onsdag 20. mars 2013

Onsdagsbrevet.


På turens heitaste dag viste gradestokken på stranda 27 grader då me to karane gjekk forbi på vår bortimot daglege tur på kafe.
I dag  var det ingen tvil hos damene om at denne dagen skulle dei tilbringa heime i sola. Og sola seg har dei fått gjort til gangs.
 Medan me to rustne herrar sette oss på bord 23 som vanleg. Det nok noko tilfeldig, men dei siste dagane har me observert at ikkje berre er det vorte stamkafe men me har også fått stambord . Det har vorte bord 23 me har sett oss ved. I dag då me kom der var det berre vårt bord som var ledig. Det ser mest ut til at betjeninga reserverar dette bordet for oss.
Difor skal de få ta del i utskten vestover frå bord 23 på Long Beach.

 Sidan gjekk turen mot San Augustin. Der trefte me på denne lirekassemannen. Ein av dei få spelemennene som har god grunn til å spele omatt same melodien heile dagen.


 Tidlegare har eg nemt landsbyen i sand som er oppbygd langs gangvegen her. I dag var kyrkja riven og byggmeistaren var i gang med å forma nytt bygg på kyrkjebakken.
 Det kan vere at kyrkja hadde rasa saman for han, for heile byggverket var i ferd med å tørka ut. Om de ser nøye på brua ser de at det har vore ei ulukke der og at vegdekket har fått skadar.


Eit nærbilete til frå landsbyen hans. Her i utkanten var det sett opp eit bygg som inneheld både garasje og bustadhus ser det ut for. 
Eg ser sjølv at desse bileta ikkje yter kunstverket full rettferdigheit, men det er alikevel freistande å forsøka å gje dykk alle del i dette praktverket. De skulle ha vore her og sett sjølve.

Her på "hotellet" vårt bur det også kjendtfolk frå Solvorn. No har eg vore på hyggjeleg besøk der.

Kva det blir til i kveld veit eg ikkje enno, men ut for ei matøkt blir det i alle fall. 
Me oppfattar at vinteren enno ikkje på nokon måte har slept taket heime, men me må vere så ærleg å sei at det bryr oss lite. Eller som solvorningen sa det så treffande: Det er godt å sitta her i sommarvarmen å tenkje på kor mykje ved eg sparar.

Takk for i dag.

tirsdag 19. mars 2013

Dag 10, me ser enden.

Det nermar seg enden på vinterferien vår for i år. Me har no fire dagar att i sol og varme før me søndags morgon set oss i drosjen for å starta heimturen.


Det er ikkje så mykje tiltak i oss no. Ein kort tur gjennom sentrum er allt me giddar i varmen. Dette huset har me gått forbi mange gonger. I dag tok eg meg tid til å fotografere det. Etter mitt vet må dette vere sers fint betongarbeide på eit fint hus.
 Vel framme på stranda vart det min tur til å forsøka meg på ein megais i dag. Eg bytta ut ein halviter med eit isglas. Eg kjempa tappert men måtte gje tapt. Ein liten rest måte eg setta att, noko som neppe hadde vore naudsynt om eg hadde valt halvliteren.

 Ein liten historie med bileter. Over ser de klokke, smykke og solbrille-seljarar samla til drøfting om det som ser ut til å vere felles utfordringar.

 Konklusjonen vart at me stikk og gjøymer oss.

 Og her er årsaka. Dei var ikkje før runda neraste nova før desse karane kom ruslande på si faste lov-og-orden-runde.
Heldigvis var eg forlengst ferdig med min klokkehandel. To nye i tillegg til den einaste frå i fjor som stadig held orden på tida.



Det er sjølvsagt også gateseljarar med rein mjøl i posen. Denne teiknaren sit og teiknar portrett med fargestiftar på oppdrag. Han har eit blete av oppdragsgjevaren som han teiknar utifrå.


I går kveld var me på Trollstova og inntok middagen. KA åt svineribbe så det lukta og let jul over heile etablesementet. Sprøaste svora og beste ribba han noko gong hadde smakt var dommen. 

No står kun eit prosjekt att. Ein porsjon ekte paella. Dette er ein typisk spansk rett som liknar litt på risotto, men inneheld oftast både fisk, skalldyr og kjøt, gjerne både av fjørfe og anna fe.
Retten stammar frå Valencia og namnet betyr rett og slett steikepanne.
Det er ein hake ved dette prosjektet. Det er kun eg som er begeistra for å prøva maten og den blir berre servert for to personar. Kanske kjøper eg meg to porsjonar og så får det stå att det ingen et opp.

Eg har fått tilbod om å senda ei helsing heim i form av eit reisebrev på nattsendinga hans Kristen fredag. Dette er no meir eller mindre i boks, men eg let det ligge til oppunder deadline før eg les det inn og sender det. Det kan jo komme til ting som lydarane har rett på å få innsikt i dei neste par dagane. 

Altså Kristen, om du les dette, allt er under kontroll.






mandag 18. mars 2013

Mandagsposten

Med manglande internett i 2 - 3 dagar har det heller ikkje vorte noko brevskriving. No skal det liksom takast att for både laurdag søndag og i dag. Det er i grunn ikkje så vanskeleg for me er ikkje reist heilt hit for å slita oss ut.

Slik ser det ut her. Dette er "komplekset" der me bur. Biletet er teke frå baksida mot innfartsvegen til Playa. Som de ser er det lettskya pent ver og det har det vore for det meste. I det eg skriv dette kjem det forresten frå balkongen at det ikkje er ei sky å sjå.

Sidan sist eg skreiv her har me teke turen rundt i det området der lokalbefolkningen fyrst og fremst bur. 
 Då er det naturleg å prøve å vise korleis dei fastbuande lever her. Drivstoffprisar blir av mange rekna som den viktigaste peikepinnen på om det er leveleg eller ikkje. Her kostar diesel  8,42 og den dyraste bensinen, 98 oktan, 9,36 med den kursen eg fekk i minibanken i går. Sikkert dyrt nok for den som skal betale med det han har i koppen etter danseoppvisning i strandgata, men billig for meg.


 På vår veg rundt i bustadområdet trefte me på eit kjøpesenter med rikeleg med marknadsboder rundt. Eg trur nok det meste av publikummet her også var turistar. Gangfeltet ved inngangen var så hyppig benytta at det sto to politifolk der som hadde den fulle hyre med å lure bilar forbi mellom straumane av ivrige handlarar.
Nedanfor ser de litt av folkemylderet rundt dei uendelege rekkene av boder.

 På heimveg gjekk me igjennom nokon svære fine parkanlegg. Her ser de eit par eksempel på kva slags trær og planter som veks her.
 
På heimveg gjekk me forbi ein bli og motorsykkelpark som vekte Alice sin interesse. Slik farge kunne også ho tenkt seg på sin bil.

Laurdag var me på kinarestaurant. Etter ein staseleg tre rettars middag var gåvene me fekk med oss to drops og eit armband. Dropsa tok eg meg av, medan armbandet håpar me Ada ikke allt er for gammal til må setta pris på når me kjem heim.

I går var me på ein grillrestaurant me har gått forbi dagleg i 11 år utan å vere innom. Mange gonger har det vore snakka om at dit burde me gå ein dag, men altså i går kveld vart det peparbiff av beste sort.

Om helsa og nettet held kjem det nokre ord frå oss i morgon også.
Det rolige livet blir enno roligare no når alle andre lustringar me kjenner til er dregne heim til gamlelandet.


fredag 15. mars 2013

Den sjette dagen.

 I dag måtte eg krype til korset og gå over til te. Det blei ein sers lang kveld på byen i går. 8 menneskjer frå 6 hus i Lustrabygdi, der 5 av dei har samme avkøyrsla mot Bringebakkane, møttest til hyggjeleg samvere til langt uti dei små timar. No er 4 av dei på veg heim til gamlelandet for å ta ansvar. Ei av dei, i blandt kalla "turbo", er allt i gang med å førebu seg til quiz-kveld på Lustrabui onsdag før skjærtorsdag.


Teen vart innteken på stamkafeen vår. Det samme vart megaisen som Alice har drøymt om å kjøpa i mange år. No vart det altså alvor og ho åt modig is til både auga og mage sa stopp. Men botnen i isbegeret det fekk ho aldri sjå.

Eg ligg etter med faktaopplysningar om buforholda våre. Som de ser på biletet over er flyttelasset vårt unnagjort. I går like etter hanegal flytte me inn i vår nye residense med alle mogelgheiter til solbading like i stovedøra.

Som de sikkert har oppfatta, i dag har me ikkje gjort det slag og då er det ikkje det slag å skrive heim om heller.

PS Veret er stadig upåklageleg.

torsdag 14. mars 2013

Dag fem, på det jamne.

 Det var med ei viss ro me drog på Padaban i går kveld. Me kunne ikkje dra heimanfrå før me hadde sett den kvite røyken velta ut or pipa i Vatikanet og vår nytilsette pave Frans var dregen ut or pensjonistane sine lune rekker og sett i arbeide.

 I kvilepausen vår i dag fekk me vitjing av kjendtfolk heimanfrå. Tordis, Øydis, Marianne og Hanne har berre i kveld og i morgon att før dei må vende nasen heimover på laurdag.
Difor vart det avtala at i kveld samlast me alle åtte på Naboen. 


Ellers kan nemnast at denne karen var singel att i dag. I einsam positur stod han på strandpromenaden og stirra utover folkehopen klar for å trekka våpenet raskare enn sin eigen skugge om trongen skulle melda seg.



På heimveg i dag trefte me på denne karen. Ikkje noko vakkert 
syn, men i godt humør stod han der og prøvde på beste vis å få 
forbipasserande til å legga ein skjerv i boksen sin. 


Det har vore stille heimanfrå denne veka, så stille at eg ei stund lurde på om eg ikkje er uunværleg alikevel. Men i dag  har eg fått sjølvkjensla att. Fyrst kom eit tilbod om å møte som varamann i formannskapet torsdag, deretter ringde NRK Sogn og Fjordane og ville intervjua meg om asylborn. Eg takka nei til begge tilboda. Neste torsdag ligg eg stadig under ei palme her i sola sitt rike og norsk asylproblematikk blir litt puslete når ein ser den flommen av lukkejegerar frå Afrika som oppsøker desse øyane.