I går kveld vart det kortreist mat. Rett rundt hjørna og på kinarestauranten.
Fire rettars kallars det vel. Kvar vår vårrull som ventemat og så kjem alle dei tre hovudrettane på bordet samstundes.Her er me midt i måltidet. Eg har visst ikkje teke meg tid til eit lite opphald under fotograferina ein gong. Til venstre ser de restane etter kyllingretten, i midten er det nautakjøt som det står i den islandske oversettinga og til høgre er anda, dandert så fint før me tok fyrste innhogget.
Etter måltidet og betalinga var gjennomførd kom vertinna med den spanske brandyen Veterano for å by på ein dram som takk for besøket.

Vinden og ein litt trøblete fordøying gjorde at eg heldt meg mykje heime i dag så difor vert dette allt for i dag.
Takk for meg.
God bedring Finn. Kjekt å sjå at de har det fint! Hels Alice🌺
SvarSlettDet er så kjekt å følge dere i ferien.Hels Alice
SvarSlett