mandag 16. mars 2015

Dag tre og same fine været.

Me gjekk ekstra tidleg til kvile i vårt bol i går kveld. Det forklarar biletet over som er teke i 7.30 tida i dag. Sola hadde nyss klive horisonten då eg tok ein tidleg "trimtur" gatelangs her på Playa del Ingles. Eg skriv trimtur i hermeteikn då korkje farten eller pulsen var høg nok i følje alle dei meir proffe som trampa seg forbi meg iført sine fine trimkostymer.

Slik var temperaturen i går kveld i 20 tida då me tok turen rett rundt hjørna for å innta dagens siste måltid. Som de forstår er været heilt strålande her. Ikkje ei sky på himmelen og tett oppunder 30 grader i skuggen midt på dagen.
Også i dag har dei to herrane i reiseføljet teke ein bytur til fots.


Det fyrste me trefte på var ein trommelbil. Dette var ein variant som i alle fall var  ny for meg. Kanskje ein ide' for Blanderiet-karane heime i Gaupne. Hjulgåande blandemaskin med halvautomatisk sand og sementfylling. Godt eigna til steinlegging  med betongunderlag av gater. For dei lokalkjende: I år er det gata som snor seg i svingar frå Yumbo-sentert til stranda som får ansiktløfting. Dei gåande får meir plass på bekostning av bilane medan heile gata får nytt dekke av betongstein og flisar. Ingen antydning til asfalt.


Når sant skal seiast, det er ikkje ofte eg gjer av mitt tiende til misjonen. I dag fkk denne trauste misjonsdama nokre kroner mot at eg til gjengjeld fekk fotogafere ho. Skal tru om det var slik dei såg ut dei som vitja oss på 50 talet, nyss heimkommen frå misjonsmarka på Madagaskar.


Nokon vil sikkert sei at det vert både nok og for mykje med bilete av ukjende turistar traskande langs ein eller annan gangveg. Me to vandrarane tykkjer ikkje det. Me trivst godt traskande langs strendene på desse fine vegene. Tenk dykk Atlanterhavet dovent skvulpande oppetter stranda på eine sida og palmelunder på den andre. Slik har me det når me spaserar våre føremiddagsturar under ein blå himmel i 25 graders varme og ikkje ein bil å høyra eller sjå nokon stad. Kan me betre ha det?


Sjå nøye på dette biletet. Øverst oppe står det ein kar og friserar toppen på palma. Eg har vel alltid visst at det er slik det vert gjort, men har aldri sett det sjølv. Iført eit slags broddar med ein pigg på innsida av foten og eit reip rundt stammen klatra han til topps på 123. Deretter skal han vekk alle blada som ikkje var nyutsprungne.


1. april er det påske-quiz på Lustrabui. Blandt dei 30 spørsmåla kjem tre frå bilverda. Det vert vist eit bliete og spørsmålet er kva bilmerke er dette. På morgonturen i dag sanka eg saman nokre bileter til det bruket og dette vart til overs. Så kveldens spørsmål er: Kva bil er dette.
Resten av spørsmåla vert servert på Lustrabui onsdag 1. april frå kl 20.00 og utover. Me sjåast der.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar