Eg startar dagens reisebrev med eit bilete av der me bur. Om du finn den kvite kryssen veit du det meir nøyaktig også. Ikkje den heilt store utsikta, men me likar oss godt. Kort veg til både basseng og ut på gata
I dag var eg ikkje åleine på tur. Ho var med også som me seier det, med trykk på ho. Rask spasertur til enden av gangvegen til San Augustin og attende. Rundt 4 km kvar veg det gjer oss i alle fall klamme på ryggen i varmen, sjølv om det ikkje akkurat er noko Børestein-tur.
Etter lunsj tok eg ein tur opp til bydelen San Fernando der lokalbefolkninga for det meste bur. Ikkje rart med uteplass.Det er ei brei og fin gågate der også. Det er ei handlegate der bilane kan lure seg fram om dei må. Fartsgrense 10 km/t og dei gåande har alltid fyrsteretten. Sjåførane er alltid merksame på dette, men 10km/t grensa trur eg dei fleste bryt litt.
Denne gata var fyrst og fremst for dei fastbuande men me turistane har teke litt over etter kvart.
I kveld gjekk turen til til stranda for dagens siste måltid. Pasta bolognese heiter retten og kan vel passa på ein tysdagskveld. Eg googla namnet på serveringstaden og google kom til at det heiter det vesle huset på norsk, men å samanlikne det med det me kallar vetlahuset heime det vert feil.
Om so var at me set på vetlahuset med slik utsikt, kan det hende me vart sitjande både vel og lenge. Dette var altså utsikta frå det bordet me vart tilbydd å sitje ved.Takk for i dag.
Nyt dagane begge to
SvarSlett