torsdag 10. april 2025

Onsdag, dag 5

 I dag startar eg med eit bilete frå kontoret mitt. Onsdag er bingodag på Radio Luster og då har eg ansvar for å sende bingoblokker til dei rundt om i verda som vil ha blokkene tilsendt på e-post og skrive dei ut sjølve. Ingen stor jobb men eg kan ikkje vere vekke frå pc-en i timevis.

Kvar onsdag er det marknad på dette området. Dette er der me ofte kallar for Irske området. Det er mange irske pubar der og det er der dei samlar det meste av feiringa på St. Patrick's Day. 

Her er to bileter frå marknaden som me også måtte vitje. Eg trur ikkje det vart noko handel. Retting, det vart litt handel.

Dette er berre ein liten flik av messeområdet. Heile det store området og gata ned til venstre for området er dekka av salsboder.

Sidan me mest heile dagen har holdt oss rundt hotellområdet får de her eit (tilfeldig?) utsnitt av bassengområdet vårt.

Middagen tok me på Tropicana Steak House. Det ligg i kjøpesenteret Yumbo og me har ete her før med gode erfaringar.

Dette biletet er frå i fjor der me fekk servert indrefilet av storfe, servert på glodvarm steinplate. Då vart me utstyrd med smekke sidan me tok oss av steikinga sjølve.

I år vart det spansk paella. For den som ikkje veit kva det er så har det mykje til felles med italienske risotto. Også dette måltidet likte me godt, så hit kjem me nok fleire gonger.

No er det meldt regn i natt så får me sjå i morgon kva det medfører her nede i syden.

Takk for i dag.






onsdag 9. april 2025

Den 4. dagen på Playa del Inglès

 

Eg startar dagens reisebrev med eit bilete av der me bur. Om du finn den kvite kryssen veit du det meir nøyaktig også. Ikkje den heilt store utsikta, men me likar oss godt. Kort veg til både basseng og ut på gata


I dag var eg ikkje åleine på tur. Ho var med også  som me seier det, med trykk på ho. Rask spasertur til enden av gangvegen til San Augustin og attende. Rundt 4 km kvar veg det gjer oss i alle fall klamme på ryggen i varmen, sjølv om det ikkje akkurat er noko Børestein-tur.

Etter lunsj tok eg ein tur opp til bydelen San Fernando der lokalbefolkninga for det meste bur. Ikkje rart med uteplass.

Det er ei brei og fin gågate der også. Det er ei handlegate der bilane kan lure seg fram om dei må. Fartsgrense 10 km/t og dei gåande har alltid fyrsteretten. Sjåførane er alltid merksame på dette, men 10km/t grensa trur eg dei fleste bryt litt.

Denne gata var fyrst og fremst for dei fastbuande men me  turistane har teke litt over etter kvart. 


I  kveld gjekk turen til til stranda for dagens siste måltid. Pasta bolognese heiter retten og kan vel passa på ein tysdagskveld. Eg googla namnet på serveringstaden og google kom til at det heiter det vesle huset på norsk, men å samanlikne det med det me kallar vetlahuset heime det vert feil.

Om so var at me set på vetlahuset med slik utsikt, kan det hende me vart sitjande både vel og lenge.  Dette var altså utsikta frå det bordet me vart tilbydd å sitje ved.

Takk for i dag.




mandag 7. april 2025

Dag 3 Mandag skulle vere kviledag.



Det vart ein lang tur i går så planen for i dag var å lata føtene kvile. Eg, som dei fleste no for tida, har klokke som fortel oss så mykje meir enn kva klokka er. I dag sa klokka mi føljande: Energipoengsummen din indikerer at du bør lytte til kroppen din og  prøve å få litt hvile i dag. Så det vart ein spasertur på gangvegen mot San Augustin. Her ser de frå fyrste delen av den.


I dag var havet mest flatt så det var fint å bade kor ein vil, men for dagar med bøljer og vind er desse moloane laga. Her kan ein sole seg og bade også dei dagane der havdønningane vert for store for mange.

Då eg starta spaserturen min hadde eg egentleg ikkje noko mål, men til slutt enda eg i kjøpesenteret i San Augustin. Då eg fyrst var der vart det handel også. Det vart eit belte til shortsen min så då gjekk turen attende betydeleg mindre sirøva.



Men fyrst opp i aller høgaste etasjen for å fotografere heimover.


Tanken var å fortelje med bilete kor fin og god innfartsvegane inn til sentrum er vorte og då vart storebror til vårt vesle hotell, Corona Blanca, med. Corona Roja heiter det og er mykje i slekt utsjåandemessig men fire fem gonger større.


Eit bilete av vegen andre vegen, mot San Augustin tek me også plass til.


Så var det middag. Den vart innteken på restauranten som før bar namnet Rimini, men som no er overteken av den populere Guarapo litt lengre borti gata ved Jardin del Sol.
Det vart laks med kanariske poteter på oss begge.


Etter at middagen var innteken, i det sola gjekk ned og me var på veg til Naboen, kunne me ta dette skryte-av-temperaturen biletet. 27 grader klokka 20 er me nøgde med.


Men hos Naboen var det ikkje mykje livleg. Me var mest åleine der og sjefen kunne fortelje at han ville halde ope ei veke til, så stenger dei og tek sommarferie.

 
Langs ein omveg heim kunne me observere at Sosialkontoret hadde hadde stengt for godt. Me kunne ikkje sjå at NAV hadde oppretta noko alternativ for deirea faste gjester.


