fredag 20. mars 2015

Halvvegs

Så er fredagen snart til endes og me er halvveges på ferieopphaldet vårt her på Kanariøyane.
Denne dagen har vore ein sers roleg dag. Det er berre eg som reknar meg som heilt frisk. Alle andre føler seg litt under pari av ymse årsaker så i dag har det ikkje vore noko form for utflukter. Soling har det heller ikkje vorte så rart med. I tillegg til helsa har også været sett ein begrensing på det. Overskya og småkaldt med enkelte varme solglytt innimellom.

I går kveld var eg og Alice på Jumbo. Der kjøpte me denne buddhafiguren. Eg reknar ikkje med at  det blir noko alterplassering på denne. Han blir vel ståande som ein flyktning i framant land.

Medan me er inne på shopping. Eg har lova vår sjef-shoppar å legge ut bilete av denne sjorteveggen. Vedkommande vart storleg imponert over måten denne butikken presenterte kolleksjonen sin. Det samme var for så vidt eg.


Det er mange gode handverkarar som sel produkta sine på Yumbo-senteret. Alle seier det er sjølvlaga allt dei sel. Eg er no ikkje så sikker på det alltid, men når det gjeld bileter av den typen her er utstillt så stiligt i mørkna er det ikkje noko tvil. Desse produsentane, eller kunstnarane om du vil, lagar bileta medan me står og ser på. Dei er ufatteleg flinke tykkjer i alle fall eg.


Kveldsmaten vart innteken på dette etablesementet. Fint skal det vera, i alle fall når det gjeld navn og lystavler. Maten var forresten god den. Ikkje akkurat gourmetmat kanskje, to stk. pizza.


Som den einaste heilt friske, eller så frisk som normalt, har eg traska gatelangs aleine i dag. Då er det moro å sjå på bilar ein ikkje ofte ser heime. Dette er ein Pugeot RCZ. 1.6 l motor som i følje internett gjev 271 hestekrefter. På spansk heiter det 271 caballos de potencia. 
Det er for øvrig svært mykje franske bilar her. Både Peugeot, Renault med underbruket Dacia produsert i Romania og Citroen. 
Ein annan litt pussig ting med bilane her på denne øya stappa med utanlandsturistar: Det finns omtrent ingen bilar med utanlandske skilt. Det skuldast sjølsagt at omtrent alle tilreisande kjem hit med fly.

 Eg er vel ikkje nokon nasegrus tilhenjar av amerikanske bilar, men når ein kjem over ein raud blankpolert Corvette av nyare dato må ein bli imponert. Her kan ein gjerne benevne hestekrefter med caballos de potencia.

Siste nytt i kveld. Alice er ferdig med Rune Timberlid si bok og er godt nøgd. Det er så ein i blandt fell inn i historia så ein mest føler ein er inni den sjølv seier ho. Største æra skal nok forfattar Timberlid ha, men det hjelper nok også at mykje av hendingane skjer rundt oss i Luster.

Vår før melde utfart til Puerto Rico i kveld er utsett til etter helga, så no blir det ein roleg kveld med rekonvalesens.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar