Med sol frå skyfri himmel letta me frå Gardermoen i går, ca klokka sju, med kurs for øya Kreta i Hellas. Meldinga me fekk om verforholda der var høljeregn og det fekk me også på bilturen frå flyplassen og til Rethymno der me bur. Med vindusviskarblad som ikkje hadde vore i berøring med regnvatn på svært lenge fann sjåføren likevel vegen hit.
Og der var stort sett det einaste me har sett til regnet. Ettermiddagen i går og dagen i dag har bydt på strålande sol og varme både på land og i havet.. Dette er hotellet me bur på. Ingenting å klaga på så langt (sjølv om røykvarslaren starta å småpipe i det eg skriv dette).
Som dei mest erfarne blogglesarane her veit så likar eg å spasere meg ein tur i blandt og i går ettermiddag gjekk turen opp i lia bak byen, over motorvegen og opp til eit utsiktspunkt som du kan sjå i videon nedanfor her.
































