tirsdag 31. januar 2023

Dag 13. Takk for oss.


 Medan dagens siste solstrålar varmar oss på feriens siste heile dag, går eg inn og set meg til datamaskina att.

Slik ser skrivestova ut. I morgon, onsdag 01. februar 2023 klokka 13.10 kjem bussen og hentar oss og bringar oss til flyplassen. Klokka 16.05 kanarisk tid, skal flyet lette med kurs for Flesland, der me skal lande klokka 22.35 norsk tid.

Dette er fyrste gongen me har reist til varmare land på denne tida av året, altså på det aller kaldaste. Forskjellen på norsk og kanarisk ver har nok vore vel så stor i år som dei åra me har reist i mars. Dette var eit forsøk bevisst gjort for å teste ut sommar i januar. Det har ikkje vore heilt vellukka må me tilstå. Me har hatt det fint, like fint som på fine sommardagar heime i Luster, men me kjem neppe til å gjere det omatt. Det har vore timar og dagar med steikande sol, men ikkje mange nok.

Med eit bilete lagt ut 31. mars 2008, det aller fyrste biletet eg fekk til å legge ut på blogg herifrå, avsluttar eg for i år. 

Det går rykter om at det vert planlagt reise til varmare strøk til hausten også. Kanskje det vert reisebrev derifrå også Time vil sjov. 

Kona og eg takkar for oppmøte kvar kveld me har lagt ut rapportane våre. Det har vore mellom 100 og 200 i talet kvar dag.

Så snakkast me kanskje allt torsdag kveld i Luster. Fredag vert det nattradio med Kristen, Asbjørg og Erling og laurdag klokka 19.00 opnar Lustrabui dørane for QUIZ klokka 20.00.

Takk for oss.




1 kommentar:

  1. Hei gode turistar. Det er nå trivleg å reise vekk litt for det blir så godt å koma heim. Og for oss som har unngått å drukne, blåse vekk eller fryse ihjel her nord har det vore ei lita trøst at det ikkje er heilt paradis i syden heller. Men eg hadde ynskt fleire soltimar til dykk. Vel heim

    SvarSlett