søndag 22. januar 2023

Dag 4 Søndag og ny langtur.

 Laurdagsmiddagen vart innteken på El Carreton som betyr det samme som dei har på taket. Me har vel ordet på norsk også, karèt som vel er ei luksus hestevogn, men her betyr det visst berre kjerre, eller kjerra nå det er el framfor.

Kanariske poteter og indrefilet med løk ser litt stakkarsleg ut utan grønnsaker, men kjøtet var godt og mette vart me.

Dagens morgontur starta før klokka 9 og gjekk etter kvart på strandpromenaden der eg gjekk forbi denne bubilparkeringa. Ikkje luksuriøst akkurat. Dei hadde funne seg plassar nede i den tørrlagde elva. 

Målet for turen var å gå så langt vegen gjekk til San Augustin og her er beviset, eg var der.

Og her ser me kor eg kom ifrå. Ca 5 km kvar veg vart både nok og for mykje så i morgon trur eg at eg tek det meir i ro. Det vert nok ein tur men då vert det i spaserfart.

Deler av heimturen gjekk eg langs stranda. På deler av strekninga stakk fjellet opp or sanden så det vart mest litt "fjelltur" også der eg måtte lange ut frå stein til stein og med litt svaberg i mellom.

Eg har åtvara før, det er ikkje mykje spanande som skjer i liva våre her, så innhaldet i rapporten må bli noko tunn også.
For deg som heldt ut heilt hit: Takk for i dag.


lørdag 21. januar 2023

Dag 3 og veret vert betre og betre..

 

Dette synet møtte oss i dag tidleg då me entra terrassen. Litt vind har det vore i dag også, men mykje mindre enn dei to fyrste dagane våre her.

I dag hadde eg bestemt meg for å gå langs stranda ut til fyret og området kalla Meloneras. Før klokka 10 var eg kommen på stranda så eg hadde stranda mest for meg sjølv.

Det var rett så fint å gå der i dag. Her er eg allt kommen eit godt stykkje på veg. Det er best å gå heilt nede der sanden er våt. 

Det vart verre då eg nerma meg halvveges. Her var sanden vaska vekk heilt nede ved vatnkanten så me mått gå oppe i den turre sanden. Der er det mykje tyngre og det går mykje seinare å gå der.

Då eg hadde runda neset vart det betre å gå att og her ser eg målet.

Så var det berre siste etappen i laussanden opp til fast grunn under føtene att.

Og her er halve turen gjort. No var det til å kjøpe seg ei vassflaske og starte heimturen gatelangs.

Turen heim gjekk i behageleg spasertempo i godveret. Her svingar eg av ned mot golfbana for dei som er kjende her.

Medan her ser eg enden på eit vis. Bak denne kaktusliknande veksten ser de bakken opp til platået der Playa del Ingles ligg på og då er det ikkje mange minuttar att før eg er heime.

Ein halv bagett, steikte tomater, omelett og ein liten øl vart lunchen min i dag etter turen min i dag som vart på heile 12,3 km.
Kva kvelden vil bringa veit me ikkje enno men det vert vel som for pensjonistar flest: Ete middag, sjå litt på folkelivet og rett i seng.
Takk for i dag.


fredag 20. januar 2023

Ferieblogg dag 2, stadig vindfullt.

 

I går kveld gjekk turen rundt hjørna og til vår lokale kinarestaurant. God mat, godt å drikke og ekstra god service er alltid noko som set oss i ekstra godt humør.

Med kvar sine tre slike honningsøte dessertar innabords gjekk turen vidare mot Kasbah. Vår vesle direkte filmoverføring på Facebook i går kveld fortalde det meste som skjedde der.

Om det er ettervirkningar etter korona eller at det er tidleg på året som gjer det veit ikkje me, men det er ikkje så mykje turistar her som me er vande med frå våre tidlegare turar i mars månad. Denne utsiktsplassen har vore vanskeleg å kapre men i går hadde me heile balkongen for oss sjølve.

Heimturen gjekk ein omveg nedom stranda for å sjå på livet der. Der trur eg ikkje me har vore etter mørkets frambrudd tidlegare. 

No tek eg meg den friheit å skryte litt. Allt klokka 9 i dag drog eg ut på min første gatevandring. Den svarte streken viser ruta. Me held til i ei gate som heiter Avenida de Gran Canaria som går rundt heile hovudsentrumet. 

Mellom endane på gata gjekk eg strandpromenaden. Her er det som regel eit yrande liv, men i dag klokka 9.30 hadde eg vegen mest for meg sjølv.

Playa del Ingles ligg for det meste på ei flate ca 30 meter over havet, men det er ein liten dal ned til stranda. På min tur kryssa eg dalen heilt nederst der ein kan få opp pulsen om ein vil.

På heimveg passerte eg også hotellet Corona Blanca der me sat koronafast for snart 3 år sidan.

Ein kan klage  på veret om ein vil. Det bles mykje og det har vore nokre skyer på himmelen, men inni mellom stikk soli fram og då er solbadaren blandt oss rask og finn sin plass rundt bassenget. I dag var det visst god plass der også. Me trøstar oss med at det er fint januarver. Vel 20 grader er bra om det bles litt i meste laget.
Takk for i dag.

torsdag 19. januar 2023

Fyrste helsing frå Syden 2023

 

Me vakna til ein vindfull dag på Playa del Ingles i dag. Men me klagar ikkje, 23 grader i lufta og behageleg med kortbukse midt i januar er heilt greit å leva med sjølv om det bles litt. Ein held seg i alle fall turr på ryggen.
Den delen av turen  ned i går som Norwegian hadde ansvar for gjekk rett så fint. Start frå Bergen på sekunden etter ruta og medvind heile vegen gjorde at me landa ein halv time før ruta.
Men så vart det langt over ein time å vente på bussen og i det me skulle stige på kom det ei ordentleg "torebye" så samtlege var våte til skinnet på 1-2-3. 

Vel etablert på Jardin del Sol gjekk turen til Yumbo for mat og drikke.

Styrkedropen etter middagen vart Veterano og Aperol

Sidan det ikkje var typisk solbadever, fekk eg følje på min daglege spasertur. Retningen vart sett mot San Augustin på gangvegen langs stranda. Me hadde ikkje gått langt før me fann ut at det var like greit å snu. Som de kanskje ser på biletet, lenger framme såg me støvskya over heile vegen og då snudde me tvert.

Med vinden i ryggen gjekk turen, via ein bikinihandel, rett heim og der sit me no og nyt ettermiddagsola på terrassen vår.

Så får me sjå om to pensjonistar klarar å produsera såpass med opplevingar at det kan verte noko å blogge om frametter. Forresten, det er noko som heiter suppe på ein spikar, kanskje dette kan kallast blogg på ein spikar?
Takk for i dag.



onsdag 18. mars 2020

Oppsummering Playa del Ingles 2020

No er det mørkt i mest alle vindauger på Playa del Ingles. Ein situasjon sikkert ingen har sett sidan denne byen vart bygd på 1960 og 70 talet.

I morgon kl 12.10 lettar me frå Aeropuerto de Gran Canaria i eit av Widerøes nye Embraer E190


Det blir godt å komme heim. Å bu på to små rom som på ingen måte er bygd for å opphalde seg heile døgeret på og lage å ete alle måltid på er ikkje ordentleg ferie. I tillegg dette med at me ikkje har visst noko om heimreise. Me hadde planlagt heimreise laurdag, men når me ikkje høyrer anna enn meldingar frå myndigheiter om nedstenging av flyplassar veit ein ikkje sikkert korleis det kan gå.

Dette er vår 18. tur til Gran Canaria, 17 av dei til Playa del Ingles. Det vil sei at me har opphalde oss i til saman 35 veker veker her. Det er då også med tungt hjarta at me forlet folka her nede som går til mykje vanskelege tider enn me som no dreg heim til rike Noreg.

Takk for oss - Gracias por nosotros

Me kjem snart att.