tirsdag 5. mars 2019

Tysdag vart kviledagen

 Det vart kort veg til middag i går kveld. Dette er restauranten China Sol og vindaugene over heilt til høgre, under palmetoppen, er til kjøkenet, loftstrappa og badet vårt. Me må ein omveg for å komme ¨dit, men i luftline er det ner 0 meter.

Dette er det sikkert mange av dykk som har sett. Eit lite glas med "vitamina" med eit usømeleg bilete i botn som berre kan sjåast så lenge glaset er fullt. Dette er "på huset" når oppgjer for serveringa skal skje.

 Ellers er det avgjort at i morgon skal me innta dagens siste måltid oppe på ein fjellgard i Puerto Rico. Utsikten som eg og denne dua hadde for to år sidan vert mykje lik den me får i morgon. Grunnen er sjølvsagt at me er invitert i gjestebod til lustringar som tilbringar sydenferien sin så høgt og fritt i år.
Me gledar oss til ein triveleg kveld i gode venners lag.

 Lengst heimanfrå var eg i dag då eg stakk innom den lokale Lidel-butikken.

 På veg heim kom eg rett oppi ein politiutrykking. Ein stakkars motorsykkelkonstabel hadde vore uheldig å velta sykkelen sin i det han køyrde ut or politigarasjen. Tung var han og bratt var det så han ba om hjelp via politiradio og det resulterte at dei strøymde til med både bil og motorsyklar. Men for seint, for seint. Då dei kom fram hadde eg og konstabelen reist opp att sykkelen og ein noko forsmedelg situasjon var avverga. Då stod det berre att å leita etter eventuelle riper i lakken.

Den på det næraste hyggelege anleggsaktiviteten der ein minigravar på mest mogeleg forsiktig vis har skava av torva og greve grøft i plenjord har i dag teke seg monaleg opp. I dag har dei pigga betong rett utanfor uteplassen vår og det var ikkje triveleg. I tillegg har internett vore ute i mest heile dag så det vert ikkje noko skryt å få frå oss i dag, Jardin del Sol.

Takk for idag (når eg berre får nett til å legge det ut på veven.)

mandag 4. mars 2019

Måndag i syden

I går kveld gjekk turen til El Rancho, ein restaurant me har fått anbefalt hjå einkvan heimanfrå, hugsar ikkje kven, men anbefalinga kan vidarebringast. Den ligg i kjellararen til Hotel Maritim Playa i rundkøyringa ved Kasbah for dei lokalkjende.

Fruen valde grillspyd, men serveringsmåten gjorde ho fyrst litt rådvill. Som de ser tok ho det med godt humør.

 I dag vakna me opp til anleggsarbeide rett utanfor stovedøra. Karane for fint åt. Ikkje noko vidare bråk var det heller så i fine veret var det berre fint å ha noko å sjå på. Eg elskar hardt arbeide. Eg kan sitte å sjå på det i timevis.

 Men etter kvart vart det langtur på meg i dag. Turen gjekk også i dag til San Fernando . Som de ser er veret heilt strålande her i dag. Omtrent ikkje ei sky på himmelen og rundt 30 grader i skuggen.

 Eit av dagens mål var denne staden. Her har det vore eit yrande liv før om åra. Laurdagane var det marknad her med hundrevis av marknadsboder der det vart frambudt både lokale landbruksvarer, husflid og masse juggel. Min tur vart på ein mandag så om laurdagsmarknaden består veit eg ikkje, men området bar ikkje preg av å ha vore brukt og senteret her var tomt. Berre ein einaste kafeteria var att.


Ein hendig graskløppar kom eg også over på min veg i dag. Då tenkte eg på han Aage heime. Kanskje denne skal stå på neste års ynskjeliste?

 Turen i dag var mest dobbelt så lang som planlagt. Delvis på grunn av denne rustikke og tiltrekkande palmelunden som det vart freistande å gå til ende, gjekk eg meg ordentleg fast og til slutt måtte eg gå heile "utmarksturen" attende og ta same turen heim att som der eg kom.

 Men som før skrive, veret var strålande og det var landskapet eg gjekk i også. Vel heimkommen med litt såre føter og ein trøytt rygg angrar eg ikkje på eit steg av turen.

No går snart turen ut til dagens siste måltid. Eg trur eg stemmer for ein kort  tur i kveld.

Takk for i dag.

søndag 3. mars 2019

Søndagsbloggen

 Det er neppe søndagen si skuld men denne dagen har vore den lataste så langt. Biletet over viser det som har vore utsikta mi det meste av dagen. Det er mest som i synene til Jakob Sande då han såg palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran. Men dette er altså utsikta frå terrassen vår når me vender oss mot nord.

Min vesle rusletur har gått til San Fernando i dag. På veg dit passerar eg denne staselege bygningen. Her var det keramikkverkstad der det sat ein kar og trolla fram dei finaste ting om det skulle vere vasar, fat og krus frå dreieskiva eller dørskilt og fliser. Problemet hans var vel at alle potensielle kundar skulle ta fly herifrå og hans produkt var lite eigna for slik frakt. Men huset står der pynta med eigenprodusert keramikk.
 Dette skiletet har eg lurt på nokre dagar der eg har sett det på avstand.I dag kom eg nær nok til å få eit bilete og det viser seg etter googling at dette er norsk øl. Neste tur må eg finne ut meir om dette.

 Men det var altså San Fernando som var målet for dagens tur. Her er eg kommen til beste vestkant der det kostar å bu.

Medan dei aller fleste bur i blokker.

Det var allt for i dag.

lørdag 2. mars 2019

Den tredje dagen tek ende.

Bilete som markerar starten på dagens vesle sydenrapport syner bassengområdet vårt slik det ser ut frå fruens faste plass.
 Den tredje dagen er i ferd med å ta ende og me hugsar stadig kva som hender for det er ikkje mykje. Det var heller ikkje meint som noko opplevingsferie, men fyllt av late dagar i sola.

 I går kveld gjekk turen til Kasbah att, med  middagen servert oss på restauranten Padaban. Deretter flytta me oss ut til eit bord med utsyn til dans til spanske rytmar. Her er det ein-manns-orkester kvar kveld som syng og spelar til dei som vil høyre på eller danse til.

 I dag har me gått tur. Me prøvde oss på gangpromenaden langs sanddynene sjølv om me visste at vinden tek godt der nede. Og vind og sanddrev vart det. Med auger, øyrer og nase full av sand nådde me etter kvart fram til ly for vinden. Som de ser var det fleire som hadde tenkt samme tanken. Sjeldan har me sett det så fullt under presenningtaka på ein føremiddag som i dag.

 Vel framme til målet vårt for dagens tur smaka det godt med eit ekstra stort glas drikke.

Dette er ein populær doning å leige for tida. Den er elektrisk dreven og for 15 euro pr time kan du trille rundt på ein rett så komforabel måte.

Det beste i livet er gratis heiter det. Det gjeld for denne bloggen også så noko angre eller klagerett finns ikkje om du no føler du har kasta vekk 5 minuttar av ditt liv med å lese dette.

Har du fem minuttar til overs i morgon så kjem det vel noko då også.

Takk for i dag.

fredag 1. mars 2019

Sydenferien 2019, dag 2

I går kveld, etter middag på kafe, enda me til slutt ein rask tur innom stampuben til mange nordmenn. Naboen heiter den og i går kveld var det musikk der også.  Der vart  det sung om at "natten har tusen øgon" med stor innleving. Ikkje den heilt store scenen men høgt og fritt stod ho.

 I dag har eg vore på guttetur heilt åleine. Turen gjekk med buss til Arguineguin, nabobygda her og eit av måla for dagen var  sjømannskyrkja. Tanken var også å smake på dei verdskjende vaflene som visst nok vert serverte med samme oppskrift i så mang ei sjømannshavn rundt heile verda. Dette vart ein nedtur for ein av Lustrafjordens sjømenn. Grunna bemanningsmangel og sjukdom var kafeen stengd. Berre to rustne herrar med ei loddbok var å  sjå.

 Men det var ikkje berre sjømannskyrkja som var målet for turen. Arguineguin er ein sjarmerande liten hamneby som har halde på mykje av det opprinnelege frå den tid då dette var ein fiskarlandsby.

 Gater og hus ber preg av at dei har fått levd sitt eige liv utan nokon samla plan om korleis ting heng saman eller passar til einannan. For meg som berre er på besøk og ikkje skal levere varer til butikkar eller finne plass til bilen min er det berre koseleg.


Ein slik by må også ha ei bakside og i bakgården skal ingen framande sjå så der gjer me det på aller enklaste måte.

Sol kan det bli både nok og for mykje av for dei som bur her året rundt så då er det praktisk å strekke presenning over heile gata der siestamåltidet vert innteke. Der tok eg også lunch i dag. Spansk omelett er potetskiver bunde saman med omelett til ei rund kake. Godt og mettande.

Men no er eg heimattkommen til no. 80 på  Jardin del Sol Her trivst me godt.  Me berre ventar livsteikn frå lustringane som kjem hit ned til øya i løpet av kvelden. Så får me sjå om det blir ei lita samkomme i løpet av dei neste dagane.

Takk for i dag.