onsdag 18. mars 2015

Den femte dagen og delvis overskya.

Denne femte dagen her nede på midten av jordkloden har det vore delvis skya. Lat meg fyrst sei at eg tykkjer det er heilt ok. Det er fyrst når det er fint i skuggen at det er fint vær. Eg har heller ikkje høyrt noko vidare negativt frå solbadarane. Dei stundene med ei sky framfor sola har vore nytta til shopping. Temperaturen er heilt ok. 22 grader viste gradestokken då me drog på føreiddagsturen vår i 11.30 tida.


Slik ser eit av dei før nemde innkjøpa ut. Tre t-sjorter eller kva det heiter når det skal henge på ein kvinnekropp, var dagens fangst, men det er nok berre byrjinga. Me har lenge att av ferien. Me ser ikkje enden enno.


Her kjem litt om turisttrafikken til denne av kanariøyane som heite Gran Canaria. Det er ikkje den største men den mest folkerike. Den var i alle fall det sist eg såg ein slik statistikk.

Turiststraumen kjem fyrst og fremst frå Tyskland og Norden. I januar i år kom 340 000  turistar hit. Av dei var 100 000 tyskarar og omkring like mange frå Sverige og Norge til saman. Altså, av 340 000 turistar kom heile 200 000 frå Noreg, Sverige og Tyskland.
Trafikken frå Skandinavia har gått ned litt i det siste. Reiseselskapa sin andel av trafikken har minka enno meir. No er det enkelt og rimeleg å reise med rutefly hit. Dett er det fyrst og fremst Norwegian å takka. Dei starta opp, men sidan har også SAS hengt seg på og no går det direkteruter frå mange nordiske flyplssar.


Bilar er alltid spennande. Denne er vel ikkje akkurat ein slik ein imponerar naboen med men eg tykkjer den er stilig. Den har elektrisk drift, er utvikla og vert marknadsførd av Renault, men er produsert i Spania. Eit bilet til av denne sjarmøren kjem her.


Det var allt for i dag. No går snart turen til Kasba og Padaban der dei har sers gode Pizza.


Takk for i dag.


tirsdag 17. mars 2015

Dag fire.



Også i dag blei det tidleg opp og ut på tur. I dag gjekk min einslege spasertur opp i fjella. Så svært langt blei det ikkje, men eg fann meg no ein topp å klatre opp på for å få eit bilete av der eg kom frå.


Frå mitt utsynspunkt såg eg ned på noko som likna på bikuber. På biletet under ser de eit forstørra utklypp som etter mitt vet bekreftar dette. Men då kjem spørsmålet til dei som veit meir om slikt enn meg. Er det mogeleg å driva med birøkt her oppi desse brunsvidde åsane. Me ser omtrent ingen insekt her og eg trudd at bier treng blomster for å samle honning.

















Ingen er betre  en islendarane til å nytta sitt eige språk til å namnsetta både eit og hitt. Her ser de namnet på eit reisebyrå. Særleg for ein indresogning er det moro å sjå korleis ymse ting vert skrive. For å finne ut litt meir om dette firmaet Sumarferdir søkt eg dei opp på nettet.Der fekk eg fleire positive aha-opplevingar.
På desse standardknappane som me kjem i kontakt med hadde dei også gode ord og løysingar.Når me fyller ut eit skjema på nett for å finne ting er det som regel ein knapp merka "søk" me skal trykke på til slutt. På islandsk står det "Leita". På ei slik reiseside får du oftast opp fleire reisealternativ du må velje mellom. På norsk står det "Velg" på knappen, på islandsk står det "Velja og halda afram". For oss sogningane er det langt frå uforståeleg når dette ordet "mer" som står under ein tekst om me vil lese meir er bytta ut med "meira"
Det einaste som var noko fjernt frå vår verden var prisane. Ein sydentur av samme kaliber som me er på no kostar ca 350 000 kroner, islandske altså.

I går kveld var me ute med to sambygdingar som hadde sin siste feriedag her nede i sommarsola. Me starta med ein liten skalkafest heime hos dei før me sette kursen for det offentlege rom. Eit retteleg godt måltid på ein italiensk restaurant med etterføljande svadl med noko godt i glasa vart avslutta rundt midnatt.

Når me er inne på sambygdingar. Verda er ikkje stor. Då me kom til Flesland laurdag trefte me på ein jamnaldring, fødd og oppvaksen i heimetraktene som skulle med samme flyet. No er me naboar på Jardin del Sol.


Til alle lastebilsjåførar heime. Løftelem og jekketralle er for pingler. Her gjer me det på gamlemåten.


Ha det så lenge.





















mandag 16. mars 2015

Dag tre og same fine været.

Me gjekk ekstra tidleg til kvile i vårt bol i går kveld. Det forklarar biletet over som er teke i 7.30 tida i dag. Sola hadde nyss klive horisonten då eg tok ein tidleg "trimtur" gatelangs her på Playa del Ingles. Eg skriv trimtur i hermeteikn då korkje farten eller pulsen var høg nok i følje alle dei meir proffe som trampa seg forbi meg iført sine fine trimkostymer.

Slik var temperaturen i går kveld i 20 tida då me tok turen rett rundt hjørna for å innta dagens siste måltid. Som de forstår er været heilt strålande her. Ikkje ei sky på himmelen og tett oppunder 30 grader i skuggen midt på dagen.
Også i dag har dei to herrane i reiseføljet teke ein bytur til fots.


Det fyrste me trefte på var ein trommelbil. Dette var ein variant som i alle fall var  ny for meg. Kanskje ein ide' for Blanderiet-karane heime i Gaupne. Hjulgåande blandemaskin med halvautomatisk sand og sementfylling. Godt eigna til steinlegging  med betongunderlag av gater. For dei lokalkjende: I år er det gata som snor seg i svingar frå Yumbo-sentert til stranda som får ansiktløfting. Dei gåande får meir plass på bekostning av bilane medan heile gata får nytt dekke av betongstein og flisar. Ingen antydning til asfalt.


Når sant skal seiast, det er ikkje ofte eg gjer av mitt tiende til misjonen. I dag fkk denne trauste misjonsdama nokre kroner mot at eg til gjengjeld fekk fotogafere ho. Skal tru om det var slik dei såg ut dei som vitja oss på 50 talet, nyss heimkommen frå misjonsmarka på Madagaskar.


Nokon vil sikkert sei at det vert både nok og for mykje med bilete av ukjende turistar traskande langs ein eller annan gangveg. Me to vandrarane tykkjer ikkje det. Me trivst godt traskande langs strendene på desse fine vegene. Tenk dykk Atlanterhavet dovent skvulpande oppetter stranda på eine sida og palmelunder på den andre. Slik har me det når me spaserar våre føremiddagsturar under ein blå himmel i 25 graders varme og ikkje ein bil å høyra eller sjå nokon stad. Kan me betre ha det?


Sjå nøye på dette biletet. Øverst oppe står det ein kar og friserar toppen på palma. Eg har vel alltid visst at det er slik det vert gjort, men har aldri sett det sjølv. Iført eit slags broddar med ein pigg på innsida av foten og eit reip rundt stammen klatra han til topps på 123. Deretter skal han vekk alle blada som ikkje var nyutsprungne.


1. april er det påske-quiz på Lustrabui. Blandt dei 30 spørsmåla kjem tre frå bilverda. Det vert vist eit bliete og spørsmålet er kva bilmerke er dette. På morgonturen i dag sanka eg saman nokre bileter til det bruket og dette vart til overs. Så kveldens spørsmål er: Kva bil er dette.
Resten av spørsmåla vert servert på Lustrabui onsdag 1. april frå kl 20.00 og utover. Me sjåast der.

Takk for i dag.

søndag 15. mars 2015

Søndag

Så er ferien i gang for alvor. Det er det same kor tid på dagen ein kjem fram til reisemålet, så føler ein ikkje at ferien er fullt i gang før me har vakna ein morgon der.
Me er komne godt inn i rutinane våre. Bagett til frokost, ein liten ein til medisinsk bruk, smørjing av solkrem, sjekking av sosiale media og deretter guttetur på byen. Ikkje overraskande gjekk fyrste turen til stranda.


Som ei melding til dei lokalkjende kan eg fortelje, som eg håpar biletet visar er den åpne plassen framfor hovudnedgangen til stranda monarleg utvida. Her er det rive og rydda i stor stil. Det me har kalla stampuben vår er også forandra på. Mykje mindre men med betre utsikt mot folkelivet.
Ein liten stopp vart det tid til før turen gjekk etter handlegata langs sanddynene for å finne strandmadrass av det gamle gode slaget.


Undervegs der vart det tid til å lene seg nett nedpå for ein forfriskning før me tok trappene fatt opp til promenaden. Her ser de utsynet frå vårt tildelte bord.


På vår veg kom me over tysk moteframsyning (trur me). Her var det godt med folk samla, men sidan me har vakse frå slike interesser for lengst, vart det berre ein liten stopp øverst i trappa for å dokumentere samanstimlinga med eit fotografi.

Som de ser er det ikkje noko å klage på været.

Turen heim gjekk på den fine promenaden langs sanddynene heilt til endes og deretter gatelangs heim til lunch.

På veg heim kom me over ein bank som gav oss ideen om å senda ei helsing heim til vår lokale banksjef. Banksjef Haugen, her får du eit gratistips til nytt banknamn om det skulle verte aktuellt å byte på.
No er me forlengst heimkommen og har avlevert vårt innkjøp av klassisk strandmadrass. Ei åtvaring til våre soltilbedarar og andre tilreisande som les dette. Me har lagt mykje arbeide i denne handelen. Dette er to av dei tre siste av dette slaget som er til salgs her nede. Ta godt vare på dei.

Kva kvelden vil bringe veit eg ikkje enno. Mest truleg vert det ein tur til ein serveringstad for inntak av varmt måltid og deretter relativt tidleg i seng. Me er i vår beste alder og det har me alltid vore, men ikkje så langt utover natta.

Ha det så lenge.

Gran Canaria 2015, reisa ned.

Årets sydentur starta fredag den 13. Ikkje den ideelle dato for dei overtruiske , men for oss blei dette ikkjetema. Turen gjekk til Flesland midt på dagen og me vart innlosjert etter tidlegare avtale med aktuellt airporthotel.

Hotellopphaldet vart av det tradisjonelle slaget. Strak på senga medan gullrekka på NRK1 vart fordøya, der sjølvsagt Nytt på nytt vart eit vekevisst høgdepunkt for meg.

 Eit sokalla airporthotel må ha noko flyrelatert ved seg. I dette tilfellet var det enden av ein gang med to kule bøttestolar og "a great wiew" til flyplassens aktivitetar. Der vart eg sittande til det var nære på at det gjekk ut etterlysing om meg.
 Me dreg på åra heile reiseføljet så me set alle pris på denne mjuke starten der starttidspunktet frå Luster er over 24 timar før flyavgang.Her ser me at me har lagt frå i lufthavna og er på veg å bakka ut i rom sjø.
 Ikkje lenge etter var me i lufta og kunne nyta synet av sørlege Hordaland og nordlege Rogaland bada i sol før ein særs utkvild Norwegiankaptein la over til høgre utover havet og sette kursen for Dei Britiske Øyar.
Etter eit par duppar lent oppetter flyveggen, eit måltid flymat og ein halvferdig kryssord gjekk me inn for landing på det brunsvidde Gran Canaria.

I kveld har me vore på ein eldrekafe kalla Naboen i lag med to andre lustringar som snart skal setta kursen mot gamlelandet. Klientellet sin gjennomsnittsalder kvalifiserar til uttrykket eldrekafe, men stemninga rundt borda, menyen av vått og turt og Living next doot to Alice i heftig allsang leia av innleigd trubadur passa ikkje heilt inn i det tilvante mønsteret. Kanskje det er slik me vil ha det heime når me blir fullt ut kvalifiserte etter heimleg tradisjon.
Kjære helselag rundt om i bygdene heime. Førebu dykk på endring på det meste når den rettelege dessertgenerasjonen blir å rekna som dei eldste.

Søndag startar sydenlivet for alvor. Til då: God natt.