tur med i år.  Etter ein roleg kveld med middag på hotellet var vi i dag alle klar for ein dag på byen . Turen gjekk til same stad som i går. Der er det ordna slik at serveringstadane langs strandpromenaden disponerar også stranda rett over vegen. Der kan vi tinge både drikkevarer og visst nok også smårettar, levert under parasollen nede ved stranda.


Slik såg min stad i sola ut. Eg ser at eg har røpa meg med fotavtrykk av alt anna enn badeskor. Grunnen er at eg ynskte meg ein spasertur gatelangs før badelivet tok til.

Det er ein gjeng indresogningar som samlast her nede til denne tid på året. Herreavdelinga har som fast rituale å samlast rundt dette bordet til halvtolvpils. Her er dei samla der eg også, sjølv om eg er fyrstereis, fekk delta.

Deretter gjekk turen gatelangs. Den fyrste observasjonen eg gjorde var at det var berre "pinglene" blandt mennene og litt fleire damer som nytta hjelm på motoriserte tohjulingar. Mitt subjektive overslag er at ca 50% av førarane av moped eller motorsykkel nyttar hjelm og ca 10% av passasjerane gjer det same.

På min tur gjennom deler av byen  litt utafor allfarveg for turistar kom eg over denne velassorterte frukt og grønt butikken.

Målet mitt for turen var å komme meg ut i naturen, altså kunne trø på anna enn asfalt og betong. Det neraste eg kom var denne hønsegarden.



Så turen gjekk til slutt strake vegen attende til soltilbedarane på stranda. Inne i denne parasollskogen ligg dei. 



Og her er beviset på at også eg har bada i dag.  

Takk for i dag.



torsdag 31. august 2023

Kreta 2023

 


Me er no komne vel til rette  på hotellet Pearl Beach i ein liten by som heiter Rethymno på øya Kreta i Hellas. Oppe klokka 5 på Gardermonen og deretter fly og taxi til me var installert på hotellet då det var lunch-tid. Biletet over viser strendene rett utanfor hotelldøra vår, rett nok med ein trafikkert bilveg å krysse.
Me er fire som reiser i lag og to-tre kjenningar til vil oppsøke oss i dagane som kjem. Me gledar oss til ei veke i varmen. I dag er det 30 grader på land og mest like varmt i havet.


Det vart omelett på stamkafeen til reiseføljet vårt, Agrigoli trur eg det heiter og eigaren vart fort kjend med oss alle. Han heiter  Jannis eller noko liknande.

Dette vart den noko slunkne starten på reisebloggen vår frå denne turen, men dagen har, som før beskrive, stort sett innehaldt reising. Så får me sjå om det vert meir i dagane som kjem. Me skal i alle fall vere her ei veke framover.