fredag 4. mars 2016

Det Harry feriemålet.

Det "Harry" inngangspartiet til kjøpesenteret Cita kan vere eit passande startbilete i dag. For ei tid sidan hadde ein skribent ved namnet Sanna ein epistel i VG der ho med store bokstavar utpeika Kanariøyane generellt og Arguineguin spesiellt som ein tvers gjennom "Harry" stad å dra til.

Kanskje ho har rett, allt etter definisjonen på "Harry". I mitt hovud er det fyrst og fremst ein stad som så mange likar å dra til at det ikkje er noko å skryta av når ein kjem heim.
Eg er på Playa del Ingles og det er ein tvers gjennom "Harry" stad. Mange har vore her og dei som ikkje har vore her har drege forbi oppe på motorvegen mot dei andre "Harry" stadane lenger vest som dei likar betre.


 
 

 Om reisemålet skal vere eksotisk for ikkje å vere "Harry" så er det så visst "Harry" her. Allt er gjort for at det skal vere heimekoseleg. Det skal vere eit stykkje Noreg med temperatur og sol som den beste julidag heime, heile året.
 Mat kan vere eksotisk om dei ikkje har noko gjenkjenneleg på menyen. Her er allt gjenkjenneleg. Eg har enno ikkje funne ein serveringstad utan meny på norsk.
Som bileta over skal vise er det også rikeleg med serveringstadar som er spesialtilpassa nordmenn. Serveringstadar med navn som Hurtigruta, Spisestua, Sosialkontoret, Trollstua, Naboen, Bakkekroa og Ola Nordmann gjer det vel ikkje spanande eksotisk å trø innom hos desse.


Dette utdraget frå menyen gjev vel ingen angst for kelnarar og framand mattradisjon.

Eg har forståing for at det vert oppfatta som "Harry" for den som stig på feil fly heime i Noreg, som skulle ut i verdi å lære om ukjende stadar og ukjende skikkar. Men det er deira problem, ikkje vårt. Me etterspør godver og soling vinterstid for å korta på ventetida til me får det heime, nokre dagar eller veker midtsommars. Det får me kvar dag her, så lenge me er her.

Det var allt for i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar