tirsdag 19. mars 2013

Dag 10, me ser enden.

Det nermar seg enden på vinterferien vår for i år. Me har no fire dagar att i sol og varme før me søndags morgon set oss i drosjen for å starta heimturen.


Det er ikkje så mykje tiltak i oss no. Ein kort tur gjennom sentrum er allt me giddar i varmen. Dette huset har me gått forbi mange gonger. I dag tok eg meg tid til å fotografere det. Etter mitt vet må dette vere sers fint betongarbeide på eit fint hus.
 Vel framme på stranda vart det min tur til å forsøka meg på ein megais i dag. Eg bytta ut ein halviter med eit isglas. Eg kjempa tappert men måtte gje tapt. Ein liten rest måte eg setta att, noko som neppe hadde vore naudsynt om eg hadde valt halvliteren.

 Ein liten historie med bileter. Over ser de klokke, smykke og solbrille-seljarar samla til drøfting om det som ser ut til å vere felles utfordringar.

 Konklusjonen vart at me stikk og gjøymer oss.

 Og her er årsaka. Dei var ikkje før runda neraste nova før desse karane kom ruslande på si faste lov-og-orden-runde.
Heldigvis var eg forlengst ferdig med min klokkehandel. To nye i tillegg til den einaste frå i fjor som stadig held orden på tida.



Det er sjølvsagt også gateseljarar med rein mjøl i posen. Denne teiknaren sit og teiknar portrett med fargestiftar på oppdrag. Han har eit blete av oppdragsgjevaren som han teiknar utifrå.


I går kveld var me på Trollstova og inntok middagen. KA åt svineribbe så det lukta og let jul over heile etablesementet. Sprøaste svora og beste ribba han noko gong hadde smakt var dommen. 

No står kun eit prosjekt att. Ein porsjon ekte paella. Dette er ein typisk spansk rett som liknar litt på risotto, men inneheld oftast både fisk, skalldyr og kjøt, gjerne både av fjørfe og anna fe.
Retten stammar frå Valencia og namnet betyr rett og slett steikepanne.
Det er ein hake ved dette prosjektet. Det er kun eg som er begeistra for å prøva maten og den blir berre servert for to personar. Kanske kjøper eg meg to porsjonar og så får det stå att det ingen et opp.

Eg har fått tilbod om å senda ei helsing heim i form av eit reisebrev på nattsendinga hans Kristen fredag. Dette er no meir eller mindre i boks, men eg let det ligge til oppunder deadline før eg les det inn og sender det. Det kan jo komme til ting som lydarane har rett på å få innsikt i dei neste par dagane. 

Altså Kristen, om du les dette, allt er under kontroll.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar