mandag 18. mars 2013

Mandagsposten

Med manglande internett i 2 - 3 dagar har det heller ikkje vorte noko brevskriving. No skal det liksom takast att for både laurdag søndag og i dag. Det er i grunn ikkje så vanskeleg for me er ikkje reist heilt hit for å slita oss ut.

Slik ser det ut her. Dette er "komplekset" der me bur. Biletet er teke frå baksida mot innfartsvegen til Playa. Som de ser er det lettskya pent ver og det har det vore for det meste. I det eg skriv dette kjem det forresten frå balkongen at det ikkje er ei sky å sjå.

Sidan sist eg skreiv her har me teke turen rundt i det området der lokalbefolkningen fyrst og fremst bur. 
 Då er det naturleg å prøve å vise korleis dei fastbuande lever her. Drivstoffprisar blir av mange rekna som den viktigaste peikepinnen på om det er leveleg eller ikkje. Her kostar diesel  8,42 og den dyraste bensinen, 98 oktan, 9,36 med den kursen eg fekk i minibanken i går. Sikkert dyrt nok for den som skal betale med det han har i koppen etter danseoppvisning i strandgata, men billig for meg.


 På vår veg rundt i bustadområdet trefte me på eit kjøpesenter med rikeleg med marknadsboder rundt. Eg trur nok det meste av publikummet her også var turistar. Gangfeltet ved inngangen var så hyppig benytta at det sto to politifolk der som hadde den fulle hyre med å lure bilar forbi mellom straumane av ivrige handlarar.
Nedanfor ser de litt av folkemylderet rundt dei uendelege rekkene av boder.

 På heimveg gjekk me igjennom nokon svære fine parkanlegg. Her ser de eit par eksempel på kva slags trær og planter som veks her.
 
På heimveg gjekk me forbi ein bli og motorsykkelpark som vekte Alice sin interesse. Slik farge kunne også ho tenkt seg på sin bil.

Laurdag var me på kinarestaurant. Etter ein staseleg tre rettars middag var gåvene me fekk med oss to drops og eit armband. Dropsa tok eg meg av, medan armbandet håpar me Ada ikke allt er for gammal til må setta pris på når me kjem heim.

I går var me på ein grillrestaurant me har gått forbi dagleg i 11 år utan å vere innom. Mange gonger har det vore snakka om at dit burde me gå ein dag, men altså i går kveld vart det peparbiff av beste sort.

Om helsa og nettet held kjem det nokre ord frå oss i morgon også.
Det rolige livet blir enno roligare no når alle andre lustringar me kjenner til er dregne heim til gamlelandet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar