torsdag 20. mars 2014

Torsdag med tur til Puerto de Mogan

Ein kan ikkje ta turen til Puerto de Mogan utan at dette motivet hamnar i fotoarkivet. Det visste desse tre damene alt om, så dette var det fyrste me fekk gjort ved framkomst. 
Men før det blir meir om dagen i dag må det skrivast nokre ord om i går kveld. Då var heile gjengen, seks stk.  på Naboen bar og overvar avskilkonserten til OleIvars-vokalist Tore Halvorsen. Ei rekke med meir eller mindre kjende vokalistar vart henta frå publikum der dei sang den eine føre og den andre etter. Ein avsluttkonsert verdig. Me vart fortald at no gjekk turen heim til Norge og jubileimsfeiring.

Men attende til dagen i dag. Handling stod sjølvsagt på dagsorden. Her er damene hamna på parfymeri. Ikkje til å undra seg over at butikkdama var smilande og fornøgd etter å få tre slike handlelystne damer innanfor dørane.

 Ordtaket "Age before beauty" skulle sjølvsagt aldrig vore brukt i ein reportasje om tre damer i sin beste alder på tur. Likevel tek eg sjansen. Det var det som fyrst kom føre meg då eg såg denne sikkert praktiske båten, men med eit på ingen måte vakkert påbygg.

 På utflukt vis gjekk fyrst turen rundt i byen på kryss og tvers. Det er mykje fint å sjå her. Pynta med blomar over alt og med ei båthavn og ei badestrand midt i sentrum. Eit sentrum avdelt av ein kanal med gangbruer over.

 Lunch vart det også tid til. Fyrst tapas beståande av mykje rart me ikkje hadde noko navn på. Men ned gjekk det meste før hovudretten kom på bordet. Det vart noko så vanleg som omelett.

Etter ei tid vart det plass til kaffi/te og is også. 

No er me kommen attende til utgangspunktet att. Det vart busstur begge vegar. Med den nye motorvegen frå Puerto Rico til Puerto Mogan går turen raskt. På heimveg gjekk turen beinveges utan stopp rett til busstasjonen på Playa. Ein tur som var unnagjort på ein 20 minuttars tid.

No går snart turen til middag på Padaban før me sikkert tek tidleg kveld. Ein blir trøytt i denne varmen. Rangling annankvar dage er meir enn nok.

Til sist vil me senda ei helsing heim til dykk som strevar med djupsnø og høljeregn. Me har rikeleg med finvær her men kan dessverre ikkje dela med dykk.



onsdag 19. mars 2014

Alternativ ferie?

 Mobiltelefon, solbriller, snus og medisinflaske med to glas til er det som trengst for å gjera starten på dagen fullkommen. Heldigvis er ikkje dette kvardagen heile året. Eg vil i dag prøve meg på nokre filosofiske linjer om ferielivet her i europerane sitt ferieparadis.
Skal me drista oss til å dela ferie i to ulike grupper, opplevingsferien og  avslapping eller kvileferien.
Ei opplevingsferiereise er vel oftast definert som ei reise til noko anna enn det ein opplever i kvardagen heime. Til meir eksotisk  og ulikt det heimelege me opplever turen til meir vellukka er de.
Det me opplever her på Gran Canaria er så til dei grader kvileferie. Her er allt opplagt slik at me IKKJE skal måtta forholda oss til noko uvandt om me ikkje vil.
Skal me oppsøka ein serveringstad for den servicen dei kan tilby kan me normenn velje f.eks. Bakkekroa, Trollstua, Ola Normann, Spisestua, Hurtigruta, Naboen og sikker mange andre. Dette var dei eg kom på i farten av utestadar der dei stiller opp med norsk mat, norsk betjening, norske gjester og pynta med  norske flagg eit norsk 17. maitog verdig. Sjølvsagt kan me oppsøke det spanske også om me vil, men denne heilnorske opplevinga langt heimefrå verkar det som at dei alle fleste nordmenn oppsøker, meir eller mindre.
Det me etterspør er sydlandsk vær og sydlandske prisar, resten vil me ha på gamlemåten.

Her er eit eksempel på sydlandsk vær omkransa av passande vegetasjon. Som de ser held finværet fram. Biletet er teke på min og KA  sin dagelege spasertur. Denne turen gjekk i sikksakk gatelangs for å dryga turen heimatt noko og for å tyna litt ekstra trim ut or turen.


Arbeidsløysa er svært stor her så ein må vere kreativ for å skaffe seg inntekter til livets opphald. Denne karen er nok ikkje oppsagd frå jobb i det lokale trekkspelorkesteret for å sei det slik., Ein fordel har dei som sit ved ein ferdsleveg og spelar mot betaling i almisser. Dei kan læra seg ein melodi og spele den heile dagen. Det er ingen som stansar lenge nok til å få oversyn over reportoaret likevel.

I dag får me vitjing av to systrer Solvoll så på ettermiddagen er dei tre frøkenene Solvoll frå Torgvegen 3 samla. Då blir det vel til at me tre andre får tige still og lata årdalsdrøsen gå.



tirsdag 18. mars 2014

Rapport Nr. 3 frå Gran Canaria


 Eit værbilete opnar dagens rapport. Som de ser, været er ei å klaga på. Det er lenge att, me har berre opplevd 3 av 14 dagar enno, men me har enno ikkje sett ei einaste lita sky på himmelen.

 Gårdagens spasertur gjekk i retning San Augustin. Vel oppe på kanten frå strandrestauranten vår er utsikten så fin at det vert teke eit bilete mest kvar gong me fer forbi. Dette er sikkert Gran Canarias mest publiserte fotomotiv.

 På veg utetter strandpromenaden dukkar det til tider opp eksotiske fotomotiv. Vegetasjonen her nede er sjølvsagt svært ulik heime.

 Også her eit motiv som er presentert fleire gonger her opp gjennom åra. Dei mest imponerande sandslott bygde rett i nærleiket av der folk ferdast. Inntekta til desse karane er milde gåver kasta ned på eit pledd dei har lagt ut for formålet.

 I enden av spaserturen vår stod det fire representantar for det synlege politi. Det er mykje politi å sjå på patrulje rundt på dei stadane turistar ferdast. Slik som desse som trillar sakte og roleg rundt på turstiane på sine stillegåande scooterar. Då er spurde om eg kunne få eit foto av dei var det straks sí señor og deretter oppstilling i myndig, karsleg positur.
Tryggleikskapande karar som ikkje er sentralisert inn bak eit skrivbord i Las Palmas. Kanskje ikkje like robuste som elefantane i Afrika men spenstig og mjuk nok til å gjera jobben sin.

Kvelden vart avslutta på Naboen der denne karen underheldt oss til uti dei små timar. Biletet er ikkje av dei beste men de kjenner vel att Ole Ivars sin vokalist som eg ikkje kjem på namnet på, men moro var det lell.


mandag 17. mars 2014

Dag 2, rett og slett.



Det går i sus og i dus her nede under ekvator vil nok nokon sei. Gårdagen avslutta me på Kasbah med utsikt til danseplassen og noko godt i glasa. Eg valde Irish coffee medan naboen holdt seg til brandy. Graden av lauslivnad i drikkevegen til damene i reisefyljet høyrer privatlivet til.
Den fyrste heile dagen teikna godt når det gjeld været. Sol frå heilt skyfri himmel gjorde valet lett for soltilbedarane. Heile dagen strekt ut på solseng langs bassengkantet vart deira val. Den andre gruppa, som eg tilhøyrde, valde også det tradisjonelle. Rask gange ned til strandrestauranten vår for eit iskaldt ølglas i lag med ein tidlegare kollega av KA. Turen heim vart heller ikkje noko å skrive heim om sjølvom det er nett det eg gjer no. Ein passeleg lang omveg gjennom byen.
Kvelden vart avslutta med eit godt måltid mat på ein av favirittstadane våre som heiter Padaban, for deretter å flytte oss til før nemde utsikt til danseplass.

Før halv ni i dag starta eg og fruen dagens raske trimtur. Turen gjekk gjennom folketomme gater og allear medan sola enno kasta lange skuggar og temperaturen innbaud til rask gange.

Trimiveren er ikkje så overveldande som heime. Er det ferie så er det ferie er visst slagordet. Om det var det som gjorde denne stoppen framfor oppslagstavla til den lokale turistkyrkja eller ekte interresse for kyrkjelege handlingar veit eg ikkje.

Å komme ruslande på heimveg utan stivety og hatt skriv Jakob Sande om. Om det var det denne karen hadde vore ute for veit eg ikke. Eg ser to mogelegheiter. Stakkaren er på veg heim frå etterpågilde der han har gått av seg broka og har måtta på lånemarknaden for å skjule understellet på heimvegen, eller han er ein etternølar frå den tida då det ei kort stund var på moten for gutar å gå i skjørt. Hårfarge og frisyre tyder vel på det siste.

No startar dagen på alvor her. Det  får de høyre meir om i morgon.

søndag 16. mars 2014

Me er i gang.

 Så er den 12. turen vår til Playa del Ingles godt i gang. Me kom fram i sekstida i går kveld. Heile Playa kokte av carnevalopptog då me kom, så drosjen vår nådde ikkje fram heilt dit me skulle. Siste etappen gjekk opp og ned trapper og over bruer for til sist å nå buplassen vår med all bagasjen. Det er på slike dagar ein set pris på oppfinninga med hjuler på koffertane.

Eg må sei det som det er. Ei ordentleg snøbye då me nerma oss Heggmyrane sette berre ein ekstra positiv spiss på starten på feriereisa vår.

 Det følest mest som ein "milepæl" i ei utanlandsreise når tida er inne for å gå gjennom slusa til utlandsavdelinga på flyplassen. Denne døra kan ein berre gå ein veg, det er ikkje mogeleg å snu om ein har gløymt att noko.


 Flyturen er på vel 5 timar og den tida kortar eg inn med å forsøka å følje med på kor me er. Altså kva me ser under oss til ei kvar tid. Mykje av turen går over ope hav, men der me hadde turt land under oss var det for det meste skyfritt så då kan ein følje med. Her er eit bilete av snøkledde fjelltoppar heilt nord i Spania.


 På Playa del Ingles var det innspurt på årets carnevalsesong. I tillegg til dei mange hundre lastebilane og ombygde bussane stappfulle av utkledde passasjerar og det endelause toget av dansande deltakarar bak kvar ekvipasje, var alle fortau stappfulle av utkledde publikummarar. Menn utkledde som "damer" er standard kostyme. På biletet ser de ei frøken som lettar på dåsa for fotografen.
  Her ser de eit typisk eksempel på køyretøy i det lange opptoget som seig sakte gjennom sentrum heile kvelden. Nedanfor kan de sjå eksempel frå folkehavet rundt heile ruta. Omlag 5 timar tok det frå fyrste til siste køyretøy passerte i gata der me bur.

No er tida inne for den fyrste ordentlege feriedagen. Solsenger er okkuperte ved bassenget for dei som skal dit, medan me karane tenkjer oss ein rusletur ut på byen.