lørdag 21. januar 2023

Dag 3 og veret vert betre og betre..

 

Dette synet møtte oss i dag tidleg då me entra terrassen. Litt vind har det vore i dag også, men mykje mindre enn dei to fyrste dagane våre her.

I dag hadde eg bestemt meg for å gå langs stranda ut til fyret og området kalla Meloneras. Før klokka 10 var eg kommen på stranda så eg hadde stranda mest for meg sjølv.

Det var rett så fint å gå der i dag. Her er eg allt kommen eit godt stykkje på veg. Det er best å gå heilt nede der sanden er våt. 

Det vart verre då eg nerma meg halvveges. Her var sanden vaska vekk heilt nede ved vatnkanten så me mått gå oppe i den turre sanden. Der er det mykje tyngre og det går mykje seinare å gå der.

Då eg hadde runda neset vart det betre å gå att og her ser eg målet.

Så var det berre siste etappen i laussanden opp til fast grunn under føtene att.

Og her er halve turen gjort. No var det til å kjøpe seg ei vassflaske og starte heimturen gatelangs.

Turen heim gjekk i behageleg spasertempo i godveret. Her svingar eg av ned mot golfbana for dei som er kjende her.

Medan her ser eg enden på eit vis. Bak denne kaktusliknande veksten ser de bakken opp til platået der Playa del Ingles ligg på og då er det ikkje mange minuttar att før eg er heime.

Ein halv bagett, steikte tomater, omelett og ein liten øl vart lunchen min i dag etter turen min i dag som vart på heile 12,3 km.
Kva kvelden vil bringa veit me ikkje enno men det vert vel som for pensjonistar flest: Ete middag, sjå litt på folkelivet og rett i seng.
Takk for i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar