mandag 23. mars 2015

Måndag med lyspunkt?


Slik såg det ut i dag kl 6.50 då eg stod opp. Tidleg opp til å ha ferie tykkjer kanskje nokon, men slik blir det år ein skal leve med eit sjukeleg reisefølje som legg seg i ni halv ti tida. Då vert det tidleg i seng med meg og. Men ingen ting er betre enn å komme seg tidleg or senga på ein godværsdag i ferien.


Skjeldan eller aldri har eg sett havet så stille som i dag tidleg. Nærast folketomt som det var i det sola klatra loddrett opp or havet. Her der noko av det eg festa til sd-kortet på kameraet mitt på min strandvandring i dag.











 Like folketomt var det då eg nådde solsengene og serveringstadane rundt hovudnedgangen til stranda.
Ein legg mange reglar og vanar til sides på desse turane. Det å sette seg med ein halvliter som aller fyrste gjest på ein kafe ein måndagsmorgon kl 8.30 hadde nok vore sett på som eit sers dårleg teikn heime, men det var nett det eg gjorde i dag.




Noko positivt kjem det utav regnbyene som vatnar naturen her for tida. Allt blomstrar som på kommando. Sjølv trea som står etter gaten der rota er dekka av betong og asfalt.


Litt bilstoff i dag og. Så snerten kan ein kjedeleg Renault Megane bli berre dei får av taket.


 Her er ein ide til dykk  som stadig misser dette plastskrammelet som skal gjere stålfelgar finare. Strips er tingen.

Me er starta på siste veka så me har slege frå oss alle utflukter. Det var ymse kjentfolk me hadde planar om å møte her nede, men det blir det ikkje noko av. Om alle er heilt friske til me set oss på flyet laurdag er me nøgde. Går det betre enn det så skal all ledig tid nyttast til soling og  bading her på anlegget. Det er opplese og vedteke.

Når det no går mot kveld kan dagen oppsumerast slik. Alle har teke steg i rett retning helsemessig. Været har vore som dei tidlegare dagane. Ein del sol, ein del overskya og nokre få regndråpar.

Takk for oss for i dag.



søndag 22. mars 2015

Sjukdom og budleregn

Søndagen vart nok ein dag der eg er den einaste friske og relativt raske. Det blir lange dagar når 3/4 av gjengen er forvist til innetilvære med døra att og pledd oppunder nasen. 

 Dagen starta med høljeregn. Eg veit ikkje om biletet heilt viser situasjonen, men i ein 10 minuttars tid ausa det ned så vatnet fløymde. Situasjonen med vær og helse har gjort at også eg har haldt meg mykje innomhus i dag. Det har gått mykje i kryssord.

Eit lyspunkt i dag var ein telefon frå kompis Knut. Han er rekonvalesent for tida. Oppegåande, ved godt mot og tek fyrste etappe heimover i morgon kunne han fortelje.

 Uansett vær vart det ein rundtur avslutta med lunch i einsemd ute på fortauskafeen rett utanom døre vår. 4.90 euro for ein stor porsjon spansk omelett og 2 euro for ei lita øl er ikkje noko å sei på.


På min vesle runde før måltidet kom eg også på skuddhald til ein bensinstasjon. Knappe 9,50 for diesel og rundt 1 euro for bensin let seg høyra for oss med norske lommebøker.

 Som biletet over visar er det tegn til betring i vår sjukeseng no i kveld. Ei stund oppreist med oppdatering i siste nyhender på sosiale media gjer alltid godt for kropp og skjel.
Me må vere så ærlege å sei at bilta heimanfrå som viser kvite marker og altanar forverrar heller ikkje humøret vårt her nede under regntunge skyer.

Det var allt for i dag. I går var eg på kinarestaurant og inntok middag kun i eige selskap. Det freistar forsåvidt ikkje til gjentaking  så kva det blir til i kveld veit eg ikkje. Full oppdekning vert det i alle fall ikkje.

Takk for i dag.





