torsdag 31. august 2023

Kreta 2023

 


Me er no komne vel til rette  på hotellet Pearl Beach i ein liten by som heiter Rethymno på øya Kreta i Hellas. Oppe klokka 5 på Gardermonen og deretter fly og taxi til me var installert på hotellet då det var lunch-tid. Biletet over viser strendene rett utanfor hotelldøra vår, rett nok med ein trafikkert bilveg å krysse.
Me er fire som reiser i lag og to-tre kjenningar til vil oppsøke oss i dagane som kjem. Me gledar oss til ei veke i varmen. I dag er det 30 grader på land og mest like varmt i havet.


Det vart omelett på stamkafeen til reiseføljet vårt, Agrigoli trur eg det heiter og eigaren vart fort kjend med oss alle. Han heiter  Jannis eller noko liknande.

Dette vart den noko slunkne starten på reisebloggen vår frå denne turen, men dagen har, som før beskrive, stort sett innehaldt reising. Så får me sjå om det vert meir i dagane som kjem. Me skal i alle fall vere her ei veke framover.


tirsdag 31. januar 2023

Dag 13. Takk for oss.


 Medan dagens siste solstrålar varmar oss på feriens siste heile dag, går eg inn og set meg til datamaskina att.

Slik ser skrivestova ut. I morgon, onsdag 01. februar 2023 klokka 13.10 kjem bussen og hentar oss og bringar oss til flyplassen. Klokka 16.05 kanarisk tid, skal flyet lette med kurs for Flesland, der me skal lande klokka 22.35 norsk tid.

Dette er fyrste gongen me har reist til varmare land på denne tida av året, altså på det aller kaldaste. Forskjellen på norsk og kanarisk ver har nok vore vel så stor i år som dei åra me har reist i mars. Dette var eit forsøk bevisst gjort for å teste ut sommar i januar. Det har ikkje vore heilt vellukka må me tilstå. Me har hatt det fint, like fint som på fine sommardagar heime i Luster, men me kjem neppe til å gjere det omatt. Det har vore timar og dagar med steikande sol, men ikkje mange nok.

Med eit bilete lagt ut 31. mars 2008, det aller fyrste biletet eg fekk til å legge ut på blogg herifrå, avsluttar eg for i år. 

Det går rykter om at det vert planlagt reise til varmare strøk til hausten også. Kanskje det vert reisebrev derifrå også Time vil sjov. 

Kona og eg takkar for oppmøte kvar kveld me har lagt ut rapportane våre. Det har vore mellom 100 og 200 i talet kvar dag.

Så snakkast me kanskje allt torsdag kveld i Luster. Fredag vert det nattradio med Kristen, Asbjørg og Erling og laurdag klokka 19.00 opnar Lustrabui dørane for QUIZ klokka 20.00.

Takk for oss.




søndag 29. januar 2023

Dag 11. Me lengtar litt heim.


Eg veit ikkje om det er heilt lov å sei det, men no er me litt leie og lengtar heim. 
Men eg får ta meg i saman og skrive nokre ord om korleis me har det likevel. Fredag var me på denne restauranten og åt middag. El Rancho heiter den og ligg i kjellaretasjen på hotellet Maritim Playa, rett over gata for Kasbah for dei som i blandt er på desse trakter og treng eit tips.


God mat og hyggjeleg stad å vere.


I går, laurdag, drog me til Puerto Rico. Me tok bussen og der er det enno munnbindpåbod. Men kva gjer vel det når ein kler det så godt. Eg ser ut som ein røynd hjernekirurg og har sjefssjukepleiaren ved mi side.


Som regel er bussane stappande fulle, gjerne med ståplassar på store deler av turen, men på akkurat denne ruta var det god plass.
 

