lørdag 21. mars 2015

Laurdag utan Lustrabui

Så er det meste av laurdagen over. Ein frilaurdag utan ein tur på Lustrabui er sjeldan kost. Dei måtte vere forutan både meg og Knut i dag. Rykte er nådd heilt ned hit at Knut som har vore til byen for reparasjon no er reparert og sett til prøvekøyring så no er me snart på plass att begge  stamgjestene av 52 modell.

Det er berre å sei det som det er. Humøret er berre so som so her nede for tida. Me har både været og helsa mot oss. Helsa er på veg attende mot normalen hos alle. men ikkje heilt i mål. Været er mildt sagt skiftande. I dag har me hatt både sol og regn, vind og stilla.

Eg har nytta dagen til ein relativt lang tur i dag.

Fyrste stopp var marknaden i San Fernando. Her er det marknad kvar laurdag. Då set  dei opp salgsbodene sine på det som resten av veka er parkerinsplassen til kjøpesenteret her. Det er mange hundre boder her. Nokon av dei kjenner me att frå kjøpesentra i Playa del Ingles midt i veka men eg trur dei fleste er lokalbefolkning som nyttar høvet laurdagane til ei ekstra inntekt og kanskje til å selja sine husflidprodukt.

Eg nytta høvet til å kjøpe meg ei 10 euros klokke då den eg hadde frå i fjor rauk på veg til Bergen for ei veke sidan.


 Her er utsynet frå endepunktet El Tablero. Det er ein liten "landsby" oppe på eit høgdedrag der det stort sett berre bur lokalbefolkning. Turen heimatt gjekk også om slike stadar. I staden for å følje hovudvegen snirkla eg meg gjennom eit anna slikt buområde i San Fernando.

 Her er ei typisk slik smågate med låghus. For det meste er det to bustadar i kvart hus.

Her er ein ledig tomt. Dette var i eit kvartal med litt finare hus så det var tydeleg at her bur "fiffen". Hus i to etasjar med garasje greven ned i kjellaren under halve huset var tydelegvis standarden her.

Det er ikkje snakk om uteareal her. Vil du sitta ute får du sitta på taket. Men på den andre sida, takterrasse er vel det finaste som finns.

Her er tredje alternativ buplass for dei lokale. Standard blokker, like som to dropar vatn så det er tydeleg dei tenar inn ein del på teikning og berekning. Dei bygger dei like alle saman. Ei blokk er no ei blokk.

Men ein rundkøyring er ikkje berre ein rundkøyring. Desse er utsmykka som dei staselegaste byggverk. Her er ein av mange eg passerte på heimveg.

No har eg vore ute rundt hjørna og fått meg servert lunch. Då eg er den einaste med heilt vanleg kosthald for tida vart måltidet innteke i einsemd.


Eg er stiv og støl etter dagens langtur så det er mogeleg også eg kjem under kategorien "ikkje heilt frisk" resten av dagen. Nokon store sprell vert det i alle fall ikkje.

Takk for i dag.

PS No skin soli og eg høyrer prat om soling frå "sjukesenga". Det er eit godt teikn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar