søndag 11. mars 2012

Dagen derpå

kallar ein vel som regel dagen etter at ein har vore ute og mora seg.  Det var det me nytta siste del av gårdagen til.
Drosje til nabobygda vår, Puerto Rico og fyrst heimebesøk, deretter restaurantbesøk med 12 lustringar rundt bordet og dei beste middagsrettar på fata og avsluttande koseleg samkomme på irsk pub.
Av forståelege grunnar blir det ikkje nokon biletreportasje frå denne lystige kvelden. Det finns deler av vårt privatliv som med fordel kan forbli privat.
I staden vil eg henvende meg til alle dykk som har vore forbi på stranda i Playa del Ingles. Då har de sikkert sett den lysebrune statuen av ein cowboy som står utstillt på den åpne plassen der det er mest vanleg å gå ned på stranda. Denne statuen har eit problem, han er nikotinavhengig og det er ikkje lett å kombinere med livet som statue. Derfor blir det ein røykepause i blandt.
Det var nettopp dit fyrste etappe av vår daglege trimtur gjekk. Ikkje så overraskande det fordi det me kallar vår stamkafe ligg like ved og me går dageleg forbi statuen. Me kallar det kafe i mangel av noko anna dekkande navn. Uterestaurant kanskje. Det er eit litt avansert partytelt med alle rettigheite og ein heilt grei lunch-meny og vel så det. Her er eit nokolunde forklarande bilete av etablesementet. 

Dette er vår 10. tur til denne staden så me har gått alle alternativa til "kvardagstur" svært mange ganger. Me har også fotografert desse vegene mange ganger og me har her på bloggen mange ganger redegjort for desse turane. Alikevel eit bilete av denne strålande fine gangvegen frå stranda i Playa del Ingles og langs stranda ut til San Augustin. Heile vegen i behageleg avstand frå både biltrafikk og anna forstyrrande byliv. Det var denne turen eg og KA gjekk i dag.  

Kva framtida vil bringe veit me ikkje. Me tek ein dag om gangen he på ferieøya. Me har tenkt oss ein tur til Puerto de Mogan men me har enno halvanna veke på oss til det, så dei fyrste dagane blir det sikkert ikkje. 

Været er stadig stråland fint og det er det viktigaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar