torsdag 14. mars 2013

Dag fem, på det jamne.

 Det var med ei viss ro me drog på Padaban i går kveld. Me kunne ikkje dra heimanfrå før me hadde sett den kvite røyken velta ut or pipa i Vatikanet og vår nytilsette pave Frans var dregen ut or pensjonistane sine lune rekker og sett i arbeide.

 I kvilepausen vår i dag fekk me vitjing av kjendtfolk heimanfrå. Tordis, Øydis, Marianne og Hanne har berre i kveld og i morgon att før dei må vende nasen heimover på laurdag.
Difor vart det avtala at i kveld samlast me alle åtte på Naboen. 


Ellers kan nemnast at denne karen var singel att i dag. I einsam positur stod han på strandpromenaden og stirra utover folkehopen klar for å trekka våpenet raskare enn sin eigen skugge om trongen skulle melda seg.



På heimveg i dag trefte me på denne karen. Ikkje noko vakkert 
syn, men i godt humør stod han der og prøvde på beste vis å få 
forbipasserande til å legga ein skjerv i boksen sin. 


Det har vore stille heimanfrå denne veka, så stille at eg ei stund lurde på om eg ikkje er uunværleg alikevel. Men i dag  har eg fått sjølvkjensla att. Fyrst kom eit tilbod om å møte som varamann i formannskapet torsdag, deretter ringde NRK Sogn og Fjordane og ville intervjua meg om asylborn. Eg takka nei til begge tilboda. Neste torsdag ligg eg stadig under ei palme her i sola sitt rike og norsk asylproblematikk blir litt puslete når ein ser den flommen av lukkejegerar frå Afrika som oppsøker desse øyane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar