mandag 12. mars 2012

Mandag

Det kjem ut ei svensk/norsk månadsavis med navnet Dag og Natt her på Gran Canaria. I den avisa kjem alltid besøksstatistikk for dei ymse øyane her. 
Statistikken for januar 2012 viser tydeleg to ting. Den viser at nordmenn er eit solhungrig folk og den viser at det er Gran Canaria som er øya vår.
Når det gjeld Kanariøyane samla kjem me å 4 plass. Tyskland og Storbritania er i serklasse på 1. og 2. plass. Deretter kjem Sverige og Norge. Sverige ca 20% framfor oss, men med dobbelt så stor befolkning.
Tyskarane er i fleital på Gran Canaria, Fuerteventura og La Palma medan engelskmennene er folkerikast på Teneriffe og Lanzarote.
Til Fuerteventura reiser nordmenn mest ikkje.  Også til Teneriffe og Lanzarote er me eit stykkje nede på lista. Men til Gran Canaria er det nordmenn det kjem nest mest av blandt alle verdas land. Feriegjest nr 1. er Tyskland med 81500 gjester, deretter kjem Norge med 40300. Så kjem Sverige, Storbritania , Danmark og Finnland.

Det var litt folkeopplysning

Her går dagane på tomgang. Me står opp når me vaknar, et når me er svoltne. drikk når me er tyst og legg oss når me er trøytte. Ellers gjer me mest ikkje det skapte grann.
Damene har for det meste halde seg på terrassen i dag medan eg og KA har vandra gatelangs.
Biletet her viser starten på ruta vår i dag. Frå nedgangen til stranda går det også gangveg vestover. I går gjekk me austover til San Augustin medan i dag gjekk me gangvegen vist på biletet. Den går mellom bebyggelsen og sanddynene ut til Playas finaste hotell. Der startar den gata som me bur ved: Avenida de Gran Canaria Den gata fortsette me turen til nedkøyringa til  Maspalomas. Der vart det ein rast.

Her ser de utsikt frå pauseplassen vår. Der hadde me ein strålande utsikt mot Maspalomas. Ei fin veranda med alle rettar, nyåpna i fjore på denne tid og vel verd eit formiddagsbesøk. Den ligg i toppen av bakken ned til Maspalomas for dei lokalkjende.

På heimveg kom me forbi denne snertne Volvo kabrioleutgåve som me måtte ta eit bilete av. Vær og føre her nede gjer at det naturlegvis er mange taklause bilar å sjå, men få såpass oppsiktsvekkande som denne.

No går turen til naboen og deretter til Trollstova, trur eg.

Takk for i dag.

søndag 11. mars 2012

Dagen derpå

kallar ein vel som regel dagen etter at ein har vore ute og mora seg.  Det var det me nytta siste del av gårdagen til.
Drosje til nabobygda vår, Puerto Rico og fyrst heimebesøk, deretter restaurantbesøk med 12 lustringar rundt bordet og dei beste middagsrettar på fata og avsluttande koseleg samkomme på irsk pub.
Av forståelege grunnar blir det ikkje nokon biletreportasje frå denne lystige kvelden. Det finns deler av vårt privatliv som med fordel kan forbli privat.
I staden vil eg henvende meg til alle dykk som har vore forbi på stranda i Playa del Ingles. Då har de sikkert sett den lysebrune statuen av ein cowboy som står utstillt på den åpne plassen der det er mest vanleg å gå ned på stranda. Denne statuen har eit problem, han er nikotinavhengig og det er ikkje lett å kombinere med livet som statue. Derfor blir det ein røykepause i blandt.
Det var nettopp dit fyrste etappe av vår daglege trimtur gjekk. Ikkje så overraskande det fordi det me kallar vår stamkafe ligg like ved og me går dageleg forbi statuen. Me kallar det kafe i mangel av noko anna dekkande navn. Uterestaurant kanskje. Det er eit litt avansert partytelt med alle rettigheite og ein heilt grei lunch-meny og vel så det. Her er eit nokolunde forklarande bilete av etablesementet. 

Dette er vår 10. tur til denne staden så me har gått alle alternativa til "kvardagstur" svært mange ganger. Me har også fotografert desse vegene mange ganger og me har her på bloggen mange ganger redegjort for desse turane. Alikevel eit bilete av denne strålande fine gangvegen frå stranda i Playa del Ingles og langs stranda ut til San Augustin. Heile vegen i behageleg avstand frå både biltrafikk og anna forstyrrande byliv. Det var denne turen eg og KA gjekk i dag.  

Kva framtida vil bringe veit me ikkje. Me tek ein dag om gangen he på ferieøya. Me har tenkt oss ein tur til Puerto de Mogan men me har enno halvanna veke på oss til det, så dei fyrste dagane blir det sikkert ikkje. 

Været er stadig stråland fint og det er det viktigaste.

fredag 9. mars 2012

Walking in the sunshine.


Ja, det er det me får dagane til å gå med her nede under ekvator. Rusle rundt i sola, synge på ein solskinnsong.

Her ser de utsikt frå inngangen vår med Alice i yndlingsposituren sin.
Eg har vore ein tur rundt i området der lokalbefolkninga bur. San Fernando heiter det der.
Der kom eg forbi eit reisebyrå som dreiv med cruise.
Denne plakaten lokkar med  ein alternativ veg heim som de ser, men kva dei meinar med teksten i bobla under veit eg ikkje. Cruceros sin mareos vert oversettt til cruise utan svimmelheit med min gogleoversetjar.
Dette fann eg inne blandt dei fastbuande sine buplassar så eit bilete frå slik dei bur er vel kanskje også på sin plass:
No er eg som de sikkert forstår heimkommen og har sessa meg på "kontoret"

Datamaskin, mobiltelefon, VG frå i går, kryssord og Nueva! Pepsi Max med extra cafeina, kva meir treng ein. Jo, døra på vidt gap og utsikt til palmer og strålande vær.

Takk for i dag og lukke til til dei 12 som skal til Førde i morgon, blandt anna  for å tala Luster og Sogn si sak på årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti .


torsdag 8. mars 2012

Så er ferien i gang

Etter ei god natt søvn er ferien i gang på ordentleg. I dag har eg og KA teke turen til "stampuben" vår. Eit par nye servitørar og rullegardiner til sjerming mot sand og vind var allt som var nytt der.
Damene har holdt seg heime for solbading på terrasseen. Naboen har litt liten garderobe å velje mellom sidan dei  enno ikkje har meir klede enn dei hadde på seg under flyturen i går. Som eg skreiv i går, er dei forespegla å få kofferten sin i dag, men flyet landa for ein times tid sidan så den er ikkje kommen her enno.
På buplassen vår, Jardin del Sol, som kan omsettast til solhagen er den vesle brustadbua i resepsjonen nedlagd, så no må me ut på gata for å kjøpe ferske rundstykker om morgonane. Lokalet er overteke av massasje, fotterapi og healing. Kanskje ein ide for Eva også å utvida verksemda på Lustrabui til å innbefatta "helbredelse ved bønn".
Ellers kan nemnast at buplassen vår ikkje har heilt ideell plassering i høve sol og skugge så Alice har teke affære og forhandla seg fram til sannsyneleg flytting til smørauge-leiligheit på laurdag.

Været er upåklageleg. Blå himmel og nokre og 20 grader. Litt vind, men ikkje ubehageleg.

Eit bilete til slutt:

Flyturen vår i går gjekk etter ei anna rute enn det me har følgd før om åra. Over Frankrike og Spania før me sneia innom Marokko og for til havs ved ei oljehavn på vestkysten av Afrika. Det er den havna de ser på biletet her. Eg har enno ikkje funne havna på Google Earth så navnet veit eg ikkje. Dette skuldast eit sers tregt og udugande internett. Fins det fleire me interresse for detaljar, så hjelp meg gjerne med navn.

Takk for i dag.

onsdag 7. mars 2012

Vårferien 12. er i gang

Fyrste døgnet av ferien er over. Me starta langt på natt tysdag frå Luster og ankom Flesland onsdag morgon i god tid før innsjekking. Innsjekkinga til Norwegian er foresten ny for oss. No gjer me alle det sjølve og leverar bagasje på ei veklt der det står ein person og sjekkar at allt er i orden og at me held oss under maks bagasjevekt.
Det er vel noko i tida dette at allt er sjølvbtjening, men dette likte eg godt. Ikkje noko er vel verre med ei flyreise enn den endelause køen framfor bagasjeinnleveringa. No var denne køen vekke.
Flyturen gjekk fint. Vi var i allt 8 lustringar på flyet så ilag med alle som er her frå før og dei som kjem til helga blir det ikkje stusseleg for dei som vil oppsøke kjendtsfolk.
KA var uheldig og fekk ikkje bagasjen sin. Den stod att i Bergen og han er lovd å få kofferten sin i morgon ettermiddag.
Etter ein dag med berre reising og eting er det no tid for god natt. Nokon av oss har ikkje hatt blund på auga på eit og eit halvt døger.
God natt.