søndag 15. mars 2015

Gran Canaria 2015, reisa ned.

Årets sydentur starta fredag den 13. Ikkje den ideelle dato for dei overtruiske , men for oss blei dette ikkjetema. Turen gjekk til Flesland midt på dagen og me vart innlosjert etter tidlegare avtale med aktuellt airporthotel.

Hotellopphaldet vart av det tradisjonelle slaget. Strak på senga medan gullrekka på NRK1 vart fordøya, der sjølvsagt Nytt på nytt vart eit vekevisst høgdepunkt for meg.

 Eit sokalla airporthotel må ha noko flyrelatert ved seg. I dette tilfellet var det enden av ein gang med to kule bøttestolar og "a great wiew" til flyplassens aktivitetar. Der vart eg sittande til det var nære på at det gjekk ut etterlysing om meg.
 Me dreg på åra heile reiseføljet så me set alle pris på denne mjuke starten der starttidspunktet frå Luster er over 24 timar før flyavgang.Her ser me at me har lagt frå i lufthavna og er på veg å bakka ut i rom sjø.
 Ikkje lenge etter var me i lufta og kunne nyta synet av sørlege Hordaland og nordlege Rogaland bada i sol før ein særs utkvild Norwegiankaptein la over til høgre utover havet og sette kursen for Dei Britiske Øyar.
Etter eit par duppar lent oppetter flyveggen, eit måltid flymat og ein halvferdig kryssord gjekk me inn for landing på det brunsvidde Gran Canaria.

I kveld har me vore på ein eldrekafe kalla Naboen i lag med to andre lustringar som snart skal setta kursen mot gamlelandet. Klientellet sin gjennomsnittsalder kvalifiserar til uttrykket eldrekafe, men stemninga rundt borda, menyen av vått og turt og Living next doot to Alice i heftig allsang leia av innleigd trubadur passa ikkje heilt inn i det tilvante mønsteret. Kanskje det er slik me vil ha det heime når me blir fullt ut kvalifiserte etter heimleg tradisjon.
Kjære helselag rundt om i bygdene heime. Førebu dykk på endring på det meste når den rettelege dessertgenerasjonen blir å rekna som dei eldste.

Søndag startar sydenlivet for alvor. Til då: God natt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar