lørdag 5. mars 2016

Laurdag, halvveges.


Lat meg ta det viktigaste fyrst. Eg har fått meg nytt telefon nr. Det nye nummeret er +34697804865. Eg er frå i dag og ei veke framover Vodafon-kunde. Den dyrt betalte WiFi tilknytinga her me bur er så elendig at i dag gav eg han opp og kjøpte meg 4G frå Vodafon i staden. Det betyr at min telefon for tida har spansk telefonnummer.


"Oss gjer det oss kan best" var det visst ein kar så slåande sa ein gang. Det gjeld oss også. Dagane går med til å gjere ingenting. Me slappar av og spaserar litt rundt i nabolaget den tida me ikkje solar oss eller et og drikk. I går kveld var me atter på Kasbah og beskua seniordansen. For resten, det var ikkje berre seniorar der i går. Enkelte var så gode å dansa at det vart ordentleg god underhaldning å sjå på.



På min veg for lå oppsøke telefonnoperatør kom eg over det som vel kallast kroppsmåling. Imponerande kva dei får til. Mi innebygde blygsle gjorde at fotoet vart berre så passeleg.


Når den einaste aktive handlinga i dag var å kjøpe eit nytt simkort vert det heller ikkje mykje å skrive heim att om. For den som tykkjer at grashopper er alrighte dyr kan eg her vise bilete av ei som landa på servietten vår i går kveld.


Av same grunn takkar eg for i dag med bilete av to små nusselege glas fyllt med "vitamina"

Takk for i dag.

fredag 4. mars 2016

Det Harry feriemålet.

Det "Harry" inngangspartiet til kjøpesenteret Cita kan vere eit passande startbilete i dag. For ei tid sidan hadde ein skribent ved namnet Sanna ein epistel i VG der ho med store bokstavar utpeika Kanariøyane generellt og Arguineguin spesiellt som ein tvers gjennom "Harry" stad å dra til.

Kanskje ho har rett, allt etter definisjonen på "Harry". I mitt hovud er det fyrst og fremst ein stad som så mange likar å dra til at det ikkje er noko å skryta av når ein kjem heim.
Eg er på Playa del Ingles og det er ein tvers gjennom "Harry" stad. Mange har vore her og dei som ikkje har vore her har drege forbi oppe på motorvegen mot dei andre "Harry" stadane lenger vest som dei likar betre.


 
 

 Om reisemålet skal vere eksotisk for ikkje å vere "Harry" så er det så visst "Harry" her. Allt er gjort for at det skal vere heimekoseleg. Det skal vere eit stykkje Noreg med temperatur og sol som den beste julidag heime, heile året.
 Mat kan vere eksotisk om dei ikkje har noko gjenkjenneleg på menyen. Her er allt gjenkjenneleg. Eg har enno ikkje funne ein serveringstad utan meny på norsk.
Som bileta over skal vise er det også rikeleg med serveringstadar som er spesialtilpassa nordmenn. Serveringstadar med navn som Hurtigruta, Spisestua, Sosialkontoret, Trollstua, Naboen, Bakkekroa og Ola Nordmann gjer det vel ikkje spanande eksotisk å trø innom hos desse.


Dette utdraget frå menyen gjev vel ingen angst for kelnarar og framand mattradisjon.

Eg har forståing for at det vert oppfatta som "Harry" for den som stig på feil fly heime i Noreg, som skulle ut i verdi å lære om ukjende stadar og ukjende skikkar. Men det er deira problem, ikkje vårt. Me etterspør godver og soling vinterstid for å korta på ventetida til me får det heime, nokre dagar eller veker midtsommars. Det får me kvar dag her, så lenge me er her.

Det var allt for i dag.


torsdag 3. mars 2016

Torsdag, kviledag.


I går kveld fekk me vitjing av kjendtfolk frå Maspalomas. Etter ein liten forfriskning heime hjå oss gjekk turen til den svenske restauranten Skansen på Yumbo-senteret.  Ein trivelg kveld vart avslutta i folkeleg tid.

I dag har det vore kviledag her nede i syden. Ikkje fordi det har vore seine kveldar, men fordi eg har gått lange turar. Eg kjende det på meg at det var på tide med ein restitusjonsdag. Om du no seier med deg sjølv at no nyttar han framandord han ikkje har greie på, så kan du ikkje ta meire feil. Eg googlar føljande: "Trening handler om å bryte ned for å bygge opp. For at du skal få utbytte av treningen, må kroppen få tid til å hente seg inn – restituere".
Mine føter har fått hente seg inn i dag, blandt anna gjennom sakte spasering med NRK Språkteigen på øyra. 


Eg tok vegen forbi dette hotellet, Bohemia Suites & Spa. I fjor på dette belet stod bygget som eit tomt skal. Allt innvendig var rive ut og er no innreia på nytt.


Eg reknar med at det er restaurant  i utspringet i øverste etasje. Det blir det fint å sitte med eit lite glas Sherry og sjå utover det endelause havet.  Heilt sikkert eit av dei aller trivelegaste og finaste hotella på Playa del Ingles for tida. Grunnen til turen var delvis som ein service heim til dei som eventuellt sit heime og ventar på datoen dei skal flytte inn på dette hotellet.


For eit par månader sidan fekk me tilbod om å velje annan buplass her nede. Grunnen var byggearbeide på nabohotellet. Me takka nei til tilbodet og angrar ikkje på det. Eg tykkjer det er fint med litt aktivitet å sjå på om dagane. Her er utsikt til byggeplassen frå  gata, alternativet er baderomsvindauga.


Mykje av tida i dag har eg nytta i skuggen innerst inne i kroken med ett kryssord og ein urliten ølboks. Eg har alltid meint at det er ikkje ordentleg fint ver før det er fint i skuggen.


Det er ikkje alle i vår familie som er enig med meg i det.

Takk for i dag.

onsdag 2. mars 2016

Tur til San Augustin.


Eg startar dagens blogg med eit bilete frå "hereinkvelden". Me var innom den norske puben Naboen så raskast og der var det dansebandkjendis på podiet. Det måtte sjølvsagt forevigast og her er resultatet.


I dag har me brukt det meste av dagen på ein spasertur til San Augustin. Her er det kjende motivet, stranda på Playa del Ingles der promenaden startar..


Derifrå og heilt til San Augustin går det gangveg langs stranda. På ein dag som denne då sola ikkje heilt ville trenga gjennom disen var det folksomt på promenaden.


På vår veg traff Alice på kjentfolk. Skal lure på om det var ein årdøl. Eg kjende han i alle fall ikkje. 


Me hadde med vår forholdsvis nyinnkjøpte selfistong, eller navlestong som forfattaren Ragnar Hovland namngav ho. Denne tenlege reiskapen som gjer at me kan fotografere oss sjølve heilt utan fotografhjelp. Dette bilete er teke like før endestasjonen som var det mørke, ruskete hotellet til høgre på bilete under.




Der vart det ein pust i bakken og ein liten øl for tørsten på endestasjonen før me gjorde vendereis. Som de ser, navlestonga måtte fram her også.


Grunnen til at desse to damene får vere med i dagens reportasje er at dei kjem på heimesidene til Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Som den ivrige nærradiolydar vil hugse var dei i studio og marknadsførde helselagsarbeide vedkommande demens for ei tid sidan. Denne praten og bilete av dei aktive damene vert altså utlagt på Nasjonalforeiningen sine heimesider.

No ventar me snart besøk. Då trur eg me etter kvart dreg til danserestauranten Skansen på Yumbo-senteret for middag og underhaldning.

Korleis det går får de kanskje veta i morgon.

Takk for i dag.

tirsdag 1. mars 2016

Fyrste vårdagen

Så er me kommen til fyrste vårdagen. Her er ikkje veret strålande i dag, så eg tok ein tur innom webkameraet til energiverket i Gaupne for å komme i godt humør. Temperaturen då eg gjekk ut på føremiddagen var 21 grader, men vinden gjer det litt kjølig og sola har knapt vore framme..

Kvelden i går vart nytta til triveleg selskap med kjenningar frå Luster og Hønefoss. Me starta på Nye Trollstua med middag og noko attåt. Her var det dansemusikk så dei danseglade fekk også prøve seg på det.
Etter oppbruddet derifrå gjekk turen til Naboen der det vart ein pust i bakken med (enda) ein veterano i glaset.

Ei klokke vart det også, kjøpt, hos oppsøkand klokkeseljar.


Denne dagen har eg nytta til ein spasertur mot Fatagadalen. På veg dit kom eg forbi ein Shell-stasjon. Dieselprisen ligg på kr. 7.38. Det er enkelt å rekne valuta i år då ein  euro kostar omtrent nøyaktig ein  tiar.


Ein miniversjon av bondens marknad var det også å sjå på min veg. Ein kar som hadde teke med seg det av avlinga si han fekk inn i bilen sin og køyrt til byen for å selje. Dårleg med kundar her, men då eg kom nedatt var det nerast kø og mest heile utvalet var vekke.


Målet med turen var dette, cementerio som betyr kyrkjegard. Eg har for vane å oppsøke kyrkjegarden der eg fer om det let seg gjere. Her vart det ikkje før den 14. turen hit. Det skuldast at det var fyrst for ein månads tid sidan eg fann ut at denne betongmuren eit godt stykkje opp i fjellet var byens kyrkjegard.


Og slik gjer dei det her. Frå blokk er du kommen, i blokk skal du bli. Desse 4 etasjars betongbura er endestasjonen her.


Etter at gravkammeret er attstøypt vert dei fleste gravplassane tildekka med ei plate, som oftast dekorert og med innskrift mykje lik vår gravstein.

Men ikkje alle nøyer seg med namn, datoar og kvil i fred. Her er det mogeleg å lage verkeleg personlege minnesmerker også.


Nokon få nordmenn har også enda sine dagar på denne kyrkjegarden.


Og det er rikeleg med plass for framtida. Det er vel truleg tilfeldig men likevel eit paradoks at ein slik betongkyrkjegard skal heite cementerio.

Om du tykte dette vart ein noko trist reportasje i dag så hugs at det er dei attlevande sine tankar og idear som visest på kyrkjegarden. Stikk innom ein kyrkjegard du også.

No skal me kvila i fred til i morgon. Då får me hafslobygdingar heim til oss. Det gledar me oss til.

Takk for i dag.