mandag 7. april 2025

Dag 2 Søndag på Playa

 


I dag har eg vore på strandtur og den starta her. For nokre år sidan kom denne "borga" med svære bokstavar opp i inngangen til den mest besøkte strandtilkomsten på Playa del Ingles. Dette er nok gjort for å vise at Maspalomas er eit større område enn det oftast vert definert som. Dette for dei spesiellt interresserte.


Nok om Maspalomas. Solbadinga er i rute. Dei som ville det hadd funne sin plass i sola før klokka slo 10 og eg la i veg på min utfart omlag på same tid. Biletet her visar kva målet var, å gå stranda til endes. Dit de ser her er omlag halvveges.


Som de ser var er ikkje åleine som hadde slike planar.


Tidlegare var det sett opp fareskilt der ein trakka over grensa til nudiststranda. Slik er det ikkje lengre. I dag trefte eg på dei mest heile vegen. Så får me håpe at dagens "pornobilete" går gjennom sensuren. Om ikkje er vel heile dagens feriehelsing heim i fare.


For dei som er kjend her veit at rett etter neset er det ofte at sandstranda går over til rullesteinrøys eit stykke. Slik var det i dag også.
Det meste av turen gjekk på sandstrand fukta av bøljer og flo. Det er godt å gå på om ein berre passar seg for dei største bøljene. Dei lurde meg og duppa joggeskoa i saltvatn to gonger på turen.


Her ser me dagens mål som er det store fyret.

Som regel endar turen der ein kan gå opp til sentrum rundt fyret, men i dag bestemte eg meg for å gå heilt til enden av den 7 km lange stranda. Den delen eg gjekk er ca 5 km.

Det mislukka forsøket på å dokumentere temperaturen i går, fekk eg til i dag, etter andre forsøk.

Her er eg kommen opp bakken til Playa del Ingles att og kan sjå fyret der heimturen gatelangs startar. Resten av turen gjennom byen gjekk eg med mål om å finne meg ein stad eg hadde lyst til å stoppe for ein talerk tortilla de Espanola til lunsj. Det får bli ein annan gong fordi eg klarde ikkje å bestemme meg for kvar eg skulle stoppe før eg var heimkommen. Då vart det to speilegg frå eige kjøken.


I kveld gjekk turen til Yumbo-senteret for å kjøpe middag. Me skulle kanskje ikkje bestillt kalveschnizel med sitronsaus på ein italiensk restaurant, men (forts neste bilete)


dette trur eg var det verste me har fått servert nokon gong. Alice seier det er den fyrste gongen ho har fått servert middag ho verkeleg ikkje likte her nede. Potetbåtane var ok, grønsakene var brukbare, men desse kjøtbetane, gøymde under ein grårosa saus, såg svært uapetitteleg ut og smaka heller ikkje som schnitzel. Dermed er det sagt.


Som så ofte avslutta me kveldsturen med ein sving innom Kasbah som er neraste nabo til der me bur. Der gjekk dansen for full musikk, som alltid.

Takk for i dag.

1 kommentar:

  1. Takk for fin tur på kjende trakter!!👍🌺

    SvarSlett