 

lørdag 21. mars 2015

Laurdag utan Lustrabui

Så er det meste av laurdagen over. Ein frilaurdag utan ein tur på Lustrabui er sjeldan kost. Dei måtte vere forutan både meg og Knut i dag. Rykte er nådd heilt ned hit at Knut som har vore til byen for reparasjon no er reparert og sett til prøvekøyring så no er me snart på plass att begge  stamgjestene av 52 modell.

Det er berre å sei det som det er. Humøret er berre so som so her nede for tida. Me har både været og helsa mot oss. Helsa er på veg attende mot normalen hos alle. men ikkje heilt i mål. Været er mildt sagt skiftande. I dag har me hatt både sol og regn, vind og stilla.

Eg har nytta dagen til ein relativt lang tur i dag.

Fyrste stopp var marknaden i San Fernando. Her er det marknad kvar laurdag. Då set  dei opp salgsbodene sine på det som resten av veka er parkerinsplassen til kjøpesenteret her. Det er mange hundre boder her. Nokon av dei kjenner me att frå kjøpesentra i Playa del Ingles midt i veka men eg trur dei fleste er lokalbefolkning som nyttar høvet laurdagane til ei ekstra inntekt og kanskje til å selja sine husflidprodukt.

Eg nytta høvet til å kjøpe meg ei 10 euros klokke då den eg hadde frå i fjor rauk på veg til Bergen for ei veke sidan.


 Her er utsynet frå endepunktet El Tablero. Det er ein liten "landsby" oppe på eit høgdedrag der det stort sett berre bur lokalbefolkning. Turen heimatt gjekk også om slike stadar. I staden for å følje hovudvegen snirkla eg meg gjennom eit anna slikt buområde i San Fernando.

 Her er ei typisk slik smågate med låghus. For det meste er det to bustadar i kvart hus.

Her er ein ledig tomt. Dette var i eit kvartal med litt finare hus så det var tydeleg at her bur "fiffen". Hus i to etasjar med garasje greven ned i kjellaren under halve huset var tydelegvis standarden her.

Det er ikkje snakk om uteareal her. Vil du sitta ute får du sitta på taket. Men på den andre sida, takterrasse er vel det finaste som finns.

Her er tredje alternativ buplass for dei lokale. Standard blokker, like som to dropar vatn så det er tydeleg dei tenar inn ein del på teikning og berekning. Dei bygger dei like alle saman. Ei blokk er no ei blokk.

Men ein rundkøyring er ikkje berre ein rundkøyring. Desse er utsmykka som dei staselegaste byggverk. Her er ein av mange eg passerte på heimveg.

No har eg vore ute rundt hjørna og fått meg servert lunch. Då eg er den einaste med heilt vanleg kosthald for tida vart måltidet innteke i einsemd.


Eg er stiv og støl etter dagens langtur så det er mogeleg også eg kjem under kategorien "ikkje heilt frisk" resten av dagen. Nokon store sprell vert det i alle fall ikkje.

Takk for i dag.

PS No skin soli og eg høyrer prat om soling frå "sjukesenga". Det er eit godt teikn.

fredag 20. mars 2015

Halvvegs

Så er fredagen snart til endes og me er halvveges på ferieopphaldet vårt her på Kanariøyane.
Denne dagen har vore ein sers roleg dag. Det er berre eg som reknar meg som heilt frisk. Alle andre føler seg litt under pari av ymse årsaker så i dag har det ikkje vore noko form for utflukter. Soling har det heller ikkje vorte så rart med. I tillegg til helsa har også været sett ein begrensing på det. Overskya og småkaldt med enkelte varme solglytt innimellom.

I går kveld var eg og Alice på Jumbo. Der kjøpte me denne buddhafiguren. Eg reknar ikkje med at  det blir noko alterplassering på denne. Han blir vel ståande som ein flyktning i framant land.

Medan me er inne på shopping. Eg har lova vår sjef-shoppar å legge ut bilete av denne sjorteveggen. Vedkommande vart storleg imponert over måten denne butikken presenterte kolleksjonen sin. Det samme var for så vidt eg.


Det er mange gode handverkarar som sel produkta sine på Yumbo-senteret. Alle seier det er sjølvlaga allt dei sel. Eg er no ikkje så sikker på det alltid, men når det gjeld bileter av den typen her er utstillt så stiligt i mørkna er det ikkje noko tvil. Desse produsentane, eller kunstnarane om du vil, lagar bileta medan me står og ser på. Dei er ufatteleg flinke tykkjer i alle fall eg.


Kveldsmaten vart innteken på dette etablesementet. Fint skal det vera, i alle fall når det gjeld navn og lystavler. Maten var forresten god den. Ikkje akkurat gourmetmat kanskje, to stk. pizza.


Som den einaste heilt friske, eller så frisk som normalt, har eg traska gatelangs aleine i dag. Då er det moro å sjå på bilar ein ikkje ofte ser heime. Dette er ein Pugeot RCZ. 1.6 l motor som i følje internett gjev 271 hestekrefter. På spansk heiter det 271 caballos de potencia. 
Det er for øvrig svært mykje franske bilar her. Både Peugeot, Renault med underbruket Dacia produsert i Romania og Citroen. 
Ein annan litt pussig ting med bilane her på denne øya stappa med utanlandsturistar: Det finns omtrent ingen bilar med utanlandske skilt. Det skuldast sjølsagt at omtrent alle tilreisande kjem hit med fly.

 Eg er vel ikkje nokon nasegrus tilhenjar av amerikanske bilar, men når ein kjem over ein raud blankpolert Corvette av nyare dato må ein bli imponert. Her kan ein gjerne benevne hestekrefter med caballos de potencia.

Siste nytt i kveld. Alice er ferdig med Rune Timberlid si bok og er godt nøgd. Det er så ein i blandt fell inn i historia så ein mest føler ein er inni den sjølv seier ho. Største æra skal nok forfattar Timberlid ha, men det hjelper nok også at mykje av hendingane skjer rundt oss i Luster.

Vår før melde utfart til Puerto Rico i kveld er utsett til etter helga, så no blir det ein roleg kveld med rekonvalesens.






torsdag 19. mars 2015

Dag seks, snart helg.

Ikkje for å dramatisere men enkelte av oss er angripne av ei lettare krimsykje. Om du ikkje veit kva det er så får du leve vidare i di vannkunne men eg kan berolige med at det er særs ufarleg.
Grunna denne sykja er me ikkje så ivrige på dei store utskeiingane. Difor nytta me to høvet til ei vitjing av den lokale kinarestauranten.


Som bileta viser var det ingenting å sei på humøret då maten var på veg til å bli servert oss. Benemninga "varm mat" kan trygt nyttast om Alice sin porsjon kylling. Det er ikkje å undrast at ho vart litt betenkt.


Her ser de heile hovudretten kommen på bordet. Ein går ikkje svolten frå bordet etter ein slik servering.

Tilfeldigvis fekk me lustringar på besøk på nabobordet under måltidet så då gjekk turen i samla flokk til Kasbah for ein "Irish" og ein svingom for den som likar/meistrar slikt.

På heimveg kom me over denne bilen. Ikkje kva som helst til bil, men merket det kan de grunne på til quizen på Lustrabui onsdag i påskeveka. Litt utydeleg men det skuldast eit gatelys som einste lyskjelde.

Det må bli plass til litt info til dykk som er godt kjende her nede også. Det står ikkje så bra til i kjøpesentra  Kasbah, Metro og Plaza.


På Kasbah er den beste serveringstaden på kjøpesenteret, Kasbah Grill og Restaurant Padaban lagt ned. Som biletet syner er det heller ikkje komme noko nytt i staden.

Hos naboen Plaza stod det ikkje betre til. Her var heile den nederste etasjen tømd for aktivitet og alle lokala stod tomme.


 Slik ser det ut på det brannherja Metro som ligg "vegg i vegg" med dei to andre. Her var det brann for meir enn eit år sidan. Nokon har flytta herifrå medan ander handlande held til i sine uskadde lokaler med forfall rundt seg på alle kantar. For eit år sidan var meldinga at heile sentert skulle rivast, men no eit år seinare er ingen ting gjort.

No har me nyss avtala å møte slektningar i Puerto Rico i morgon kveld så det spørs kva tid det vert tid til blogging i morgon. Time vil sjov.

Det får vere nok for i dag.
Ha det.