Me vakna til ein vindfull dag på Playa del Ingles i dag. Men me klagar ikkje, 23 grader i lufta og behageleg med kortbukse midt i januar er heilt greit å leva med sjølv om det bles litt. Ein held seg i alle fall turr på ryggen.
Den delen av turen ned i går som Norwegian hadde ansvar for gjekk rett så fint. Start frå Bergen på sekunden etter ruta og medvind heile vegen gjorde at me landa ein halv time før ruta.
Men så vart det langt over ein time å vente på bussen og i det me skulle stige på kom det ei ordentleg "torebye" så samtlege var våte til skinnet på 1-2-3.
Styrkedropen etter middagen vart Veterano og Aperol
Sidan det ikkje var typisk solbadever, fekk eg følje på min daglege spasertur. Retningen vart sett mot San Augustin på gangvegen langs stranda. Me hadde ikkje gått langt før me fann ut at det var like greit å snu. Som de kanskje ser på biletet, lenger framme såg me støvskya over heile vegen og då snudde me tvert.
Vel etablert på Jardin del Sol gjekk turen til Yumbo for mat og drikke.

Med vinden i ryggen gjekk turen, via ein bikinihandel, rett heim og der sit me no og nyt ettermiddagsola på terrassen vår.
Så får me sjå om to pensjonistar klarar å produsera såpass med opplevingar at det kan verte noko å blogge om frametter. Forresten, det er noko som heiter suppe på ein spikar, kanskje dette kan kallast blogg på ein spikar?
Takk for i dag.
God ferie til dykk begge, kjekt å vera med på dikka på ferie☀️AF.
SvarSlettOg her vart det ein på for mykje, men slik er det når ein ikkje får redigere😂
SvarSlettKjekt å høyra frå dykk! God ferie🌞
SvarSlettDu e no godt i gong venta fleire sjølv om da vert ein firatommar 😂👍
SvarSlettPer r
Det er mange som publiserer artikler utan dei store hendingane. Og når verda er så full av dramatikk er det fint å lese om dei daglegdagse og koselege utfordringar 2 sydenfarar går gjennom. God ferie
SvarSlettMe var på Yumbo i dag. Fann ingen ting Eg har bruk for. Eit godt måltid mat dao.
SvarSlettMay Britt og Leon var der.
SvarSlettMay Britt og Leon var der.
SvarSlett