lørdag 7. mars 2020

Fyrste reisebloggen 2020

No er me framkomne til Playa del Ingles og tildelt suite på Corona Blanca. Eit navn som er lett å hugse i desse tider, men sidan det er føya til blanca som betyr kvit høyrest det litt mindre skummelt ut tykkjer er i alle fall.

 Og suite er det i alle fall ikkje. Ikkje på nokon måte så fint og koseleg som i brosjyrane men det er ok. Her er me sessa på verandaen vår med kvart vårt glas vitamina.

 Åttande og siste etasje gjev lite innsyn og finfin utsikt, men den ligg slik til at me misser sola tidleg på dagen. Kor tid veit me fyrst i morgon.

 Då er det fint å finne ei noko vaklevorn men trygg spiraltrapp som er berre vår.

 Og oppe der fann me vår eigen rett så store takterrasse der sola skin frå morgon til kveld, To solsenger, bord med to stolar, parasoll om det skulle bli for mykje av det gode og fint nysådd kunstgras over heile hagen vår.

 Og om me reiser oss opp så er utsikten nett like fin her frå niande etasje, også kalla taket.

Det var alt for i dag. Me er fornøgd med husvalet sjølv om me ikkje ser noko grunn til å vise bilete frå innsida. Den gjer nytten den også sjølv om svarte golvflisar i ein trang gang ikkje gjev det beste fyrsteinntrykket. No går snart sola ned frå skyfri himmel og då dreg me ut for å ete middag. Vekkjaruret ringde klokka 5.00 i dag tidleg så etter middagen vert sikkert ikkje kvelden vidare lang for oss.

Fortsetjing fyljer i morgon på omlag same bel.


tirsdag 12. mars 2019

Tysdag og pakkedag

Så er den siste heile dagen i syden mest over. I går kveld kosta me på oss litt meir enn vanleg til middag. Denne trivelege restauranten som har spesialisert seg på litt ekstra kvalitet fekk besøk av oss.

 Det aller meste vert steikt i denne opne grillen inne i restaurantlokalet. Som de ser på kanten av avtrekkshetta har han no fire bestillingar på glørene. Ein av dei er kvar sin indrefilet til oss.

 Slik ser det ut på tallerken. Eg vil påstå at det er få stadar grønsakene er noko å skryte av her, sjølv kor mykje dei har å ta av. Dette var heller ikkje det beste eg har smakt. Litt "ihelkokt" men rikeleg og i utgangspunktet av god kvalitet.


Men biffen var av slik kvalitet det ikkje er kvart år eg får smake. Makalaust god. Potetstrimlene var også nett slik dei skal vere.

Her går det mot slutten på måltidet og eg skal love dykk, det gjekk ned resten også.

I går kveld traff me på Antonio, dukseljaren og trur du ikkje det vart ein duk på  oss også, storleik nitti nitti.

I dag har me ikkje gjort det slag. Denne siste dagen er me leie heile sydenlivet og gledar oss til å komme heim. Me har vore utom hjørna til lunch og for fyrste gong på denne turen vart det dessert. Créme brûlée skrivast det visst på orginalspråket.

Ein liten tur på butikken måtte også til. Ei firkanta flaske plassert nokonlunde midt i biletet vert med heim i tilfelle nabo Steinar vågar seg ein tur forbi ein kveld. No skal det pakkast og denne flaska får heidersplassen, midt i største kofferten, innpakka i klede på alle kantar. 

I morgon  dreg me altså heim, om Norwegian har fly ledig til oss, så dette kan bli det siste de høyrer frå oss på denne måten.

Til alle som har vore innom denne bloggen desse to vekene vil me sei takk for fylgjet. 

mandag 11. mars 2019

Nest siste dagen, til Las Palmas


I går oppdaga me at gode gamle Hurtigruta er gjenoppstått på sin gamle plass. Den ligg i ein byggmasse som vart råka av brann for fleire år sidan. Hurtigruta vart ikkje skada av brannen, men folkestraumen i dette området forsvann og då valde dei å flytte til heilt andre lokaler i ein heilt annan del av byen. Dette viste seg å ikkje vera nokon god ide og altså. no har dei valt å flytte attende til dei gamle lokalene.

Gårkvelden starta med middag på restauranten Guarapo og dette er grilla sverdfisk som Alice valde.

 Medan eg bestillte andebryst. Denne restauranten ligg rett ved utgangsdøra vår og er rekna som ein av dei beste på heile Maspalomas. Likevel vart det ikkje til at me valde denne staden før på turens tredje siste kveld. Det kan ha med det å gjere at det er litt "finare" her men fyrst og fremst skuldast det nok at når me fyrst skal ut blir det liksom litt tuske at turen vert berre 10 steg under open himmel.


I dag gjekk turen med buss til Las Palmas. Navnet betyr palmene og palmer er det mange av og alle stadar. Me hadde ikkje noko mål for turen så me gjekk for det meste å rusla i gatene berre for å oppleva storbyen.

 Men mat måtte me ha her også og her ser de forfattaren sjølv legg innpå med pasta carbonara.

 Som siste stopp på turen vart det kvar sin is under trea i parken like ved sida av busstasjonen.

Eit snapshot av eit Norwegian-fly, nyss slept bakken frå Aeropurto Gran Canaria, i det bussen vår susa motsett veg med oss på veg heim til "hytta", avsluttar skriveria i dag. Eit slikt fly sit me også i om to dagar.

Takk for i dag.

søndag 10. mars 2019

Søndagstur til San Augustin

 I går kveld vart det middag hos Naboen og då meinar eg ikkje engelskmannen som bur ved sida av oss men serveringstaden Naboen. Etter middagen vart det også ein oppfriskar eller to. Fruen valde det biletet visar, som er ein mellomting mellom ein salat, eit fruktbeger og ein drink og heiter mojito. Ho saug i seg det flytande og var vel fornøgd med handelen. Ho let grønnsaker og frukt ligge att.

 Denne lystige gjengen av årdøler hadde også sessa seg på samme etablesementet. Me  stakk forbi på heimveg.


 Via ein liten omveg fekk me også bekrefta at Sosialkontoret stadig er oppe og går og er godt besøkt. Ikkje noko moderne NAV-kontor her nede.

 I dag har eg rusla meg ein tur til San Augustin. På vegen dit passerte eg mange og store hotell. Her prøver eg å formiddla eit inntrykk av kor store desse bumaskinene er.


 Så var eg kommen gjennom sentrum av Playa del Ingles og tok til på promenaden ut til San Augustin som de ser ytterst på odden .

 Det bles litt men ikkje meir enn at det gjorde godt i varmen. Som de ser var det mange andre som hadde valt å legge søndagsturen på same vegen som meg.

Ein måte å tene til livet opphold på er å lage imponerande sandslott og figurar i sand og håpe på milde gåver frå dei forbipasserande. For dette prektige byggverket fekk denne karen ein slant frå meg.

 Her er eg kommen fram til det største kjøpesenteret i San Augustin. Det var roleg her då eg kom dit klokka 12. Etter å ha traska rundt i gangane her viste det seg at det meste av serveringsstadar opna fyrst klokka 13 på søndagar.

Så var det berre å snu og traske i veg heimatt. Som de ser var veret av det aller beste så eg lengta ikkje på noko måte heim sjølv om eg like etter dette biletet vart teke, fekk ein film heimanfrå, frå to som var ute og gjekk på ski med topphua godt dregen ned over øyrene. Vel heime sat fruen på lunch-sjappa og kunne by på ein god stol, omelett med pomfritt og eit stort glas serveza. Det gjorde godt for ein trøytt, svolten og tyrst kropp.

No står kvelden for tur. Om det vert noko å skrive heim om veit me ikkje før i morgon.

Takk for i dag.

lørdag 9. mars 2019

Laurdag og berre tre heile dagar att.

Tysdag 08. mars 2016 var dette eit av bileta på bloggen min. Me hadde vore og ete middag her. No ville tilfeldigheitane det slik at i går, fredag 08. mars 2019, nøyaktig 3 år seinare oppsøkte me samme restauranten med samme ærendet, heilt tilfeldig.

I går stod den spanske tradisjonsretten paella på programmet. Skal ein velje dette må ein vere to med samme ynskjet. Det lagast ikkje mindre enn til to porsjonar. Det kan vere ein av grunnane til at det er ein rett som  skjeldan vert vald. Me var begge sers nøgd med maten så det vert nok oftare bestillt heretter.

 Fotografen min er oppteken av den fine formen det er på trekrunene her nede. Om det er alvor eller sjemt veit eg ikkje, men i blandt har ho fabulert på om dei kanskje har fått dei til å vekse slik utan inngrep frå gartnarsaks. Som dei som kjenner ho veit, er ho oppteken av ryddigheit og orden og kunne godt tenkt seg litt meir orden i naturen også.


Som så ofte enda også kveldsturen i går med kvar sin kaffikopp på Kasbah

 I dag har eg ikkje gjort det slaget som er verdt å skrive om. Mykje av tida har eg site her med ein kryssord å bryne meg på.

.Dette er utsikta når eg rettar ryggen og ser meg ikring. Som de ser, det fine veret held seg. No har me berre tre heile dagar att av årets sydentur. Tida går fort men me kjenner allt på heimlengsla i blandt. Meldingane heimanfrå fortel om vintertilstandar, det saknar eg ikkje, men heima er no heima.

Me skal nok klare å nyte desse tre dagane som er att også.  Takk for i dag.