Som regel er det for å treffe kjendtfolk heimanfrå me dreg ut hit, men i år veit me ikkje om nokon kjenningar som er her samstundes med oss. Det kan vere det same også, for det er mykje finare her seinare på året. Når mars månad er kommen kjem me ikkje langt på senteret her i 20 tida om kvelden før ein eller annan kjenning er å sjå (og høyre 😂).


Me desse blomane i Puerto Rico seier me takk for i dag, så kjem det nok ein blogg til men neppe før på vår siste heile dag her nede, som er tysdag.


 

fredag 27. januar 2023

Dag 9. Kanskje den finaste dagen så langt.




Me får starte med maten denne dagen også. I går kveld gjekk turen rett bort i gata til El Rodeo. Mest av allt fordi dei har ordentleg hus å sitja i. Det meste skjer meir eller mindre  utandørs her, men i går kveld var det så kaldt at me ynskte å sitte inne i eit rom med dørar og ordentlege vegger.


Før me hadde bestillt anna enn drikkevarer kom denne vesle skorpa på bordet til oss. Greit å ha noko å gjere på medan ein ventar på kelnaren.

Det vert mykje mat på desse turane. Mykje drikke også for resten. Øl til mest alle måltida er ikkje daglegkost heime og det skal me vere glade for. I dag ville me satse på snitsel og pommes frites. Eit enkelt og ikkje for stort måltid tenkte me så me kosta på oss kvart sitt kvitløksbrød mens me venta på hovudretten.


Så kom hovudretten på bordet. Det var ikkje ein middagstallerken dei kom med, men eit heilt serveringsbrett i storleik. Til og med ein topp med ris hadde dei funne plass til. tankelesar tenkte eg, eg likar ris.


Så til turen min i dag. I dag gjekk eg til San Fernando, den bydelen der lokalbefolkningen bur i. Fyrst måtte eg sjølvsagt oppsøke bilgata der dei fleste bilforhandlarane og bilverkstadane held til.


He får de ei rekke med bileter frå der dei fleste  bur.








Slik vart dagens rapport frå sydenlivet vårt. I morgon utpå dagen tek me oss ein busstur til Puerto Rico om det vert ver til det. Eg har planar om å bada i bassenget her også. Om veret og viljen spelar på lag vert det kanskje i morgon. Skjer det så lovar eg det skal dokumenterast i morgondagens blogg.

Takk for i dag.

PS Vil med dette gratulere minstemann med dagen i dag.


torsdag 26. januar 2023

Dag 8. Om ei veke er me heimkomne.

 


I går kveld vart det kortreist mat. Rett rundt hjørna og på kinarestauranten.

Fire rettars kallars det vel. Kvar vår vårrull som ventemat og så kjem alle dei tre hovudrettane på bordet samstundes.

Her er me midt i måltidet. Eg har visst ikkje teke meg tid til eit lite opphald under fotograferina ein gong. Til venstre ser de restane etter kyllingretten, i midten er det nautakjøt som det står i den islandske oversettinga og til høgre er anda, dandert så fint før me tok fyrste innhogget.

Etter måltidet og betalinga var gjennomførd kom vertinna med den spanske brandyen Veterano for å by på ein dram som takk for besøket.

Etter maten gjekk turen til Kasbah som er vorte ein vane no. Med kvart vårt glas på bordet, godt i ly for vinden, vart me sittande der og beundra både dei flinke og dei mest modige dansarane til det var tid for å finne loppekassa.

Frua likar seg godt langs bassengkanten og dit gjekk vegen også i dag etter kvart. Det har vore ein fin men svært vindfull dag i dag. I natt rydda vinden alle lause blad frå palmene her.  Eg er no inne i den 37. veka til saman her frå me drog hit for fyrste gong  i 2003. I dag har eg gjort noko for aller fyrste gong. Eg har gått tur i gatene her, på blanke formiddagen, iført langbukser og langarma gensar. 

Vinden og ein litt trøblete fordøying gjorde at eg heldt meg mykje heime i dag så difor vert dette allt for i dag. 

Takk for meg.