I kyrkja var det konsert i kveld. Den vart me for sein til men kanskje vert det ein mogelegheit no når det lir til påske. Orgelmusikk er no fint både for heidning og misjoner.

Takk for i dag.


Dag 2 Søndag på Playa

 


I dag har eg vore på strandtur og den starta her. For nokre år sidan kom denne "borga" med svære bokstavar opp i inngangen til den mest besøkte strandtilkomsten på Playa del Ingles. Dette er nok gjort for å vise at Maspalomas er eit større område enn det oftast vert definert som. Dette for dei spesiellt interresserte.


Nok om Maspalomas. Solbadinga er i rute. Dei som ville det hadd funne sin plass i sola før klokka slo 10 og eg la i veg på min utfart omlag på same tid. Biletet her visar kva målet var, å gå stranda til endes. Dit de ser her er omlag halvveges.


Som de ser var er ikkje åleine som hadde slike planar.


Tidlegare var det sett opp fareskilt der ein trakka over grensa til nudiststranda. Slik er det ikkje lengre. I dag trefte eg på dei mest heile vegen. Så får me håpe at dagens "pornobilete" går gjennom sensuren. Om ikkje er vel heile dagens feriehelsing heim i fare.


For dei som er kjend her veit at rett etter neset er det ofte at sandstranda går over til rullesteinrøys eit stykke. Slik var det i dag også.
Det meste av turen gjekk på sandstrand fukta av bøljer og flo. Det er godt å gå på om ein berre passar seg for dei største bøljene. Dei lurde meg og duppa joggeskoa i saltvatn to gonger på turen.


Her ser me dagens mål som er det store fyret.

Som regel endar turen der ein kan gå opp til sentrum rundt fyret, men i dag bestemte eg meg for å gå heilt til enden av den 7 km lange stranda. Den delen eg gjekk er ca 5 km.

Det mislukka forsøket på å dokumentere temperaturen i går, fekk eg til i dag, etter andre forsøk.

Her er eg kommen opp bakken til Playa del Ingles att og kan sjå fyret der heimturen gatelangs startar. Resten av turen gjennom byen gjekk eg med mål om å finne meg ein stad eg hadde lyst til å stoppe for ein talerk tortilla de Espanola til lunsj. Det får bli ein annan gong fordi eg klarde ikkje å bestemme meg for kvar eg skulle stoppe før eg var heimkommen. Då vart det to speilegg frå eige kjøken.


I kveld gjekk turen til Yumbo-senteret for å kjøpe middag. Me skulle kanskje ikkje bestillt kalveschnizel med sitronsaus på ein italiensk restaurant, men (forts neste bilete)


dette trur eg var det verste me har fått servert nokon gong. Alice seier det er den fyrste gongen ho har fått servert middag ho verkeleg ikkje likte her nede. Potetbåtane var ok, grønsakene var brukbare, men desse kjøtbetane, gøymde under ein grårosa saus, såg svært uapetitteleg ut og smaka heller ikkje som schnitzel. Dermed er det sagt.


Som så ofte avslutta me kveldsturen med ein sving innom Kasbah som er neraste nabo til der me bur. Der gjekk dansen for full musikk, som alltid.

Takk for i dag.

søndag 6. april 2025

Dag 1 på vår tur til Gran Canaria 2025.


Klokka 06.30, ein times tid etter at me steig or senga, var me klar til å ta bussen frå hotellet til flyplass-terminalen på Gardermoen. Det er vel kanskje her me heilt føler på at no startar sydenferien. Gårdagens biltur frå Luster og hit er no berre ein biltur lik alle andre.

Innsjekking gjekk greit og flyet, ein Airbus 320 frå SAS, tok av klokka 09.36 i følje Flight radaren. På biletet ser me ned på Brest, lengst vest i Frankrike. Det var det siste me såg til land før me var framme.

Ein sliten MAN tok oss til slutt frå flyplassen til Corona Blanca der me bur.

Etter å ha fått tildelt rom 111 tok panikken oss litt i starten. Skulle me heilt ned på bakkeplan og ikkje få utsikt frå balkongen vår i det heile? Altså berret innsikt? 

Nei det gjekk fint. Fyrste etasje ligg halvannan etasje over bassengområdet så utsikt utan innsikt fekk me. I tillegg fekk me trappefritt tilgjenge frå gateplan og resepsjon. 



Då var ferien i gang. Fyrste etappe var nærbutikken vår for innkjøp av brød, vatn, smør, ost, skinke, kaffi og pepsi max.



Ein lite spasertur vart det tid til også. Ein rundtur på gangvegen langs stranda der målet med fotoet var å vise at det var 25 grader varmt. Når eg no skal vise dykk beviset på det ser eg at eg har vore litt sein i avtrekket så de får bevis på at klokka er 17.39 i staden for.



Middagen inntok me på det me kan kalle favorittrestauranten vår. China Sol heiter den og ligg i same bygget som me budde i 19 år på rad. Jardin de Sol heiter den.


Så gjekk turen til nok ein "stamplass". Kjøpesenteret Kasbah og utsik til dansearenaen der det er live spansk danseband-musikk kvar kveld. Kvar vår Irish Coffe er vel også på det nermaste ein tradisjon.


Etter ein rusletur heimatt "utane stivety og hatt", var fyrste dag i vårt 14 dagars opphald på Playa del Ingles til ende.

Det var allt for i dag.