søndag 22. januar 2023

Dag 4 Søndag og ny langtur.

 Laurdagsmiddagen vart innteken på El Carreton som betyr det samme som dei har på taket. Me har vel ordet på norsk også, karèt som vel er ei luksus hestevogn, men her betyr det visst berre kjerre, eller kjerra nå det er el framfor.

Kanariske poteter og indrefilet med løk ser litt stakkarsleg ut utan grønnsaker, men kjøtet var godt og mette vart me.

Dagens morgontur starta før klokka 9 og gjekk etter kvart på strandpromenaden der eg gjekk forbi denne bubilparkeringa. Ikkje luksuriøst akkurat. Dei hadde funne seg plassar nede i den tørrlagde elva. 

Målet for turen var å gå så langt vegen gjekk til San Augustin og her er beviset, eg var der.

Og her ser me kor eg kom ifrå. Ca 5 km kvar veg vart både nok og for mykje så i morgon trur eg at eg tek det meir i ro. Det vert nok ein tur men då vert det i spaserfart.

Deler av heimturen gjekk eg langs stranda. På deler av strekninga stakk fjellet opp or sanden så det vart mest litt "fjelltur" også der eg måtte lange ut frå stein til stein og med litt svaberg i mellom.

Eg har åtvara før, det er ikkje mykje spanande som skjer i liva våre her, så innhaldet i rapporten må bli noko tunn også.
For deg som heldt ut heilt hit: Takk for i dag.


2 kommentarer:

  1. Om ikkje det skjer så mykje spennende så er det godt med sol og varme.Det får ta dykk ein tur til Purto Rico og gå til den norske plass(palmelunden)Fin tur

    SvarSlett