mandag 7. april 2025

Dag 3 Mandag skulle vere kviledag.



Det vart ein lang tur i går så planen for i dag var å lata føtene kvile. Eg, som dei fleste no for tida, har klokke som fortel oss så mykje meir enn kva klokka er. I dag sa klokka mi føljande: Energipoengsummen din indikerer at du bør lytte til kroppen din og  prøve å få litt hvile i dag. Så det vart ein spasertur på gangvegen mot San Augustin. Her ser de frå fyrste delen av den.


I dag var havet mest flatt så det var fint å bade kor ein vil, men for dagar med bøljer og vind er desse moloane laga. Her kan ein sole seg og bade også dei dagane der havdønningane vert for store for mange.

Då eg starta spaserturen min hadde eg egentleg ikkje noko mål, men til slutt enda eg i kjøpesenteret i San Augustin. Då eg fyrst var der vart det handel også. Det vart eit belte til shortsen min så då gjekk turen attende betydeleg mindre sirøva.



Men fyrst opp i aller høgaste etasjen for å fotografere heimover.


Tanken var å fortelje med bilete kor fin og god innfartsvegane inn til sentrum er vorte og då vart storebror til vårt vesle hotell, Corona Blanca, med. Corona Roja heiter det og er mykje i slekt utsjåandemessig men fire fem gonger større.


Eit bilete av vegen andre vegen, mot San Augustin tek me også plass til.


Så var det middag. Den vart innteken på restauranten som før bar namnet Rimini, men som no er overteken av den populere Guarapo litt lengre borti gata ved Jardin del Sol.
Det vart laks med kanariske poteter på oss begge.


Etter at middagen var innteken, i det sola gjekk ned og me var på veg til Naboen, kunne me ta dette skryte-av-temperaturen biletet. 27 grader klokka 20 er me nøgde med.


Men hos Naboen var det ikkje mykje livleg. Me var mest åleine der og sjefen kunne fortelje at han ville halde ope ei veke til, så stenger dei og tek sommarferie.

 
Langs ein omveg heim kunne me observere at Sosialkontoret hadde hadde stengt for godt. Me kunne ikkje sjå at NAV hadde oppretta noko alternativ for deirea faste gjester.


I kyrkja var det konsert i kveld. Den vart me for sein til men kanskje vert det ein mogelegheit no når det lir til påske. Orgelmusikk er no fint både for heidning og misjoner.

Takk for i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar