torsdag 19. mars 2015

Dag seks, snart helg.

Ikkje for å dramatisere men enkelte av oss er angripne av ei lettare krimsykje. Om du ikkje veit kva det er så får du leve vidare i di vannkunne men eg kan berolige med at det er særs ufarleg.
Grunna denne sykja er me ikkje så ivrige på dei store utskeiingane. Difor nytta me to høvet til ei vitjing av den lokale kinarestauranten.


Som bileta viser var det ingenting å sei på humøret då maten var på veg til å bli servert oss. Benemninga "varm mat" kan trygt nyttast om Alice sin porsjon kylling. Det er ikkje å undrast at ho vart litt betenkt.


Her ser de heile hovudretten kommen på bordet. Ein går ikkje svolten frå bordet etter ein slik servering.

Tilfeldigvis fekk me lustringar på besøk på nabobordet under måltidet så då gjekk turen i samla flokk til Kasbah for ein "Irish" og ein svingom for den som likar/meistrar slikt.

På heimveg kom me over denne bilen. Ikkje kva som helst til bil, men merket det kan de grunne på til quizen på Lustrabui onsdag i påskeveka. Litt utydeleg men det skuldast eit gatelys som einste lyskjelde.

Det må bli plass til litt info til dykk som er godt kjende her nede også. Det står ikkje så bra til i kjøpesentra  Kasbah, Metro og Plaza.


På Kasbah er den beste serveringstaden på kjøpesenteret, Kasbah Grill og Restaurant Padaban lagt ned. Som biletet syner er det heller ikkje komme noko nytt i staden.

Hos naboen Plaza stod det ikkje betre til. Her var heile den nederste etasjen tømd for aktivitet og alle lokala stod tomme.


 Slik ser det ut på det brannherja Metro som ligg "vegg i vegg" med dei to andre. Her var det brann for meir enn eit år sidan. Nokon har flytta herifrå medan ander handlande held til i sine uskadde lokaler med forfall rundt seg på alle kantar. For eit år sidan var meldinga at heile sentert skulle rivast, men no eit år seinare er ingen ting gjort.

No har me nyss avtala å møte slektningar i Puerto Rico i morgon kveld så det spørs kva tid det vert tid til blogging i morgon. Time vil sjov.

Det får vere nok for i dag.
Ha det.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar