Med kvar sine tre slike honningsøte dessertar innabords gjekk turen vidare mot Kasbah. Vår vesle direkte filmoverføring på Facebook i går kveld fortalde det meste som skjedde der.
Om det er ettervirkningar etter korona eller at det er tidleg på året som gjer det veit ikkje me, men det er ikkje så mykje turistar her som me er vande med frå våre tidlegare turar i mars månad. Denne utsiktsplassen har vore vanskeleg å kapre men i går hadde me heile balkongen for oss sjølve.
Heimturen gjekk ein omveg nedom stranda for å sjå på livet der. Der trur eg ikkje me har vore etter mørkets frambrudd tidlegare.


Mellom endane på gata gjekk eg strandpromenaden. Her er det som regel eit yrande liv, men i dag klokka 9.30 hadde eg vegen mest for meg sjølv.
Playa del Ingles ligg for det meste på ei flate ca 30 meter over havet, men det er ein liten dal ned til stranda. På min tur kryssa eg dalen heilt nederst der ein kan få opp pulsen om ein vil.
Ein kan klage på veret om ein vil. Det bles mykje og det har vore nokre skyer på himmelen, men inni mellom stikk soli fram og då er solbadaren blandt oss rask og finn sin plass rundt bassenget. I dag var det visst god plass der også. Me trøstar oss med at det er fint januarver. Vel 20 grader er bra om det bles litt i meste laget.
Takk for i dag.
Kjekt å få fylgje dikk på turen. Du blir reine sprekingen. Kva med Alice?
SvarSlettHo har ferie seier ho og då slappar ho av, basta.
SvarSlett