onsdag 18. mars 2020

Oppsummering Playa del Ingles 2020

No er det mørkt i mest alle vindauger på Playa del Ingles. Ein situasjon sikkert ingen har sett sidan denne byen vart bygd på 1960 og 70 talet.

I morgon kl 12.10 lettar me frå Aeropuerto de Gran Canaria i eit av Widerøes nye Embraer E190


Det blir godt å komme heim. Å bu på to små rom som på ingen måte er bygd for å opphalde seg heile døgeret på og lage å ete alle måltid på er ikkje ordentleg ferie. I tillegg dette med at me ikkje har visst noko om heimreise. Me hadde planlagt heimreise laurdag, men når me ikkje høyrer anna enn meldingar frå myndigheiter om nedstenging av flyplassar veit ein ikkje sikkert korleis det kan gå.

Dette er vår 18. tur til Gran Canaria, 17 av dei til Playa del Ingles. Det vil sei at me har opphalde oss i til saman 35 veker veker her. Det er då også med tungt hjarta at me forlet folka her nede som går til mykje vanskelege tider enn me som no dreg heim til rike Noreg.

Takk for oss - Gracias por nosotros

Me kjem snart att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar